Gå til innhold
Arkivverket

[#74061] Losnaættlinger på Tenål i Vik i Sogn?


Gjest Jonas Hove
 Del

Recommended Posts

  • 1 år senere...
Gjest Svein Tislevoll

Hei Finn Oldervik,Har artikkelen fra 'Pridlao' jeg også og synes det ser bra ut, hva synes du som er mer fagmann på dette området, er du enig i det som står der, noe du er uenig i ?V.h. Svein

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Fagmann kan eg vel neppe kalla meg og sidan det er gått over eit år sidan dette temaet var aktuelt, så har eg gløymd mesteparten.Når eg let vera å kommentera vidare her, så var det helst fordi Balvolls artikkel inneheld for mange udokumenterte påstandar utan at dei vart nærare drøfta.Eg er elles samd i at Olav Aslaksson var av Aspaætt, men er meir tvilrådig kva gjeld Balvolls teori om ei tilknyting til Bratt. Det kan også verka riktig at Ingebrigt Pedersson Tenål var gift med ei dotter til Olav og at Samson Ingebrigtsson på Finden er Ingebrigt sin son. Samson var med og skreiv under for adelen ved kongehyllinga i 1591. Seglet han er presentert på s. 221 i den nye seglutgåva frå NST som nettopp kom ut.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Tislevoll

Takk for svar Finn,Det med at Olav var av Aspaætt er interessant og at du har tru på at Ingebrigt Pedersson Tenål var gift m. dotter til Olav Aslaksson, det høyres også bra sikkert ut at Anna Samsonsdotter var dotter til Samson Ingebrigtsson på Finden også, men har vore tidligare nemnd at ho kan ha vore dotter til ein Samson på Tjugum. I artikkelen ser eg at det manglar dokumentasjon på at Kjell Kvamme (gift med Anna Samsonsdotter) fekk eige i Finden og Bruavoll då han vart gift med henne. Men dette står også i Bygdabok for Vik I Sogn III frå 1957 (utan at det er noko primærkilde). Men er vel å lita på kanskje. Nå kan eg ta sjanse på å skriva slektslinja litt lengre bakover trur eg til Aspa folka. Kva meiner du om at Olav Aslakson kan ha vore gift med ei dame av Kruckow ætta, er det truverdig ?V.h. Svein

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Når det gjeld Olavs samband med Aspa-ætta, så har eg ikkje noko sikkert svar på korleis dette heng saman, men er mest tufta på opplysningar om eit samband mellom Olav og (Lasse)Kruckow og garden Fit. Løysinga til Balvoll synest eg ikkje verkar særleg overbevisande.Kor vidt Olav var inngift i Kruckowætta eller om han var i nær slekt på annan måte har eg ikkje nokon bestemt meining om. No kan det også synest som om Aspa-ættlingane, i mange tilfelle, hadde ein tendens til å finna seg ein ikkje alt for fjern slektning å gifta seg med.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Tislevoll

Takk, har teke kopi av siden her og kjem til å ta med vurderingane når eg skriv eller ser på denne slekta meir litt seinare. Er første gongen eg kjem borti denne greina her, så er litt interessant.V.h. Svein

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.