Gå til innhold
Arkivverket

[#83771] Anfind Olson Børtness, fødd Hafslo 1868 - uløyst kriminalsak frå Duluth, MN?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Eg har ikkje lukkast so langt i å finna ut noko om denne uløyste saki, so no vonar eg at Brukarforum kan bidra med noko:Anfind Olson Børtness, truleg kjend som Olson eller Bortness, var fødd i Hafslo 14.8.1868 og utvandra til Amerika i 1887. Då mori døydde i Hafslo i 1916, vert Anfind ikkje nemnd i det heile, so då var han definitivt ''borte''!Sogeinteresserte skyldfolk i Noreg fortel følgjande: Anfind skal ha drive forretning i Dulth, St. Louis Col., MN, men vart so trulova og skulle gifta seg. På same tidi selde han forretningi si, og kort etter forsvann han! Dei høyrde aldri meir gjete han, men det tok til å gå rykte om at bruri i lag med bror sin hadde teke ''hand'' om både Anfind og pengane hans. Saki vart aldri løyst!Det er nok ikkje mogeleg å løysa denne saki no over 100 år etter, men kanskje let det seg gjera finna element, til dømes frå folketeljingar e.l., som kan kasta ljos over Anfind og soga hans?Eg takkar på det sterkaste på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne Solås

Det blir nok sikkert vel mye 'søkt' - men dette får meg til å tenke på Belle Gunness og alle likene som ble funnet på gården hennes. Antallet varierer i kildene, men kanskje så mange som 40? Hun skal visstnok også hatt slekt i Minnesota.Bare en tanke...:)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.