Gå til innhold
Arkivverket

[#80066] Fire søstre frå Batalden i Kinn - to forsvunne


Gjest Egil Russøy
 Del

Recommended Posts

Gjest Egil Russøy

Eg har tatt fram igjen eit forsvinningsnummer frå Batalden, som eg har latt ligge ei stund.Anders Jansen og Dortea Trudesdtr i Batalden fekk fem barn som vaks opp. Utan om sonen Mons f. 1789, var det døtrene Anne f. 1776, Cecilia/Sidsel f. kr. 1782, Brithe f. kr. 1783 og Janicia/Janiche f. 1793.I 1797 dør Dortea Trudesdotter, og dei fire yngste barna ser ut til å ha blitt plassert rundt om, mens Anne blir igjen i Batalden hos faren. Mons, Anne og Janiche har eg kontroll på, men Sidsel og Brithe slit eg med.Sidsel og Brithe får oppnemnd Rasmus Dahl i Naustdal (Førde) som formyndar, og truleg er det Brite som er i teneste hos han i 1801 Lenke Eg finn i alle fall ikkje nokon kandidat i Førde fødd kring 1785.Dei to jenten er nemnde i skifte etter faren i 1807, men ikkje oppgitt bustad. Likeså i skiftet etter broren Mons i 1811.Det er primært skifte etter dei to jentene som eg er på jakt etter. Difor hadde eg blitt glad om nokon kunne fortelle meg om dødsdato og stad, evt om nokon veit kor dei budde hen.mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Kan dette være en kandidat til Cecilia? [url="http://www.familysearch.org/eng/search/igi/individual_record.asp?recid=500223903090&lds=1&region=12&regionfriendly=&juris1=&juris2=&juris3=&juris4=&regionfriendly=&juris1friendly=&juris2friendly=&juris3friendly=&juris4friendly=>LenkeBarn: LenkeLenkeLenke Erich, døpt 3.8.1817 - Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 3 (1785-1821), Kronologisk liste 1817, side 304. Permanent sidelenke:  Lenke Permanent bildelenke: Lenke Karen Margrethe, 1820 - Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 3 (1785-1821), Kronologisk liste 1820, side 335. Permanent sidelenke:  Lenke Permanent bildelenke: Lenke Bernt Andreas, 1824 - Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 4I (1822-1840), Fødte og døpte 1824, side 29. Permanent sidelenke:  Lenke Permanent bildelenke: 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Godt forslag Grethe. Denne lurte meg også ei stund, men det er nok snakk om dattera til Anders Mathisen i Domba. Det blir stadfesta i skiftet etter han i 1808. LenkeMen takk for forslaget.mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Denne blei visst så vanskeleg som eg hadde frygta.Eg har kome over litt nye opplysningar, som tilseier at Brithe kanskje bur i Naustdal/Førde i 1815. I alle fall er ho i live i 1815, då Berent Nielsen Nøstdahl overtar som formyndar. Ho er då omtalt som Berthe Andersdatter. At ho framleis har formyndar kan vel tyde på at ho er ugift.Den største utfordringa er kanskje at det er mange aktuelle kandidater, men eg finn ingen som høver på Brite/Birthe/Berthe eller Cecilia/Sidsel.Eg håpar framleis at det er nokon som kjenner til jentene og kva som skjedde med dei.mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torbjørn Hillersøy

