Gå til innhold
Arkivverket

[#82861] Rekneark med namna frå FT 1910 for Nordfjord


Gjest Svein Arild Bergset
 Del

Recommended Posts

Gjest Svein Arild Bergset

Eg har laga eit rekneark med namna frå FT 1910 for kommunane i Nordfjord. Dette til eige bruk. Men om andre likar sånt, og det er greit for Riksarkivet, så kan eg legge ut ein delelink til reknearket.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Arild Bergset

Det var visst heilt greit for Digitalarkivet at eg delar desse filene.Så her er det meste av relevante data frå folketeljinga 1910 for Nordfjord, Sunnfjord (minus Florø by i denne omgang) og Sogn. Kvar fil er vidare delt i eigne ark for kvar kommune. Filene er i OpenOffice-format (ODS) og Excel-format (XLSX) og er i storleik 1,5 MB til 4,5 MB.Nordfjord: [url="http://is.gd/ioGsq>http://is.gd/ioGsq (ODS) http://is.gd/ioGCU (XLSX)Sunnfjord: http://is.gd/ioGHq (ODS) http://is.gd/ioGLd (XLSX)Sogn: http://is.gd/ioGPD (ODS)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johan Arthur Hansen

Hjertelig takk til deg. Lastet ned Sunnfjord der jeg har mye slekt og det så veldig bra ut! Jeg fikk riktig nok en feilmelding, men Excel ordnet opp i dette. Mvh. Johan Arthur Hansen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Arild Bergset

Det er korrekt. Eg gjorde det slik pga at ODS og XLSX er format som komprimerar innhaldet. 'Gammalt' Excel-format gjev relativt store filer.Men no har eg lagt dei i ei ZIP-fil slik at det blir overkomeleg å laste ned.http://is.gd/ipBju

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjetil Sigvart Eidskard

*** exellent *** Eg kjenner forleøbig lite til ft1910. Men di løysing er heilt utruleg god. Så kjem det ein ikkje burde gjere men eg har ein svakhet og gjer det allikevel. KAN DU TENKE DEG Å LAGE EI ZIP FIL FOR ÅMLI SOM LIGG U AUST AGDER - litt spøkefullt men også heilt alvorleg - gje meg kontonr og send det til eidskard@frisurf.no - så betaler eg godt for dette - *** med helsing Kjetil Sigvart Eidskard ***

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Arild Bergset

Viss du sender meg ei liste over ID-nr til alle tellingskretsane du ynskjer å ha med, så kan eg lage ei slik ZIP-fil utan at det kostar deg noko. Og så kan evt. andre interresserte også få glede av det :)Det er innsamlinga av desse ID-nr som utgjer mesteparten av arbeidet med den måten eg gjer det.ID-nr finn du på sider av denne typen: Lenke I dette tilfellet er ID-nummeret tf01036563000001. Det dreiar seg typisk om mellom 3 og 20 tellingskretsar pr kommune.Send gjerne lista til sabergset@gmail.com så kan eg lage delingslink av ZIP-fila som tidlegare.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjetil Sigvart Eidskard

*** takk *** men når en har fødselsår 1935 - så er det her det gjerne stopper opp - vil samle id nr til deg - men finn ikkje fram til dei - tips? - *** mvh kse ***

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Arild Bergset

Eg skjønnar det kan vere vanskeleg å finne dei. Så eg gjekk gjennom raskt og plukka ut dei eg treng. Eg skal få køyrt det gjennom programmet mitt i kveld, så tenkjer eg at eg har ei liste til deg til i morgon.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjetil Sigvart Eidskard

Ja - kva skal ein sei til slikt - Det er så kjempefint å ha det i regnearkformat - kan sortere nesten på alt då - vi er nokre som legg inn slekt på data - eg har sjøl ca 67000 personar i mi fil så blir moro å sjekke mot 2010. Gleder meg til zipfila som du demonstrerte så fint.*** mvh kse ***

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Arild Bergset

Eg brukar å lage meg ei kolonne der eg skriv inn idnummer frå slektsregistreringsprogrammet mitt (TMG) etterkvart som eg brukar data frå lista. Så merkar eg rada med gul farge og kan såleis med eit augekast få oversikt over kva rader eg ikkje har jobba med endå.Som du sikkert ser så inneheld dei 6 siste kolonnene diverse ID-nummer og referanselinkar tilbake til originalsidene hos Digitalarkivet. Eg brukar sjølv kolonna merka 'PUUID' som kjeldereferanse når eg legg persondata inni TMG, sidan det er permanent ID for personen i FT1910-databasen hos Digitalarkivet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jon Sværen

Dette var GASTA bra, Svein Arild !Eg hadde gledd meg til FT 1910 skulle koma, og hadde vel gledd meg vel mykje, slik at forventingane ikkje held, når så FT 1910 eeeeeeeeendelig kom ! Og med alle feila, der eg hadde problemer med å finna bestefar min, ein lærar, og måtte til slutt søkja på farbror min f. 1907, før eg fann familien.Enno verre var det å finna morbroren til bestemora mi, som viste seg å væra føddt i/på 'Badestrand', og sjølv om han heitte Johannes T., så vart dette til I.E., og han er lærar!!No kan eg i ro og mak, takka væra deg, studera dato mot kyrkjebokji og levera rapporten inn Arkivverket, eller kven det no som vil sjå på feila som er gjort.Du har gjeve meg og mange av oss ei STRÅÅÅÅÅÅÅLANDE Julegåve, Svein Arild ! Tusen takk !

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjetil Sigvart Eidskard

***Svein Arild - du seier at du har funnet id nr for tellingskretsene i Åmli - kjempebra - allikevel har eg forsøkt og funnet 4 tellingskretser:001 Fiskvatn tf01036563000001002 Gjøvland tv01036563000214004 Kirkebygden ..........000796009 Gjermundnes ..........001961010 Eppeland ..........002091 Dette er forferdelig tungvint - og vanskeligAntar du har en metode - man burde kunne søke på noe. Jeg er uhyre takknemlig - men hvis du bruker min metode burde du nesten ha en ukelønn.Forfatteren av bygdeboka Egil Fiane ser fram til dette.*** mvh kse ***

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Arild Bergset

Eg har funne dei ID-nr som eg treng. Og sidan eg var så godt i gang så samla eg saman data frå omliggande kommunar også. Etterkvart får eg vel inn heile Aust-Agder. Eg har delt opp i to filer, for Nedenes og Setesdal fogderi. Fila for Nedenes er under arbeid, men du finn iallfall Åmli og nokre andre kommunar der.Eg har også lagt ut fil for Sunnmøre.For å få meir oversikt over filene så har eg laga ei samleside her: http://slekt.bergset.com

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Bergesen

Jeg takker for Nordfjord, det var til stor hjelp, jeg lurer på når du er så godt igang, om du kunne ta kommune i Hordaland, Lindås, Radøy, Meland, Askøy,Hosanger, Osterøy, Bruvik. Vaksdal, Evanger og Voss, Masfjorden, Modalen og Austrheim, jeg håper du har tid til dette også. Takk fra Rune

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Arild Bergset

Til 20: Eg startar straks på Nordhordland og tek Voss/Hardanger/Sunnhordland fortløpande etter det. Så områda du nemner kjem med i løpet av dei næraste dagane.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.