Gå til innhold
Arkivverket

[#78050] Ole Jensson (1781-1875) - frå Åsen, Hafslo til Runningen, Lom - bygdebokoppslag?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Ole Jensson {Aasen}, døypt i Hafslo 5.8.1781, flytte kring 1815 til Lom der han 8.11.1815 gifte seg med enkja Rønnaug Olsdotter, opphavleg frå Slålien i Lom, døypt i Lom 29.3.1778. Ho gifte seg første gongen i Lom 12.7.1798 med Ole Iverson frå Runningen i Lom, døypt i Lom 13.12.1761. Ole Iverson og Rønnaug var gardbrukarar på Runningen i Lom der Ole d. 30.3.1814. Dette bruket tok Ole Jensson over då han i 1815 gifte seg med Rønnaug, og dei dreiv bruket fram til 1837. Som kårmann flytte Ole Jensson i 1839 til Bjørnør i Sør-Trøndelag i lag med dotteri Mari. Sidan kom han attende til Lom, for i 1848 flytte han nok ein gong til Bjørnør, då i lag med kona Rønnaug.¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar Rønnaug?? - ikkje funni avlidi i Bjørnør! - kanskje avlidi i Lom likevel?)I 1865 var Ole Jensson attende på Runningen i Lom som enkjemann, og der d. han 26.3.1875. Rønnaug fekk i alt ti born; av dei var desse fire frå andre ekteskapet med Ole Jensson:a. Mari Olsdotter, f. i Lom 20.12.1815, d. i Lom 20.12.1815.b. Ole Olson, f. i Lom 25.11.1816, d. på Maurøygarden i Lom 14.4.1868. Han gifte seg i Lom 20.3.1843 med Marit Sølfestsdotter frå Bakken nedre i Skjåk. Ho var f. i Skjåk 14.3.1817 og d. som enkje i Eklestugu i Lom 10.9.1885.¤¤¤¤¤ (yrket og bustad? – var dei plassfolk på Maurøygarden under Runningen?)Dei fekk seks born i lag.c. Mari Olsdotter, f. i Lom 4.12.1818, flytte med far sin til Bjørnør i 1839 og d. som kårenkje på Bessaker i Bjørnør 2.7.1886. Mari gifte seg i Bjørnør 27.7.1841 med Nils Ingebrigtson frå Bessaker i Bjørnør, f. i Bjørnør 9.4.1815. Han d. som kårmann på Bessaker 24.10.1880. Nils og Mari tok over som gardbrukarar etter foreldri hans på Bessaker i Roan, Bjørnør og fekk ein son i lag.d. Jens Olson, f. i Lom 14.1.1824, d. som husmann i Aukrustbakkane 3.10.1853. Han gifte seg i Lom 13.6.1849 med Rønnaug Gudbrandsdotter frå Aukrustbakkane under Aukrust. Ho var f. i Lom 23.8.1820 og d. som enkje og legdelem på Åmillom i Lom 28.3.1894. Jens og Rønnaug tok visstnok over som plassfolk i Aukrustbakkane under Aukrust etter mor hennar¤¤¤¤¤ (stemmer dette?)og fekk to born i lag.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Eg reknar med at dei nye bygdebøkene for Lom vil gje svar på dei par spørsmåli som eg sit med om denne huslyden og vonar at einkvan kan hjelpa meg med eit oppslag?Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aud Sandbu

Eg finn denne familien nemnt i band 4 av bygdebøkene for Lom, under garden Runningi 122/12, side 415-419, og under Maurøygarden side 452. Der står det at Maurøygarden var ein umatrikulert plass under 122/12. Ole Iversen Runningi (1761-1814) selde bruket til brørne Hans og Torgeir som truleg brukte kvar sin del fram til Torgeir selde sin part til Storøygard i 1823 og brukaren i Skamsdalen kjøpte den andre litt seinare.Lagnaden til Rønnaug er ikkje meir greidd ut i bygdaboka enn det du sjølv kjenner til. Det står at 'Ola kom truleg attende til bygda i 1850-åra, for i 1859 fekk han avtale om bruk av Maurøygarden på livstid'. Eg reknar med at dersom Rønnaug da var i live, så hadde vel avtalen omfatta henne òg? Kanskje Rønnaug fall frå undervegs attende til Lom?Eg finn sonen Ole Olsen f. 1816 og kona Marit Sølfestdotter under Slettom 62/4, band 3, side 535, der det står at dei fyrst var heimfesta til Bakken, deretter Runningshaugen før dei kom til Slettom på byrjinga av 1850-talet. Før 1865 hadde dei altså flytt attende til heimgarden Runningi. Seks born.Når det gjeld dottera Mari Olsdotter f. 1818, seier bygdeboka at ho truleg vart gift med Aleksander Jakobsen f. ca. 1812 i Buksnes, og at dei var husmannsfolk på plassen Bergsøya i Buksnes i 1865.Om Jens Olsen f. 1824 er det rett at han kom til midtre Aukrustbakken gjennom giftarmålet i 1849 med Rønnaug Gudbrandsdotter som var født der. Bygdeboka, band 3, side 558, midtre Aukrustbakken, umatrikulert plass under Aukrust Nørdre 61/2, fortel at Jens Olsen i tillegg til dei to borna med Rønnaug, også hadde u/e med Ingrid Larsdtr. f. 1811 i Grindstugu, sonen Ole f. 1845

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Aud for avklarande opplysningar om denne huslyden med røter i Hafslo! So vidt eg kan sjå, har du gjeve meg alt eg treng av opplysningar, bortsett ifrå om ''ho mor'', som altso ''forsvinn'' for oss...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.