hei Egil! Har diverre ikkje noko nytt å kome med i denne saka! Det at Brite levde i 1815, var nytt for meg. Eg kan ikkje finne dei to i krk.bøkene for Kinn, så enten er dei gløymde av presten, eller så er dei flytta ut av prestegjeldet. Og det siste er vel truleg, som du er inne på.Eg lurer forresten på om ikkje det var Jacob Nilsen Tingnes som var formyndar i 1807 og Peter Falck (gjestgjevar i Vågane) som var formyndar for Sidsel/Cecilie, Brite og Janicke i 1810, iflg. skiftet etter broren Mons. Rasmus Dahl trur eg var då (1810) berre formyndar for Dorte Madsdtr., dottera til Anne Andersdtr. Helmers.Det kan vere eg tek feil, og det spelar vel forsåvidt heller ingen stor rolle :-)...men eg har eit heilt anna spørsmål til deg, og det gjeld di slekt, nærare bestemt lagnaden til syskjena (7 stk. ?)til di farmor. Eg er ute etter årstal, giftermål og born. Takksam om du kunne gi meg svar på thiller60@hotmail.comHelsing Torbjørn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Det var synd Torbjørn, eg hadde no håpa på at du hadde dette. Eg hadde håpa på å finne eit skifte etter ei eller fleire av desse jentene kring 1820. (Jentene i seg sjølv er ikkje så interessante, det er dei økonmiske forholda kring jentene som eg er på jakt etter). Eg har for så vidt delvis fått stadfesta det eg var på jakt etter i skifte etter formyndaren Rasmus Monsen Dahl i 1815, og truleg kjem eg ikkje noko nærmare.Når det gjeld formyndarar, så har det visst blitt skifta både titt og ofte ser det ut for.Eg kan ta med det som eg har funne om jentene og broren, i fall det skulle være ting som er av interesse for deg Torbjørn, eller andre.Det er skifte etter mora Dorthea Trudesdotter i Batalden i 1797. For Mons, Anne og Sidsel/Cecilie blir Rasmus (Monsen) Dahl frå Naustdal utnemnd som formyndar. For Brite og Janicke er det Henrik (Trudesen) Nitter frå Tysse i Ytre Holmedal (Fjaler). Henrik Nitter er ein eldre halvbror av Dorthea og Rasmus Dahl er gift med eldste dattera til Henrik Nitter.I 1801 finn vi Mons som pleiebarn hos Matz Qvale på garden Hauge i Bremanger. Anne er igjen hos faren i Batalden, Brita er hos Rasmus Dahl i Naustdal, og Janicke er hos Henrik Nitter på Tysse. Sidsel/Cecilie er då forsvunnen.I 1802 dør Henrik Nitter. I skifte etter han er det nemnd dei to myndlingane Anne Andersdatter og Janicke Andersdatter.I 1806 får Anne Andersdotter Batalden ei uegtefødd jente som blir døypt Dorthe Madsie. Far hennar er Mads Sørensen frå Sande på Seljeset.I 1807 er det skifte etter faren Anders Jansen, og ut frå det eg har notert, er Rasmus Dahl formyndar for alle barna. Han er også formyndar for Anne Andersdtr si datter Dorthe Madsie Madsdotter i skifte etter Anne i 1809.I skifte etter Mons Andersen i 1811 (då busatt Løviknes i Bremanger) er denne Peter Falch frå Vågane formyndar for Sidsel, Brithe og Janicke, medan Rasmus Dahl er formyndar for Dorthe Madsdotter.Så kjem vi til 1815. Då dør Rasmus Dahl, og i skifte etter han er det nemnd Myndlingane Berte Andersdotter og Jannicke Andersdotter. Berte får då Berent Nilsen Naustdal som nytt formyndar og Jannicke får Elias Berentsen Bjørkedal. I 1816 er Dorthe Madsie nemnd som Rasmus Dahl sin Myndling, då busatt på Løviknes (Bremanger?).Janniche blei gift med Ole Henrik Olsen Helle i Naustdal i 1826.Dei budde delvis på Helle, delvis på Liabøen og delvis på Horsevika. Ole Henrik er fødd i 1804, og døde i 1878 på Horsevika. Jannicke døde 1869 same stad. Dei hadde barna: Olina 1827, Anna Malina 1829, Marta 1831 og Anna Sofia 1836.Dorthea Madsie Madsdotter blei gift i Fjaler med Anders Davidsen, busatt på Tysse. Barn: Johan 1835, Andreas 1837, Christian 1838, Dorthe 1841, Henrik 1843, Margrethe 1845 og Herman 1848. Dorthea døde 1859, Anders døde 1883.I følge BB Fjaler vaks Dorthea opp på Rivedal hos Salomon Gundersen Rivedal og kona Karoline Dahl. Karoline er eldste datter av Rasmus Dahl i Naustdal. Ho er fødd i 1792 og blei gift med Salomon Gundersen i 1817. Dei to flyttar til Rivedal mellom 1818 og 1819. Dorthe er då 12 år gamal, så det med at ho vaks opp i Rivedal er nok ikkje heile sanninga, men kanskje flytta ho med Salomon og Karoline. I 1822 blir ho konfirmert, men då i Naustdal.-------Når det gjeld bestemor, så meiner eg å hugse at dei var ti søsken. Eg må bla litt i papira mine og sjå kva eg har.Rekk ikkje det i kveld, men eg skal sjå i morga kveld. Sender deg ein epost.På Emma si side tilhøyrer vi Kvammenslekta, og du finn ein del info her (ikkje heilt oppdatert): http://www.systor.no/tor.kvammen/kvammen.htmSøskenflokken til Emma starter på 521. Emma har 524.mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torbjørn Hillersøy

