Gå til innhold
Arkivverket

[#74823] Johan Kåsa - Kven var han?


Gjest Åse Emilie Øy
 Del

Recommended Posts

Gjest Åse Emilie Øy

I innlegg 259 står det ei som heiter Birgit Olsdtr. frå Skafså. Eg kan ikkje finne andre som heiter Birgit og er døypt i Skafså i 1868. Ho heiter også Birgit Olsdtr.Det er ei til som heiter Birgit og er døypt i 1868, ho er frå Mo, og heiter Birgit Larsdtr.Birgit og Olav som vi søkjer gifter seg vel etter at protokollen her er slutt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Berit Knudsen

Må han absolutt være født i Telemark. Det var jo f.eks. veldig stor utflytting mellom Vestfold og Telemark. Lenke Jeg har ikke funnet han gift - død eller utflyttet fra Hedrum 1911 - 1914.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Nå er Gudbrandsdalen stor, og eg klarer ikkje å finne Johan her, men eg har funne noko artig.LenkeHer er det fleire jenter som heiter Imbjør.Vår Johan snakka alltid om Imbør, til namnet Ingeborg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Berit Knudsen

Det er alt for mange innlegg til å gå gjennom dem alle sammen for å se hvor langt dere har kommet. Har du funnet en Johan f.27/5 1881?Jeg la inn en lenke i (277) til en Johan med riktig fødselsdato, men fikk ingen respons. Johan Martin Johansen ble født på riktig dato i Hvarnes Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Det var nesten utruleg at du har funne ein som er fødd 27. mai 1881. Og slik eg forstår deg - så er det same personen i innlegg 277 og 280.Nå er det slik at vår Johan kom hit til Åmli i 1909, og han er med på Folketelling her i 1910. Sjå innlegg 151.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunnar Sigdestad

Det må vere heilt opplagt at Johan Kaasa, heile livet heilt bevisst har skjult identiteten sin, anten med vitande vilje, eller at han rett og slett ikkje har heilt visst kven han var eller kor han var fødd. Det kan vere mange grunnar til det. Han kan vere eit uekte barn, som har blitt flytta rundt, og kanskje voks opp hjå forskjellige fosterforeldre. Kva han sjølv har fortalt, treng ikkje vere rett på nokon måte. Det er heller ikkje sikkert at det rette namnet hans er Johan, og då er vi like langt. At han hadde sysken, og namnet på dei, kan jo vere oppdikta. Så vidt eg har fått med meg, er han med i 1910-folketeljinga, og det er synberrt at opplysningane her ikkje er rette. Han er naturlegvis nemnd i 1891 og 1900 òg, men her veit vi ikkje namnet han gav seg ut for, og heller ikkje kva kommune og fylke han er registrert i. At han skulle ha greidd å 'lure seg unna' 2 folketeljingar, kan vi sjå bort frå. At han snakka ein særeigen telemarksdialekt, borgar ikkje for at han er fødd der i det heile. Og at han var på jernbanearbeid, treng ikkje å bety at han er registrert hjå NSB. Han var vel rimelegvis tilsett av ein underentreprenør. Det einaste vi veit med vissa er at han døydde i 1971 under namnet Johan Kaasa. Vidare leiting er som nåla i høystakken når ein ikkje veit sikkert korkje det rette døypenamnet hans eller fødselsdatoen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunnar Sigdestad

Ad lenka i (280)Denne Johan'en er oppført i 1910 som Johan Johansen, ugift vedhugger i Hedrum, og er såleis ikkje Johan Kaasa.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Til GunnarJa, heilt klart, Johan kan ha endra på identiteten sin. Det har han i tilfelle gjort før han kom til Treungen, nokre år før 1909, då han kom til Åmli.Difor er det interessant om vi kan finne han registrert før denne tid, og korleis han då er registrert. Dette er grunnen til at eg er komen i kontakt med nokon som kanskje kan hjelpe med gamle skattelister for Skotfoss, der Johan fortalde at han hadde vore skysskar ei tid. Vi ville då sjå korleis han var registrert her.Det som nå er på gang, er om Johan Olsen Rønning, f. 1881, kan vise seg å vere vår Johan.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Hei BeritForstår at du er veldig interessert i denne saka.Den gongen som ligg lengst tilbake i tid, der vår Johan er funnen registrert, er på Folketelling 1910. Då er han her hos oss.Johan har sjølv sagt at han er frå Skafså, og at han er fødd der. Difor har vi tatt utgangspunkt i at dette er rett. Vi har ikkje klart å finne han på Folketelling 1900. Når ein kjende Johan, så var ikkje dette noko rart. Han gjorde ikkje noko vesen av seg, og kan lett ha blitt gløymt bort.For Skafså (Mo i Telemark) så er det Folketelling 1891, og Johan er heller ikkje å finne her. Her skulle han ha vore registrert som barn. Mitt forslag har kanskje her vore at han er vaksen opp utanfor teljingsområdet, og først har flytta til Skafså etter 1891.I innlegg 257, har Asbjørn Værnes på Folketelling 1900 funne ein som heiter Johan Olsen Rønning, f. 1881. Denne Johan er her jernbanearbeidar i Aurland. Han bur saman med familien Wigsal, som alle er frå Mo i Telemark. Sonen heiter også Karl Johan. Det at dei bur saman og også at det er to med namnet Johan her, gjer at det kan sjå ut som dei er i familie.Vi er nå interessert i denne Johan Olsen Rønning, om han kan vere same personen som vår Johan Olavson Kåsa.Johan Olsen Rønning er fødd i Gudbrandsdalen. Han er ikkje med på Folketelling 1910. Han kan vere død eller reist til Amerika i tidsrommet 1900 - 1910. Men det fascinerer oss, at han kan vere vår Johan.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunnar Sigdestad

