Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#69964] Tyding av Kirkebok Sande/Sande 1865-1884


Recommended Posts

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Bak faren sitt namn står mora sitt namn. Innførsla om foreldra lyder: 'Ungkarl, Inderst Johan Martinus Andersen Jøsok og Pige Larine Marie Henriksdatter Sætre (ægteviede senerehen)'; parentesen må vere føya til seinare.

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Sande ligg sør for Ålesund. Sætre og Jøsok ligg på Gurskøya. Sætre (nesten) inst i Gursken (vågen som skjer inn frå vest); Jøsok ligg på søraust-sida av øya. Sætre låg i Sande sokn og i dag i Sande kommune. Jøsok ligg i Leikongbygda, som i 1868 høyrde Rovde sokn i Sande prestegjeld, men vart skilt ut som eige sokn frå 1872 og lagt til Herøy prestegjeld; Herøy kommune i dag.

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Johan og Larine står i 'Sandesoga' (1994) b.I s. 384 (Sætre ytre, bnr.2). Dei er g. 1868; 4 born , inkludert Peder Elias. Dei tok over bruket etter Larine si mor (enkje frå 1864) i 1868. Det står at Peder Elias 'g. Nikolina, busett Reine i Lofoten, Nordland'.I 'Herøyboka, Gardar og folk' b.3 s. 562 (Jøsok) står det at Johan og foreldra budde her eit par år før dei flytta til Hånes i Rovde. Foreldra er g. 1841 og Johan fødd same året og ei syster året etter. I 'Soga om Sande og Rovde' (1977) b.3 s. 358 (Hånes bnr.1) finn vi att huslyden med fleire barn. Hånes ligg på Rovdestranda (fastlandet sør for Gurskøya), som frå 1964 høyrer til Vanylven kommune.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.