Takk for svært utførleg svar, Egil!Eg har mykje av det før, men ikkje alt, og er glad for alle nye opplysningar! Eg trur at Mads Sørenson var frå Sande i Gaular, og at han oppheldt seg på Seljeset på den tida han vart far til Dorte.Salamon Gunderson budde på Vasset då han tok til seg Dorthe. Kor tid det skjedde veit eg ikkje.Mange takk for linken! Og eg fekk eigentleg svar på det eg lurte på av det som stod der! Eg stussa litt over fødselsåret til eldste syster til Emma. Vart Klara fødd allerede i 1892? Bertinus og Lydia vart vel ikkje gifte før 27/6 1897?Helsing Torbjørn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Hei Torbjørn. Eg stussa litt over Sande på Seljeset, men Gaular kan jo være ei forklaring.Det er nok feil fødselsdato på Klara Sofie. Eg har 9/11 1896 i mine papir.Eg fekk dessverre ikkje så mykje tid i dag som eg hadde tenkt, men om du gir meg litt tid, så skal eg få samla litt meir info om søskenflokken frå Skorpeide, og sende til deg på mail.Egil Russøy

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torbjørn Hillersøy

1896 stemmer med mine tal. :-)Mottek gjerne meir info om du har!Jobber med denne slektsboka for Batalden. Det går litt i rykk og napp, eg tek det ikkje som noko levebrød, men eg trur den kjem ut på våren igjen. Virker som det er litt interesse for den.Torbjørn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Vibeke Lund Åhling

