Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#77646] Ordforklaring: Kvitila kva er det?


Recommended Posts

Gjest Mariann Stokken

Tusen takk, det var noko sånt eg trudde, ja :-)Det er ei dame som eg tidligare har hjelpt med slekta hennar, ho held på og overset ei bok forfatta av ein utvandrar. det er skrive på eit ganske 'gammalt' språk. Så det visar seg at eg og har problem sjølv om det er norsk :-))

Gjest Finn Oldervik

Hans (7)Kor dyktig Alf Torp var i engelsk tør eg ikkje ha noko formeining om, men reint generelt trur han han var ein dyktig språkmann. Den etymologiske ordboka hans kom ut i 1919, så så ordet whittle kan nok tidlegare også ha hatt den engelske tydinga som Torp hevdar.

Gjest Harald Søren Storaker

Torp hadde nok rett. Ord kan ha mange betydninger. Google gav dette svaret: Whittle (a) A grayish, coarse double blanket worn by countrywomen, in the west of England, over the shoulders, like a cloak or shawl. --C. Kingsley. (b) Same as Whittle shawl, below. [1913 Webster]Whittle shawl, a kind of fine woolen shawl, originally and especially a white one. [1913 Webster]

Gjest Elin H. Skibenes

Tenkjer alltid på Jacob Sande sitt dikt om vesle Daniel når eg høyrer/ser ordet kvetel. :-)' Mjukt og varleg stryk ho dyffelstrøya som skal pryde Daniel i land, og eit dobbelt kvitlepar for køya legg ho ned med kjærleg moderhand.'

Gjest Ivar S. Ertesvåg

(14): det ser ut til at svaret er nei.ifl 'Oxford English Dictionary' (den store) kjem 'quilt' frå Anglo-normannisk (skrive m.a. coilte, keulte, quilte, qwilte) og eldre fransk (coilte, cuilte), med opphav i klassisk latin. Liknande ord i portugisisk, oksitansk, katalansk, spansk m.m.Norsk kvitil svarar til 'Whittel' (framleis i OED):'Forms: hwitel, whitel, wytel, wytele, whittel, whittle. [OE. hwítel, corresp. to ON. hvítill white bed-cover (Norw. kvitel blanket); f. hwít WHITE a. -EL1, -LE.'

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.