Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#78303] Dødsfall i Fjell 1942


Recommended Posts

Gjest Halvor Skurtveit

Hei!Ole Hansen Lie, f. 1864, døydde på Li i Fjell 6. november 1942. Han var ugift, og eg reknar med at det difor var syskena hans som arva han. Eg er på 'jakt' etter to brør av han, Nils, f. 1870, og Knut, f. 1873. Dei skal i følgje familien ha utvandra til Amerika, men eg har ikkje funne dei i emigrantprotokollen. Spørsmålet mitt er difor: Er Nils og Knut nemnde som arvingar ved skifteoppgjeret etter broren Ole i 1942, og står det evt. noko om kor dei oppheldt seg då?Venleg helsing Halvor Skurtveit

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/163644-78303-d%C3%B8dsfall-i-fjell-1942/
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Det står at søsteren Elisabeth Lie var enearving etter testament 4. oktober 1937.Navnene på hans søsken er regnet opp: Endre H. Lie, Elisabeth H. Lie, Mathias H. Lie, Mikkal H. Lie, og halvsøsken Hans H. Lie, Nils H. Lie og Britha Lokøy.

Gjest Halvor Skurtveit

Takk for informasjonen!Halvbroren Nils H. Lie, som er nemnt i 1942, er ikkje den Nils eg leiter etter, for Ole hadde både ein halv- og ein heilbror med namnet Nils. Det er sistnemnde som skal ha emigrert.Dermed er det vel truleg at heilbrørne Nils og Knut døydde før 1942 (eller at familien hadde mista kontakten med dei).Venleg helsing Halvor Skurtveit

Gjest Halvor Skurtveit

Hei, igjenEr det mogleg for dykk å sjekka om Nils (f. 1870) og Knut (f. 1873) er nemnde i samband med dødsfalla til foreldra? Desse var:Hans Hansson Lie, f. 1833, d. 13. januar 1919.Anna Mikkelsdotter Lie, f. 1844, d. 3. november 1927.Hans og Anna budde på (Nordre) Li i Fjell.Venleg helsing Halvor Skurtveit

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.