I databasene hos Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane finnes en Sisele Magrete Andersdatter Nøstdal g.m. Rasmus Knudsen Andal, 21.02.1811. Er hun en kandidat, eller er hun sjekket ut av saken?Her er litt om henne hvis hun forsatt er en mulighet.Forlovere er Rasmus Dahl og Samuel Nitter.Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Førde, Ministerialbok nr. A 5 (1803-1821), Ekteviede 1811, side 155. (Først i 1811)Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11406&idx_id=11406&uid=ny&idx_side=-74>LenkePermanent bildelenke: LenkeJeg har sett efter barn for å se hvis det gir noen ideer om når moren var i livet og hvor hun døde (hvis hun var hos et av barnene).En Dorthe Katrine 25.01.1815Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Førde, Ministerialbok nr. A 5 (1803-1821), Fødte og døpte 1815, side 30.Permanent sidelenke: LenkePermanent bildelenke: Lenke(En mulighet er i Kinn i 1865)Hos Fylkesarkivet i S og F er paret registrert med flere barn:Rasmus 20-04-1817 Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Førde, Ministerialbok nr. A 5 (1803-1821), Fødte og døpte 1817, side 38.Permanent sidelenke: LenkePermanent bildelenke: Lenke(konf #90 1833? Lenke konf. #30 1834? Lenke)Ingeborg Maria 17.10.1819Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Førde, Ministerialbok nr. A 5 (1803-1821), Fødte og døpte 1819, side 47.Permanent sidelenke: LenkePermanent bildelenke: LenkeDød 18 dage gl.Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Førde, Ministerialbok nr. A 5 (1803-1821), Døde og begravede 1819, side 119.Permanent sidelenke: LenkePermanent bildelenke: LenkeJan 10.12.1820Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Førde, Ministerialbok nr. A 5 (1803-1821), Fødte og døpte 1821, side 53.Permanent sidelenke: LenkePermanent bildelenke: LenkeDød 15 uker gl.Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Førde, Ministerialbok nr. A 5 (1803-1821), Døde og begravede 1821, side 121.Permanent sidelenke: LenkePermanent bildelenke: LenkeJan Henrich 26.06.1822 (ikke reg. f. hos SoF)Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Førde, Ministerialbok nr. A 6 (1821-1842), Fødte og døpte 1822, side 8.Permanent sidelenke: LenkePermanent bildelenke: LenkeDød 13 uker gl.Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Førde, Ministerialbok nr. A 6 (1821-1842), Døde og begravede 1823, side 388.Permanent sidelenke: LenkePermanent bildelenke: LenkeIngeborg Maria 15.10.1823Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Førde, Ministerialbok nr. A 6 (1821-1842), Fødte og døpte 1823, side 20.Permanent sidelenke: LenkePermanent bildelenke: Lenke(konf. #26 1840 Lenke)(Gift #13: Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Førde, Ministerialbok nr. A 7 (1843-1860), Ekteviede 1856, side 420.Permanent sidelenke: LenkePermanent bildelenke: Lenke)(Her?Lenke) (I Bergen i 1891 sammen med gift datter Rise; Ingeborg Tollefs.? Og i 1900 Engebor Rasmussen?)Denne Knud #36 er konfirmert i 1830, 18 år, men jeg finner ikke dåpen i Førde:Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Førde, Ministerialbok nr. A 6 (1821-1842), Konfirmerte 1830, side 259.Permanent sidelenke: LenkePermanent bildelenke: Lenke(En mulig Knud er i Øksnes i 1865.)Muligens denne òg - navnekombinasjonen er ikke så vanlig, men denne dåpen er i Davik. Kari 07.08.1811 (Høyre side, øverst til høyre)Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Davik, Ministerialbok nr. A 2 (1742-1816), Fødte og døpte 1811, side 275.Permanent sidelenke: LenkePermanent bildelenke: LenkeHun døde i Davik samme år 28.11.1811Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Davik, Ministerialbok nr. A 2 (1742-1816), Døde og begravede 1811-1812, side 360.Permanent sidelenke: LenkePermanent bildelenke: LenkeJeg fant et barn Nikolina Rasmusdatter Naustdal hos SoF. Hun er registrert som død 12.08.1824, 1 1/2 dag.Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Førde, Ministerialbok nr. A 6 (1821-1842), Døde og begravede 1825, side 391.Permanent sidelenke: LenkePermanent bildelenke: LenkeJeg kann ikke finne henne døpt i Førde, så det er ikke mulig å dra noen konklusjoner om hvis hun er yngste (?) barn av Rasmus Knudsen eller ikke.Manden Rasmus er kanskje d. desember 1829/ reg. #15 1830.Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Førde, Ministerialbok nr. A 6 (1821-1842), Døde og begravede 1830, side 401.Permanent sidelenke: LenkePermanent bildelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Hei Vibeke. Takk for eit meget godt forslag.Eg har sjekka BB Naustdal. Dnne familien budde på ein husmannsplass på garden Naustdal i Naustdal.Rasmus døde som du opplyser i 1829. BB Naustdal oppererer med 7 barn inkl. denne Nikolina som du nemner.Sesilia Andersdotter er i BB Naustdal oppgitt å være f. kr. 1782 og ho døde i 1862 på gården Åse.Ut frå dette er det svært sannsynleg at det er rett jente. Ho er opplyst ved giftemålet å være frå Naustdal, men eg finn ikkje denne jenta fødd der, altså må ho være fødd ein annan stad. Ho er fødd kr. 1782, same som jenta i Batalden. Namnet på forlovarane styrkar mistanken om at det må være rett jente.Her er gravregistreringa i kirkeboka i 1862, som dessverre ikkj seier noko om kor ho kom frå Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Førde, Ministerialbok nr. A 10 (1861-1876), Døde og begravede 1862, side 14. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8386&idx_id=8386&uid=ny&idx_side=-13>Lenke Permanent bildelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Då trur eg at eg også har funne Sisele i 1801, og eg trur eg i alle fall har funne kvifor eg ikkje har reagert på denne jenta tidlegare. Ho står nemleg oppført i 1801 som barn av Anders Torsteinson og Olina Larsdotter på garden Naustdal. LenkeI følge BB Naustdal er Anders f. i 1765, Olina i 1757. Dei blei gifte i 1796. Både denne David Erichsen og Sisele Andersdotter må være feil oppført som som barn av dei to. Det er vel då truleg at Sisele var i teneste hos Anders Torsteinson i 1801.mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torbjørn Hillersøy

