Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#83627] Mannsnamnet Ehr?


Recommended Posts

Gjest Stein Arne Fauske

I eit diplom om garden Set i Haram på Sunnmøre frå 1608 finn me fleire søsken med patronymikonet Ehr. Iallefall er det slik det har vorte lese av sogegranskarar i fleire generasjonar. Namnet er heilt unikt på Sunnmøre, og dukkar heller ikkje opp seinare, korkje i slekta eller andre stadar. Har nokon sett dette namnet andre stadar?

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/168962-83627-mannsnamnet-ehr/
Del på andre sider

Gjest Stein Arne Fauske

Nei, det førekjem ikkje. Iallefall kan eg ikkje hugse å ha sett det. (3) Ivar: Eg har sjekka lensrekneskapa. I diplomet er det nemnt tre brør Oluff på Set, Knut på Valderhaug og Grim utan oppgiven bostad. Diverre er korkje Oluff eller Knut nemnt med farsnamn i lensrekneskapa. Grim finn eg ikkje. Han er iallefall ikkje i Vatne eller Gryta skipreie. Oluff 'Ehrson' kjøper 3 mellag i Set av brørne og søstrene sine, i tillegg åtte han noko i garden sjølv. Han vert skattlagt for 4 mellag odelsgods frå 1610 og til ca 1640. Deretter dukkar det opp ein Erik Olsen på Set som også skattar for 4 mellag odelsgods. Mykje truleg er dette sonen, og styrker påstanden om at dette er ei stuttform for Erik.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.