Gå til innhold
Arkivverket

[#74823] Johan Kåsa - Kven var han?


Gjest Åse Emilie Øy
 Del

Recommended Posts

Gjest Åse Emilie Øy

Til Gro BeritOg så var det søster hans, Birgit, som var raudhåra. Men det er vel ikkje lett å finne ut nå!Eg meiner også at han la til: 'Og så så ildande raudt!!!'

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Asbjørn Værnes

Øverst på siden er det en liten nedtrekksmeny ved siden av der det står 'Bildeinformasjon'. I denne velger du 'Øverst' i stedet for 'Ingen'. Da dukker det opp tre nye linjer rett over knappemenyen. Klipp ut og lim inn lenken som står etter 'Permanent sidelenke' i stedet for den som står i adressefeltet i nettleseren.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gro Berit Sternang

Eg ville sei 'så eldande rødt', trur kanskje dei seie 'raudt' litt lenger vest.Trur jammen eg må sende Arne T. ein mail ikveld.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gro Berit Sternang

Frå Lårdalsoga:Olav Gunnulvsson og Bergit Gunnulvsdtr. Stuvetrå.1. Gunnulv, f. 21.3.-1876 på Hombrekk, ugift. Utv.2. Johans, 4.7.-1877 på Hombrekk, ugift.3. Halvor, 28.7.-1879 på Hombrekk, ugift.4. Ingebjørg, 21.5.-1881 på Hombrekk, ugift.5. Åse, 21.6.-1885 på Hombrekk, ugift.6. Sigrid, 14.10.-1887, g. m. Jon Eivindsson Volhovd.7. Bergit, 11.12-1889, g. m. Nils Øystul, Rauland, 1880.8. Olav, 3.1-1893, ugift. B: Bø, død 19Det står ikkje noko meir om Johans.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

KonfirmasjonKlokkerbok, Øyfjell i Rauland, 1887 - 1937, s. 55, nr. 3.Her er Johannes Olavsen, f. 04.07.1877, konfirmert i oktober 1891. Han som står over er den eldre broren.Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Til AsbjørnTakk for hjelpa. Får håpe det er bra nå. Det var visst berre kyrkjebøkene det var snakk om, men eg tok like godt Folketelling 1900 og Folketelling 1910 også, for det er lett å slå opp når dei står etter kvarandre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Til Gro BeritHan sa nok 'Også så eldande raudt!!'. Han sa eld (ikkje ild), men han sa sjølvsagt raudt, det gjer vi her ennå. Hadde lagt merke til det om han hadde sagt rødt. Men eg klarer ikkje å hugse alt i farten her. Eg tenkte ikkje på språket, men at det var ein ekstra kommentar han hadde.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Då hadde eg ein kommentar, som skulle ha vore med før. Det var når det gjeld Folketelling 1891.Når vi tok utgangspunkt i at vår Johan var fødd i Skafså, så skulle han ha vore med her. Men den har vi granska nøye, og det var heilt uråd å finne han her.Det har difor vore ein tanke at han kanskje har vakse opp utanfor teljingsområdet, og at han seinare har flytta til Kåsa i Skafså og tatt namnet derifrå. På den måten ville han tilsløre den tida som var før han kom til Skafså, slik at han slapp unna å snakke om det.Rauland er ein av dei stadene i området her som ikkje er med på Folketelling 1891. Så det stemmer godt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Folketelling 1910Ved å gå inn på Hjelp, Forkortelser og spesieltegn, så står detf = fraværende b = bosatt på stedetDet vil seie at Johans ikkje var til stades her då teljinga vart gjort.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjetil Sigvart Eidskard

*** ÅSE - Ditt siste innlegg med merknad om f = fraverande - bevare meg vel då er det kjempegod grunn å fortsette på dette sporet.Håper det finns ein Arne Aabø der oppe også - likeeins gard og ættesoge ?*** mvh kse ***

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Hei KjetilPå Folketelling 1910 står det ikkje berre f for fråverande, det står også 'Antatt oppholdssted Laardal'. Det ser ut som om dei som har gitt opplysningane ikkje veit kvar det har blitt av Johans.Dersom du ser på innlegg 305, så har Gro Berit limt inn det som står i bygdeboka. Det står berre at Johans er ugift, ikkje noko meir.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Asbjørn Værnes

Kanskje noe interessant fra pantebøkene? Pkt 8 på høyre side.8. Kjøpekontrakt, dat 17. Juni 1909, tingl. 6. Febr 1911, hvorved Johans Olsen Vik 'har solgt' sin Mølle og Sagbruk i Driverbakken til Halvor Gunnufsen Eilefskjøn for 50 Kr. Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunnar Sigdestad

Kan ein seie at 'tampen brenn'?Dersom dette er rette Johan'en, hadde det då ikkje vore ein ide og teke kontakt med etterkomarane etter dei 2 systrene hans, Sigrid og Birgit, som ein ser i (305) som er gifte og kanskje har born?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunnar Sigdestad

Kan ein seie at 'tampen brenn'?Dersom dette er rette Johan'en, hadde det då ikkje vore ein ide og teke kontakt med etterkomarane etter dei 2 systrene hans, Sigrid og Birgit, som ein ser i (305) som er gifte og kanskje har born?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Ja, då kan det kanskje vere at Johans ikkje er vår person. Syntest det var veldig seint.13. juni 1914 frå Olaf Gunnulfsen til Johans er kanskje frå far til Johans?28.02.1938 frå Johans til Halvor Sandvik, dette er kanskje broren Halvor?Og i 1919 ser det ut som veldig stor pantobligasjon.Dette her er vanskeleg. Men er Johans ein annan enn vår Johan, så skulle det kunne dokumenterast.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

I 1919 var det 2 pantobligasjonar til overrettssakførar (?) Mygland, ein på kr 15.000 og ein på kr 16.000. Dette her er kjemestore summar. Ei dagløn på den tida var kanskje 1-3 kr og heile eigedomen var verdt kanskje 5.000. Dette berre anslagsvise beløp, men her kan det vere ei bombe, om det er Johan eller Johans si.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Asbjørn Værnes

Det er også mulig disse store summene kan forklares med inflasjon etter 1. verdenskrig. Hvis du ser på konsumprisindeksen fra 1865-2010 på http://www.ssb.no/kpi/tab-01.html så er denne i 1914 på 2.6, i 1919 er den 6.7 (i 1933 er den nede på 3.8). Da kan det være at de 5000 nevnt i 1914 er om lag det samme beløp som de 16000 i 1919, altså ikke indikasjon på noe mislighold eller galopperende gjeld.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Det beste hadde vore om vi kunne finne ut korleis det gjekk med Johans, og kvar han blei av. Vi møter nok kanskje eit problem om han er blitt like gammal som vår Johan, men fann vi han registrert framover etter krigen, så måtte vi kunne avskrive han.Det er likevel rart at ikkje bygdebokforfattaren har funne ut av han.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Når vi har jobba så mykje med vår Johan her, så har det kome fram at han er heilt ukjent i heile Telemark. Det ville vere påfallande om Johans også var det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.