Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#78968] MR Rafteset i Herøy 1801 - hjelp til identifisering?


Recommended Posts

Gjest Ivar S. Ertesvåg

tillegg til (23): Herøyboka har med ein som skifta manglar - av naturlege grunnar: Karl Andreas, døypt 26.mai 1801, [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15944&idx_id=15944&uid=ny&idx_side=-36>LenkeHan levde berre 17 veker og vart jordfesta allehelgensdag same året:

Gjest Ivar S. Ertesvåg

(28) Det stemmer...b.3 s. 86 (Rafteset bnr.1): Brukar 1772-1781, 'Ola Samundson Sunde(?) 1724 g. Eli Jørgensd. 1731-1779. Born Anne: 1763, Samund 1765, Mons 1767, Anne 1774. Skøyte frå prost Peder Nerem 1773 på Rafteset med Gullura, Bymannen, Flatøya og Garvika for tils. 150 rdl.' (Garvika (=Ormenes) er eige matrikkelnr.). Det er ikkje sagt noko meir om kvar Ola eller borna vart av. Venteleg er Eli d. i Herøy. Alderen på borna f. før 1772 må vel kome frå eit skifte dersom dei ikkje er fødde i Herøy.Neste brukar 1781-1812 er Kristoffer Gullikson Fjelle og Anne Larsd. (ovanfor) Dei bygslar av Hans Larsson Eide. (- altså så må Ola ha selt garden i mellomtida).

Gjest Aase R Sæther

Mange takk! Eit eventuelt skifte må då ha vore før 1790, for det året døyr Mons her i Gloppen. Og her finn eg det - [url="http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24567/267>http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24567/267 med nettopp dei 4 borna du nemner, bortsett frå at det står Samson, ikkje Samund.Anne den yngre bør vere døypt i Herøy, og eg tippar det er denne innførsla her

Gjest Ivar S. Ertesvåg

(30): Skiftet etter Eli inneheld det meste av opplysningane i bygdeboka. Det og skjøtet på garden (1773) er sannsynlegvis hovudkjeldene for bygdeboka. Dersom du finn innførsla i panteboka/-registeret der Ola (evt. arvingar) sel garden igjen, kan det seie noko om kvar Ola gjorde av seg.

Gjest Aase R Sæther

Det er visst augo ein blir fyrst blinde på. Ein liten leiteaksjon i basen min viser at eg har notert at Ola Samsonson Rafteset er død i Gloppen i 1792 [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11427&idx_id=11427&uid=ny&idx_side=-55>Lenke med ein merknad frå meg om 'kven er dette?' - så då er han også lokalisert.Han har tydelegvis vore husmann på Arnestad i følgje dette skiftet.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.