Ein annan ting som er interessant er at Johan Kaasa er registrert som fødd i 1884 på begge stader i FT 1910. Kan hende dette er rettast? Med tanke på eventuell militærteneste, er det forskjel på ein 26-åring og ein 29-åring.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Ja, han er registrert fødd 27.05.1884 på Folketelling 1910.På den identiteten Johan har hatt her, er han likevel fødd 27.05.1881. Dette sa han sjølv, og det står på dei registreringane som er om han her. Det står på gravstøtta og det står på arkivet i Kristiansand. Det offentlege nytta i det heile dette, det er berre på Folketelling 1910 at det står noko anna.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunnar Sigdestad

Dersom det er rett at han hadde 3 brør og ei syster, er det vel litt rart at ingen av dei hadde kontakt med han, eller at deira born igjen ikkje hadde kontakt på nokon måte. Elles er det diverre vanleg at når nokon døyr, så 'samlast ramnane', dvs. fjerne slektningar, og skal ha det vedkomande let etter seg. Og dødsfall blei jo kunngjort, då som no, i avisene. Nemnde han ikkje kor foreldra og syskena budde, og kven dei eventuelt var gifte med?Og ein annan ting, dersom han ikkje nokon gong fekk seg pass eller identitetskort, var det ingen som kravde han for dåpsattest, og då kunne han jo sjølv 'bestemme' både kva han heitte og kor tid han var fødd. Eg veit ikkje kriteria for å få personnummer då dei kom rundt 1970, men dei kom vel automatisk, utan å måtte legge fram legitimasjon, så sant ein var registrert som fastbuande i ein kommune. Så min påstand er, at han sjølv har bestemt at han heiter Johan Kaasa, og er fødd 27. mai 1881, og at i ettertid vart dette fylgt, utan at nokon stilte spørsmålsteikn ved det! Eg tykkjer at det er rart at i FT 1910 står 1884 som fødselsår på begge stader. På opphaldsstaden var det jo han sjølv som opplyste om dette, på den andre staden, der han var fråverande, var det jo andre som gav opplysninga, og at desse 2 stemmer overeins.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Ja, det kan vere slik. Då Johan kom til Treungen litt før 1909 sa han kven han var, og vart trudd på det. Han har i alle tilfelle hatt denne identiteten sidan den tid.Det er difor det er interessant om vi kan finne han registrert før han kom til Treungen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Vår JohanHer har eg funne ein som kan vere vår Johan. Han kan ha endra identitet, og er her fødd 4. juli 1877 og heiter Johannes. Han er frå Rauland.Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Det er ikkje vår Johan likevel. Denne Johans som er fødd 4. juli 1877, er her likevel med på Folketelling 1910.LenkeDet er noko med Folketelling 1910, som gjer at den er vanskeleg å søkje på.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Når ein ser nærare på innlegget over, som gjeld Folketelling 1910, Johans Vik, så står det 'antatt oppholdssted Laardal'. Kan det likevel vere vår Johan, at dei heime har registrert han, men ikkje har visst kvar han har blitt av?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Øyfjell i Rauland, 1887 - 1937, s. 55, nr. 3.Her er Johannes Olavsen, f. 04.07.1877 konfirmert i oktober 1891. Han på lina over er den eldre broren.Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Asbjørn Værnes

Åse Emilie: Du må bruke 'permanent sidelenke' når du lenker til kirkebøkene. Ellers virker linken bare 30 minutter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Hei Gro BeritDialekten har eg studert temmeleg nøye, og det stemmer. Alt stemmer her. Legg merke til søskena, Halvor, Birgit og Olav. Dette var ei historie han fortalde berre til meg. Han gløymde seg bort og røpa seg. Eg visste at Johan ikkje ville seie noko om familien sin, så eg tok godt vare på opplysningane.Og det stemmer at han heitte Olavson. Både når han snakka om søskena sine og då han sa at han heitte Olavson, så sa han det på ein slik måte at eg tenkte at han var veldig glad i familien sin.Og det var mykje ved Johan som gjorde at han ikkje var nokon arbeidar. Det kan stemme akkurat at han var ein fjellbonde. Og eg har sagt mange gonger, at det skulle ikkje undre meg det minste, om han var son til den rikaste bonden der var oppi Tellemarken.Han hadde ei heilt utruleg god oppseding, og sjølv då han var 70-80 år gammal, så hadde han fysisk form som ein idrettsmann. Han må i alle fall ha fått god og næringsrik mat då han vaks opp.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.