Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#80691] Peder Larsson (1816.-1905)/Karen Ingebrigtsdtr (1820-1907) Bergset i Bud -oppl.?


Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Nok ein ny del av manuskriptet mitt av Gards- og Ættesoga for Luster (Hafslo) skal klargjerast, og ogso denne huslyden i Romsdalen er noko mangelfull; kanskje sit det einkvan med lokal kunnskap som kan hjelpa meg?~~~~~~~~~~Peder Larsson, fødd i Hafslo i Sogn 15.8.1816 som son av Lars Pederson (1790-1879) og kona Kirsti ''Kjersti'' Einersdotter (1795-1881), flytte med foreldri sine til Bud i 1831 og gifte seg der 27.6.1847 med Karen Andrea Ingebrigtsdotter frå Bergset i Bud. Ho var dotter av gardbrukar Ingebrigt Johnson på Bergset og kona Ingeborg Larsdotter frå Sundet og fødd i Bud 9.9.1820. Peder var skulehaldar, og han og Karen tok over heimebruket hennar på Bergset i Bud der Peder døydde som kårmann 13.12.1905. Karen døydde som enkje same staden 26.4.1907. Dei fekk ni born i lag:a. Jacobine Kirstine Pedersdotter, f. i Bud 31.7.1847, d. som kårenkje på Skarset i Bud 3.5.1928. Jacobine gifte seg i Bud 4.11.1867 med enkjemannen Peder Danielson frå Skarset i Bud, f. i Bud 26.3.1843. Han d. som kårmann på Skarset 5.5.1922. Peder og Jacobine tok over som gardbrukarar på heimebruket hans på Skarset i Bud der dei budde levetidi ut. Dei fekk tretten born i lag, men Peder hadde òg eitt barn frå første ekteskapet sitt.b. Ingeborg Pedersdotter, f. i Bud 15.2.1849, d. som enkje på Torhaug i Bud 19.4.1925. Ho gifte seg første gongen i Bud 24.6.1879 med Elias Mathias Salveson frå ein plass under Torhaug i Bud, f. i Bud 13.2.1851. Elias var fiskar, og han og Ingeborg var plassfolk under Torhaug i Bud, men Elias miste livet på sjøen alt 26.4.1881, og Ingeborg gifte seg att i Bud 25.6.1883 med Peder Olaus Bendikson frå Vikene i Bud, f. i Bud 24.5.1855. Han d. som fiskar og husmann på Torhaug 12.9.1912. Peder Bendikson tok over plassen under Torhaug i Bud då han gifte seg med Ingeborg, og parfolket vart buande her levetidi ut. Ingeborg fekk i alt tre born, eitt frå første ekteskapet og to frå det andre.c. Kirstine Pedersdotter, f. i Bud 23.3.1851, d. på Bergset 30.7.1853 då ho drukna i ein vasspytt.d. Lars Pederson, f. i Bud 9.1.1853, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)1936. Han gifte seg i Bud 4.7.1880 med Berit Ingebrigtsdotter frå Fagervik i Bud, f. i Bud 1.6.1861. Ho d. som kårkone på Bergset i Bud 14.1.1924. Lars var fiskar, og han og Berit tok over som gardbrukarar på heimebruket hans på Bergset i Bud. Dei fekk tre born i lag.e. Ingebrigt Pederson, f. i Bud 27.7.1855, miste livet då han 22.3.1888 under fiske fall overbord i uvær. Han gifte seg i Bud 31.5.1880 med Jacobine Marie Bendiksdotter frå Vikene i Bud, f. i Bud 28.6.1858. Ho d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – etter 1900!)Ingebrigt var fiskar, men han og Jacobine tok òg over som gardbrukarar på heimebruket hennar på Vikene i Bud. Dei fekk tre søner i lag.f. Peder Olaus Pederson, f. i Bud 14.4.1858, miste livet ved drukning under opphald på Torhaug i Bud 26.4.1881, ugift.g. Karen Maria Pedersdotter, f. i Bud 11.6.1860, d. på Bergset 14.10.1860.h. Edvard Pederson, f. i Bud 24.10.1862,¤¤¤¤¤ (levde 1865 - seinare lagnad? – skal ha vore smed og busett i Christiania!?)i. Anders Ludvig, kjend som Ludvig Pederson, f. i Bud 23.10.1864, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1930!)Ludvig gifte seg på Hustad i Bud 25.8.1889 med Sirianna Bendiksdotter frå Vikene i Bud, f. i Bud 3.12.1864. Ho d. på Bergset i Bud 3.8.1908. Ludvig var fiskar, men han og Sirianna vart likeins gardbrukarar på Nyheim, Bergset i Bud. Dei fekk to døtrer i lag.~~~~~~~~~~Mykje er det ikkje som manglar her, men kvar einaste vesle detalj vert motteken med stor takksemd.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Gjest Ann-Mary Engum

Er dette din' mann,tro?Her er fødselsmåned oppgitt til 24 .12 1864 ,ikke 24.10 som dåpen til Anders Ludvig Pedersen viser.Ludvig P Bergseth,født 23.12 1864,død 20.09 1955 begravet 26.09 1955: Lenke

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary og Knut for flotte opplysningar om denne huslyden. Eg har sjekka opp dødsstadene med kyrkjekontoret, so no er denne huslyden heilt komplett, med unntak av dette:~~~~~~~~~~h. Edvard Pederson, f. i Bud 24.10.1862,¤¤¤¤¤ (levde 1865 - seinare lagnad? – skal ha vore smed og busett i Christiania!?)~~~~~~~~~~Er det mogeleg å finna ut noko meir om Edvard og lagnaden hans?Eg takkar på ny for god hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Gjest Knut R Sande

I Oslo finn eg dette paret,Edvard Pedersen,stadsvognmann, f 1862, gift med Laura. Rett nok står det han er fødd i Christiania, men det er vel ikkje alltid riktig.Kan nokon seie noko om dette paret, td giftemålet?mvh Knut R Sande

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Knut for freistnad på å løysa problemet kring Edvard Pedersen.Eg finn hjå FamilySearch:~~~~~~~~~~Edvard Pedersen, f. 1862, son av Peder PedersenLaura Iversdotter, f. 1853, dotter av Iver Johansenvigde i Christiania 23.9.1891.~~~~~~~~~~Det står ikkje kva kyrkje dei vart vigde i, men med far Peder Pedersen er det vel tvilsamt om det kan vera denne...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.