Dette var gledeleg nytt, Vibeke og Egil!Ut frå namn på forlovarar og namn på born, er det svært sannsynleg at det er rett Sisele.Det er godt mogleg at ho var døypt Siselle Margrethe, kyrkjebokinformasjon manglar for Kinn i 1782.Godt detektivarbeid!Mvh Torbjørn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Eg har gått gjennom dåpane til barna, for å sjekke om nokon av søskena til Siselle i Batalden dukkar opp som fadder. Det har eg ikkje funne, men fleire av barna til Rasmus Dahl er å finne der.Torbjørn: Om du har behov for det, kan eg ta med det som BB Naustdal har av opplysningar om Sesilia og Rasmus. Mykje er det same som Vibeke har med i sitt innlegg, men eg tar med alt som står i BB:Husmannsplass på garden Naustdal: Rasmus Knutson f. kr. 1764 (sagt å vere frå Andalen ved vigselen), d. 1829 i Naustdal. Gift 1811 med Sesilia Andersdotter f.kr. 1782 (sagt å vere frå Naustdal ved vigselen), d. 1862 på Åse.Barn:Dorte Katrina f. 1815Rasmus f. 1817, utfl. 1866 til Kinn.Ingeborg Maria f. 1819, død 1819 i NaustdalJan f. 1820, d. 1820 i NaustdalJan f. 1822, d. 1822 i NaustdalIngeborg Maria f. 1823, gift 1856 i Naustdal med Rasmus Tollefsson Årdalen.Nikolina f.kr. 1824, d. 1824 i Naustdal.Eg har lett litt etter denne Rasmus som skal ha flytta til Kinn i 1866, men ikkje funne han. Då må det være han som blir gift her i Kinn i 1866 (nr. 39) Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 10 (1852-1869), Ekteviede 1866, side 76. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6894&idx_id=6894&uid=ny&idx_side=-77>Lenke Permanent bildelenke: LenkeHer skulle han då være igjen i FT 1885 for Florø

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Det kan være Vibeke. Alderen stemmer ikkje, men .... Eg har ikkje funne nokon annan kandidat i FT 1865. Litt rart, men denne Rasmus som du har funne på RHD finn eg ikkje i FT 1865 i Kinn verken på Digitalarkivet eller fylkesarkivet.no.Dette er nok truleg Helena i 1865, som han gifta seg med Lenke.Eg ser ein litt dårleg formulering i innlegg 14. Eg skriv at eg ikkje har funne Rasmus som har flytta til Kinn. Eg ser at det kan misforståast. Det eg meinte var at eg ikkje har funne flytteregistreringa. Det må være han som gifta seg i 1866 i Kinn.mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Vibeke Lund Åhling

