Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#81229] Nils Andersson, fødd Fjell 1851, husmannsson frå Arefjord -kvar vart det av han?


Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Anders Nilsson og Elisabeth Nilsdotter, husmannsfolk på ein plass (kva plass?) under Arefjord i Fjell, fekk mellom anna denne sonen:* Nils Andersson, fødd i Fjell 18.5.1851 ([url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8274&idx_id=8274&uid=ny&idx_side=-15>Lenke)Dette må vera same mann som 18.1.1880 gifte seg på Grønland i Christiania med Maren Christine Jacobsdotter frå Hafslo i Sogn, fødd i Vik 28.10.1845, men i 1865 busett på Vestre Bagholmen i Austevoll (

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars J. for nyttig opplysning!Då er opphavi til foreldri ''i boks'', og eg saknar vel i grunnen berre namnet på den plassen dei budde på under Arefjord...?Elles går det fram av tema #81196 at Nils Andersson flytte attende til Bergen og døydde der i 1887, men kanskje bygdeboki for Fjell har fleire opplysningar om lagnaden til enkja og borni hans?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Gjest Agnar Fitjar

Anders Nilsson 1802-1863 fra Straume bnr 6. Gift 1831 med Berta Maria Magnesdotter 1805-1839 busette seg i Arefjord i 1834. Anders fekk festesedel på plassen Kråkenes i 1838. Husmannsplass- Kråkenes under bnr 7 eller 8 i Arefjord.

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Agnar for nyttige opplysningar! Då er plassnamnet ''på plass'', og det er vel ikkje meir å henta frå bygdebøki for Fjell når det gjeld Nils og lagnaden hans...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Gjest Grete Jøraas

Joda, BB sier dette: Berta Maria omkom på sjøen. Barn: Nils 1832-1921 Nese, Anna 1834-1834 død av koppar, Magnus (Magne) 1836-1908 Vågo. Anders giftet seg igjen i 1840 Elisabeth Nilsdatter Snekkevika 1813-1869. Barn: Berta Maria 1841-1911 Kolltveit, Anna 1842-1856, Anders 1845-1899 Arefjord, Ola 1849-1906 Brattholmen, Nils 1851 - konfirmert 1856, Jakob 1853-1953 Snekkevika, Andreas 1856-1940 Snekkevika, dødfødt jente 1861.Grete

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.