Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#75702] Anna Endresd. Rudi, fødd i Vang, Valdres 1801, utvandra Amerika enkje før 1850?


Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Anna Endresdotter Rudi, fødd på Rudi i Vang, Valdres og døypt der 9.8.1801, foreldre gardbrukar Endre Halvorson på Rudi og kona Anna Iversdotter frå Kattevoll, skal ha vore gift minst ein gong i Noreg, men utvandra til Amerika før 1850, for 20.10.1850 gifte ho seg att i Dane Co., WI med Anders Hansson Grov frå Hafslo i Sogn (1793-1860).Er det nokon med lokal kunnskap i Vang som kan fortelja meg følgjande:* Kven var Anna Endresdotter gift med i Noreg, og kvar budde dei?* Kva år utvandra Anna Endresdotter til Amerika?Den endelege lagnaden hennar i Amerika, d.v.s. kvar det vart av ho etter at mannen Anders døydde i Winneshiek Co., IA i 1860, er òg eit òpe spørsmål, men det lyt eg vel grava etter der borte...Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten og Ann-Mary for flotte innlegg. Det var ganske so uventa å finna Anna gift i Bergen. Eg kan elles ikkje sjå at Østen Thomasson døydde i Bergen, so truleg utvandra dei to i lag til Amerika, men dei er ikkje registrerte i nokre av dei kjende passasjerlistene. Eg trur likevel eg vil leggja ut eit nytt tema for å høyra om nokon har peiling på ætti hans...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.