Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#77057] Jekteskipper i Bergen, Niels Hansen Øpstad - frå Fusa eller Danmark


Recommended Posts

Gjest Egil Russøy

Niels Hansen Øpstad/Øbstad.Han er omtalt som jekteskipper og -eigar, los og gaardbrukarson. I 1804 var han skipper på jekta 'Forsøg' i Bergen, og i 1806 var han også i Bergen, og då som skipper på jekta 'Forbedret'. Sannsynlegvis var han eigar av ei av desse eller begge to. Kanskje var han skipper/eigar på fleire jekter.Eg reknar med at det kan være snakk om garden Øpstad på Fusa (tidl. i Os prestegjeld), men finn han ikkje der i 1801, men han er truleg då flytta til Bergen.Eg finn ein som kan høve i 1815 [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=50&filnamn=berg1815&gardpostnr=1057&merk=1057#ovre>Lenke Han er då mellom 32 og 47 år.Kanskje er det han som giftar seg i 1806 LenkePå same adresse som i FT 1815 finn eg denne skipperen død i 1837 63 år gamal Lenke Fødestad er då oppgitt som Fanø ved Jylland. (kan han være dansk?) og enka i 1865

Gjest Dag Solberg

Hei. I Soga for Fusa, Hålandsdal og Strandvik er det på Øpstad nevnt en Nils f. 1777 som var sønn av Hans Andersen fra Vindenes. De bodde på br. 1 på Øpstad. Om sønnen Nils står det at han var postkar 1804 - var sjømann og førde jakt i 1804 - at han var gift og bodde i Stavanger. Det er alt som står om han i ætteboka. Det kan være en mulig kanidat. Med vennlig hilsen Dag Solberg

Gjest Egil Russøy

Tusen takk Dag.Det er nok ein god kandidat. jekta 'Forsøg' skal ha blitt kjøpt i Stavanger i 1804, og då kan det jo passe bra at han som skipper blei med båten til Bergen.Eg har no også funne han i Undersøkelseskommisjonen 1804-1805 i Bergen. Fødselsåret stemmer ikkje heilt, men han skal være frå Os Prestegjeld, så då er det nok rett mann . LenkeDersom det er rett at han var gift når han budde i Stavanger, så må det være feil Niels Hansen eg har funne gift/FT 1815/død i innlegg 1. Og då kan jo denne godt være frå Danmark.Kor er det då blitt av 'min' Niels Hanssen og kven var han gift med?mvh Egil

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.