Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#80297] Luster, Sog Fj: Etterkomarar av Mons Olsen Nes (hjelp til ein amerikanar)


Recommended Posts

Gjest Mariann Stokken

Her er familien i FT1865:LenkeSonen Elling (og gjerne fleire av barna og?)har eg funne som utreist i 1890.Det etterkomaren i USA lurar på er om det finnes etterkomarar av syskena i Norge? Vidare opplysningar om Elling finnes, men syskena hans?

Gjest Lars E. Øyane

Elling Monsson, i Amerika kjend som Erling M. Ness (1856-1940) er omskriven i Gards- og Ættesoga for Luster, band III (1987). Eg ser eg manglar nokre detaljar kring vigsli hans med Kjerstina Nilsdotteer Tuving frå Tynset, men elles er dei sju borni deira omskrivne...Broren Mons (1849-1923), i Amerika kjend som Mons M. Ness, utvandra til Amerika med kona Kari Olsdotter f. Raaum i 1879. Dei busette seg i Pope Co., MN og fekk tolv born i lag.Søsteri Gunhild (1846-1912) gifte seg med husmann Nils Asbjørnson (1839-1917) på Ongelsneset under Nes i Luster. Dei fekk ti born i lag, men har ingen etterkomarar i Luster i dag. Ein del er i Amerika, men dotteri Agatha (1880-1932) har slekt i Bergen, sonen Elling (1888-1961) har slekt i Drammen og dotteri Anna (1892-1952) har slekt i Hol i Hallingdal.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Gjest Lars E. Øyane

Heisan Mariann,Mons Olson døydde på Nes 10.10.1894, medan Elisabeth døydde same staden 17.7.1902.Eg hadde i si tid kontakt med etterkomarar etter slekti frå Ongelsneset, mellom anna med enkjemannen etter dotteri Agatha, Bernhard Karlstad, men han var i 1986 ein mann på 91 år og lever ikkje i dag! Dei andre kan eg ikkje hugsa; eg har det oppskrive, men notati ligg lagra i Gaupne. Agatha sine born var frå første ekteskapet hennar med Gudmund Furebotten frå Masfjorden, medan borni etter søsteri Anna var frå einaste ekteskapet hennar med Lars Aslakson Sveinhaug i Hol.Eg vonar dette er til hjelp.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Gjest Mariann Stokken

Du skal slett ikkje vera lei for seint svar!! Du har ikkje noko plikt på deg til å svara!Men du skal vita at eg er svært takksam på vegne av etterkomar Ted frå USA!!Tusen hjarteleg takk for hjelpa :-)))

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.