Gå til innhold
Arkivverket

[#82056] Barna etter Svend Anderson og Anne Maria Harkjelsdotter Nekstad i Kristiansund


Gjest Alf Steinar Nekstad
 Del

Recommended Posts

Gjest Alf Steinar Nekstad

Svend Anderson f 1797 i Hjertvika på Averøya flytta seinare til Nekstad g. i 1831 med Anne Maria Harkjelsdotter f. 1809 på Leithaugen på Ugelstad i Eide.Kona Ane Maria flytta til Kristiansund saman med borna, eg finn henne der i folketeljinga i 1865 Dei hadde følgjande barn: Marit Olava f. 1831Henrik Martinus f. 1834. I 1865 teljinga bur han i Kristiansund er gift med Anne Marie f. i Tingvold dei har sonen Johan på 2 år. I 1874 vart han gift med Cornelia Nilsdotter frå Leksvika, dei fikk dotra Selma Nikoline f. 26.01.1878. I folketeljinga i 1900 finn vi at han er gift med Marit f. 1838 i Lesja. Dotra Selma bur og saman med faren. Dei har ei pleiedotter som heiter Mathilde Evensen. Då Henrik vart fødd Forpakta Svend Anderson ein plass på Torøya ein kort periode.Anders f. 1839. Han er min oldefar.Iver Andreas f. 1846 Han bur saman med mora i Kristiansund i 1865Serianna f 1846. I folketeljinga i 1865 bur og ho i Kristiansund saman med mora.Nokon gong mellom 1846 og 1865 forlot Ane Maria mannen, tok med seg barna og flytta til Kristiansund.Er det nokon som veit noko eller kan hjelpe meg med å finne ut meir om desse søskena til oldefar. Finnes det etterslekt nokon stad ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ingunn Watten Ingebrigtsen

Hei Jeg vet litt om barna til Henrik Martinus f. 1834 og kona Cornelia Nilsdtr.Selma Nikoline f. 26 01 1878 døde ugift i Kristiansund 11 08 1957.Henrik og kona Cornelia hadde også sønnen Hilmar f. 1879 døde i Kristiansund 22 04 1962.Hilmar var gift med Marit Kristensdtr. Bjerkhol f. 27 12 1877.De fikk datteren Mary Henriette f. 18 02 1914 døde ugift 8 11 2007. Både Selma og Hilmar skrev etternavnet Nikstad.De andre søskene du nevner vet jeg dessverre ikke noe om.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Steinar Nekstad

Eg var nok litt for lite grundig då eg skreiv at Henrik Svendson Nikstad budde i Kristiansund og var gift med Anne Maria frå Tingvol i 1865 teljinga. I og for seg var det riktig men det var 2 Henrik Nikstad som var født på Averøya i 1834. Han som eg trudde var den rette, har ved dåpen til Johan farsnamnet Rasmus. Denne familien utvandra til Amerika i 1867.Henrik Svendson Nikstad klarar eg ikkje å finne i 1865 teljinga.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Endre Holten

Anne Maria Jonsdotter, f. 1843, første kona til matros Henrik Martinus Svendsen Nikstad,var frå Indergård i Batnfjorden. Den andre kona var Cornelia Nilsdotter Hølaashagen frå Leksvika i N.Tr.,f. 31/12. 1843, d.7/10. 1880 av tæring. Faren hennar heitte Nils Ingebrigtson. Sonen Hilmar Cornelius, fødd 16/8. 1879, var g.m. Marit Kristensdotter Bjerkhol frå Gyl i Tingvoll. Henrik og Cornelia vart gift 22. oktober 1874 i Kristiansund. Henrik hadde hus ved Glasmakarberget på Nordlandet i Kristiansund.Mvh. -endre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.