Gå til innhold
Arkivverket

[#73123] Guri Hansdtr. Inderøy g.m. P. Zidler, Sundli, Orkdal., Krei, Krey, Krej, Kofoed


Gjest Ann Helle
 Del

Recommended Posts

Gjest Ann Helle

Søkjer etter Guri Hansdtr. frå Inderøy som var gift med Peter Sundli. Peter Sundli, eigde garden Sundli i Orkdal frå før 1723 til han selde garden 03.10.1740 Kjelde: Orkdalsboka III 1. bandet av A. Skrondal s. 110.I debatt nr. 72791, søkjer ein å finna forfedrene til Karen Elsebe Jonasdtr. Krei. Ein reknar med at ho ættar frå Inderøy. Då ho trulova seg med Gunder Richard Kofoed, budde ho på Sundli.[url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=38&filnamn=vi16381715tr&gardpostnr=64&merk=64#ovre>Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Endre Holten

Karen Elsebe Henriksdotter Krej, f. 1700, var dotter av Henrik Just Krej, f. ca. 1661 på Sundfær, Inderøya, og pige Gjertru Arentsdatter. (Leiermålssak 20.juni 1700)Henrik Krej var sønn av Hans Henrikson og Karen Falkvorsdotter. Henrik var gardbruker, seinere premierløytnant i Noedmørske Compagnie, assignert til garden Utigard på Øyamoen i Surnadal 1701-1706. Han flytta til Bekken i Tingvoll, og i 1722 søkte han om bevilling som gjestgiver, og opplyser da at han i 16 år har vært gift med Anna Rasmusdatter, f. ca. 1657,en datter af forrige borger til Trondheim, Rasmus de Fine og kone Maren Bendiksdatter. Rasmus var bror av biskopen Arnoldus de Fine. Anna Rasmusdotter var enke etter Ole Knudsen Møchelgier. (frå Surnadal) Karen Elsebe vart gift med Gunder Rikard Andersen Kofoed og budde i Vågosen i AURE. mvh. Endre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Hei Endre og på vegne av Ann takkar eg også for svaret!Svaret ditt viser vel til fulle kor vanskeleg det er å kvitta seg med feil når dei først er akseptert innan slektsforskninga. Du er kanskje den fjerde eller femte som i ein annan debatt (om Gunder Kofoed) hevdar det same.For det første er det vist i den andre debatten at Karen Elsebe var ei Jonasdotter og for det andre var det ingen av den næraste etterslekta til Karen som vart kalla Henrik. For det tredje var Karen Elsebe født kring 1694, noko som umuleggjer at ho kunne vera identisk med det bornet som Henrik Krei hadde med Gjertrud Arntsdotter kring 1700.Kven var så Karen Elsebe dotter til?. Så langt veit vi det ikkje, men vi veit at ho nytta slektsnamnet Krei og at faren heitte Jonas. Slektsnamnet Krei kan like godt koma frå morssida som frå farssida. Slik er det meir sannsynleg at ho var dotter til ein av systrene til Henrik og ein, så langt ukjend Jonas.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ann Helle

Hei!Takkar for fine svar.Minner om spørsmålet; Guri Hansdtr. frå Inderøy, kjenner nokon til foreldra hennar, eller om ho har etterkomarar?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Davidsen

Endre, Innlegg (2). Dette var nye detaljer. Som du kan se fra Tema 72791, innlegg 167/8/9 så er Hans Henriksen Krey og Karen Folqvordsatter mine aner og alt om dem og deres slekt er av interesse. Er den 'Leiermålssak 20 juni 1700' du henviser til tilgjengelig på internettet? Har du kanskje noe om Hans og Karen også før de flyttet til Inderøy ca 1680?Ann, Hvis, som du spekulerer på, Guri Hansdatter og Karen Elsebe Jonasdatter var i slekt er det jo mulig at de var søskenbarn, døtre av Hans Henriksen Krey og Johan/Jonas Henriksen Krey respektively, dvs Henrik Hansen Krey's sønner. Men som du vet er det ikke noe som peker på det i Inderøyboka og jeg vet ikke hvor vi kan finne bevis på det.Hadde Guri og Peter barn som ble døpt hvor en kanskje kan finne fadder namn?God jakt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Per Nermo

(Endre/2:) Du skriver at ''Rasmus var bror av biskopen Arnoldus de Fine''. Jeg har Rasmus registrert som FETTER av biskop i Trondheim, Arnold(us) Hanssøn de Fine (1614-1672), sønn av Hans Arnoldsen de Fine (1579-1627) (sogneprest i Hälsingborg), hvis bror Hieronymus (prest i Danmark) etter mine notater er far til borger i Trondheim, Rasmus Hieronymussen de Fine (c1620-c1693).Noen som kan kommentere dette ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Endre Holten

Svein Davidsen. Leiermålssak av 20. juni 1700 er å finne i justisprotokoll for Nordmøre, og er ikke på internett så vidt jeg vet. Mine notater er gjort for snart 20 år siden, men på grunn av oversvømmelse av mitt 'kontor'for et års tid siden,og etter at andre har omplassert mine 'mapper' så de først nå er kommet tilbak, har jeg dessverre ikke funnet originalene ennå. De er sikkert 'uendret'! Endre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.