Rise fikk barn med ektemand #1 i 1883 som døde.[url="http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011816&gardpostnr=61676&personpostnr=184605&merk=184605#ovre>LenkeLenkeMuligens manden som dør (ikke identisk fornavn; har ikke slått opp i ministerialboken.)LenkeDe er i fattigmanntalet: LenkeLenkeHer er Sigurd Hansen Togstad i Hjemstavnprotokoll for Bergen, så det var nokk vansklig allerede noen år tidligere: LenkeRise fikk barn som enke i 1888 (eg. fødselsstiftelsen) med en annen mand. Barnet dødeLenkeLenkeGift: LenkeMed ektemand #2 barn i 1890, 1892 og sirka 1894-1895LenkeLenkeLenkeDe tre barnene levet da hun døde i 1918:Kildeinformasjon: Bergen fylke, Bergen by, Dødsfallsprotokoll 10 , 1915-1918, oppb: Statsarkivet i Bergen.Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/27860/270Permanent bildelenke: LenkeLitt uventet finner jeg ikke Rise i Bergen i 1885-tellingen.Nikolina Sofia f. 1860 på Ullaland? LenkePå Pleiestiftelsen i Bergen (dette klarer jeg ikke å lese): LenkeDød LenkeNoen Nikolaia finner jeg ikke. Men en Nicolai i 1859, ført i 1860:Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Naustdal i Førde, Klokkerbok nr. D 1 (1852-1877), Fødte og døpte '1860', side 30.(nr '8 1/2')Permanent sidelenke: LenkePermanent bildelenke: LenkeDød (Åmot, 1 Dag?? gl, 21.10.1859)(nr. 2)Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Førde, Ministerialbok nr. A 8 (1843-1860), Døde og begravede 1860, side 98.Permanent sidelenke: LenkePermanent bildelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torbjørn Hillersøy

Mange takk, Vibeke og Egil, for utfyllande informasjon om Sidselle/Cecilie Andersdtr. og hennar etterkomarar!Helsing Torbjørn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Takk for vel gjennomført jakt Vibeke. Når vi først er i gang, så hadde det jo vore artig å finne igjen Brithe også.For å oppsummere om henne. Ho er fødd av foreldra Anders Jansen og Dortea Trudesdotter i Batalden i Kinn kr. 1783. I 1801 er ho i teneste hos formyndaren Rasmus Monsen Dahl i Naustdal (Førde), då nemnd som Birthe.I 1815 er ho ført opp i skifte etter formyndaren Rasmus Dahl. Ho er då nemnd som Berte. Ho får då Berent Nilsen Naustdal frå Naustdal som ny formyndar, og dette tyder vel på at ho då var ugift.Dette er den siste opplysninga eg har funne om Brithe/Birthe/Berte Andersdotter.Eg har sjekka i fylkesarkivet.no over gifte i Kinn/Førde/Ytre Holmedal, men ikkje funne nokon kandidater med rett alder/fødestad.Nokon forslag?mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torbjørn Hillersøy

I farten kan eg ikkje finne andre aktuelle frå Batalden som heitte Brite Andersdtr. på den tida. Det var ei anna Brite Susanne Andersdtr. frå Batalden på den tida men ho var fødd i 1808.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Den var jo lovande Torbjørn. Eg var borti ei Brite Susanne Andersdotter som brur ein eller annan stad trur eg, eller kanskje ei dødsregistrering, men fann ikkje nokon link.Eg skal sjå om eg finn ho igjen.mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Det var det med å finne igjen ting då.Men eg trur nok dette må være rett. Her er kirkebokregistreringa. Av fadrane finn vi Rasmus Dahl si eldste datter, (Ho som hamna i Rivedal) og Zicele Margrethe Andersdotter Nøstdal (som då må være søstra til Brite) Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Førde, Ministerialbok nr. A 5 (1803-1821), Fødte og døpte 1811, side 21. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11406&idx_id=11406&uid=ny&idx_side=-21>Lenke Permanent bildelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Om ikkje anna, så fann eg igjen den Brite Susanne Andersdtr som eg hadde funne tidlegare, men eg ser no at denne har eg avskreve. LenkeHo er datter av Anders Ananiassen Horne.Med med funnet av Anna Dorotea, burde det være råd å finne opplysningar om Brite ein eller annan stad.mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Her er skifte etter Brite Anderdtr Batalden i Utvær/Gulen i 1823. Eg har ikkje fått tolka alt, men både Rasmus Dahl og Peder Falch er nemde i skiftet, så det må være den rette. Det var jo eit primært eit skifte etter ei av desse jentene kring 1820 eg var på jakt etter, så dette kan vise seg å være midt i blinken for meg. Men vi får ta tolkinga i morga.Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn sorenskriveri, Utvær, Gulen tinglag, Skifteprotokoll A 17 , 1813-1828, oppb: Statsarkivet i Bergen.Merknader: Aut. for Utvær og Gulen. Register.Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24177/236>http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24177/236Permanent bildelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.