Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#79086] Henrik Nitter Jacobson Walaker (1854-1938?) - Hafslo - Amerika - Davik - lagnad?


Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Henrik Nitter Jacobson Walaker, fødd i Hafslo 22.12.1854, utvandra til Amerika kring 1872, men var sidan heime på vitjing, først i 1878 og so i 1886. Han budde i Iowa, men flytte sidan attende til Noreg for godt for å busetja seg i DAVIK i Nordfjord der me i 1900 finn han i lag med ein annan (heimvend?) ungkar på garden Austnes (Lenke). Henrik skal vera avliden i eller kring 1938, rimelegvis i Davik!?Er det mogeleg å finna meir om lagnaden hans i Davik?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Gjest Harald L. Bakke

Berre ein liten korreksjon til gardsnamnet som er nemnd i (1).Garden heiter Daviknes der Henrik Nitter Walaker og ein annan heimvend norskamerikanar Arne Olsen Daviknes saman kjøpte ein part av garden i 1900 , dette vart bruk nr. 9 'Austnes'.Gravsteinen til henrik Nitter Walaker er for ei tid sidan fjerna frå grava.

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gunnar, Elin og Harald for flotte opplysningar. Det er vel ikkje so godt å få greie på det no so mange år etter, men veit ein noko om kvar i Amerika desse to heimvende karane budde, kva yrke dei hadde der borte og kva år dei kom attende?Eg veit at Henrik i alle fall ei tid skal ha butt i Iowa...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Gjest Gunnar Sigdestad

Dette støttar opplysningane i lenka til Elin i (4):[Våre døde]:21. mars: Henrik Walaker, Daviknes, ug. rentenist; f. 1854 i Hafslo; hjerneslag.Kjelde: Kirkeblad for Davik, nr. 56, 6. årg. mai 1935.

Gjest Gunnar Sigdestad

Kan hende dei reiste saman til Amerika. Arne O 'Davigands' kom til New York 1.jul. 1872 med 'St. Olaf'.Dei reiste i alle fall saman attende til Noreg med S.S. 'Teutonic' frå New York, og kom til Liverpool 12. april 1893. Begge 38 år og 'labourer'. Arne Olson Davk[!] og Hen. J. Walaker. Då er det vel lite truleg dei reiste bort att, når begge er registrerte i FT 1900?

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gunnar for nye spennande innlegg.Eg ser på det som svært truleg at dei to ungkarane ikkje utvandra att på ny etter 1893, so med dette er eitt av spørsmåli mine svara på!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.