Gå til innhold
Arkivverket

[#81338] Johan Oscar Hansen (Johansen) frå Oslo. Til USA eller borte på sjøen?


Gjest Mariann Stokken
 Del

Recommended Posts

Gjest Mariann Stokken

Eg har tidlegare hatt eit tema om systera til denne Johan Oscar: LenkeJohan Oscar vart f.04.07.1879 i Oslo. Foreldra var Johan Anton Hansen og Anne johanne Nilsdtr.Johan Oscar hadde ei syster som vart verande i Norge, ho heitte Julie Augusta Hansen d. i Oslo 1937.Men to andre sysken for til Amerika, det var Sigrid Johanna Elisabeth (viser til ovanfor nemnde tema) og Johan Martin Hansen, han bytta namn til Hotvet og kalla seg Martin Hotvet i USA, han var gift med Inga Caroline, dei var busett i Minneapolis, Hennepin Co.NB!! Martin Hotvet har eg funne det som er å finna om (trur eg), det som er interessant her er Johan Oscar f.1879.Det er ein historie i familien til Chuck (barnebarn til Sigrid Johanne Elisabeth) om at ein bror til bestemora var på ein båt under ein av verdenskrigane (mest truleg den 1.?, med tanke på alderen).Båten vart torpedert, men broren vart berga, han vart sendt til sjukehus i NY, og kom seg på beina igjen. Skulle så heim til Norge, denne båten vart også torpedert, men då forsvant alle ombord.Dersom nokon giddar å lesa alt dette, så er det altså Johan Oscar Hansen el.Johansen f.1879 som er leiteobjekt :-)))

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ann-Mary Engum

Legger inn dette om Martin Holtvet,født 21 aug 1913. PUBLISHED IN THE SUN MARCH 30.2001: Martin Hotvet Martin H. Hotvet, 87, of Bremerton died of natural causes March 28, 2001, at Ashley Gardens in Bremerton. He was born Aug. 21, 1913, in Minneapolis, Minn., to Martin and Inga Hotvet. He married Elizabeth A. 'Betty'Atwood on April 27, 1940, in Minneapolis. He was a member of the Bremerton Lions Club, the Salvation Army Advisory Board and Silverdale Lutheran Church. Survivors include his wife; two sons, Martin of Albany, N.Y., and James of Pasadena, Calif.; and three grandchildren. A memorial service will be at 2 p.m. Saturday at Silverdale Lutheran Church. A reception will follow. Memorial donations may be made to Silverdale Lutheran Church, 11701 Ridgepoint Drive NW, Silverdale, WA 98383.Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Takk for dette :-))Fann han ikkje i Minnehallen, har også sett i 'Våre falne' utan resultat.Men kven veit, kanskje han tok eit anna etternamn han og??Minner om at han eg leitar etter er Johan Oscar Hansen/Johansen :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Mariann Stokken

Her er foreldra og systera til Johan Oscar i 1910.Kva kyrkje grensa dei til (dei vart nemleg buande- iflg.Statsarkivet-i Normannsgt)når dei budde der?Tenkte at eg kanskje kunne finna noko om denne sonen gjennom dødsfallsmeldinga etter foreldra.Lenke til ein annan debatt om same mann: Lenke stokken&nr=5&antinnlegg=5&startnr=&antall=&spraak=n#anker

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Har funne ut (via eit anna tema, takktakk :-)) at dei hadde Kampen kirke til si næraste kyrkje.Så då får eg prøva å finna dei der :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 uker senere...
Gjest Mariann Stokken

Har endeleg klart å funne ut kva tid foreldra til Johan Oscar døydde.Som om det hjalp!I dødsfallsprotokollen (i 1927 og 1931) står det at det var tre barn og namna på dei (ved det eine dødsfallet), Johan Oscar er ikkje nemnd!Korleis kan eg finna ut kva som skjedde med han?Finn han heller ikkje ved FT1900 (dvs. eg trur det er han som finnes på panserskipet Thordenskiold i 1900) eller 1910, men han har kanskje gøymt seg godt!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.