Gå til innhold
Arkivverket

[#84182] Ingeborg Simonsdotter frå Kinn, forsvunnet etter 1865


Gjest Egil Russøy
 Del

Recommended Posts

Gjest Egil Russøy

Eg prøver meg på ei gamal sak med ein ny vri.Ingeborg Simonsdotter er fødd på Tansøy i Kinn i 1794. Før ho blei konfirmert i 1810 hadde ho allerede mista far, mor og stefar.Den 27. desember 1826 giftar ho seg med Nils Kjelsen, og dei to buset seg på Svarthumle og gardane kring der i Kinn. I 1827 får dei dattera Karen Sophie og i 1828 blir Cathrine Lovise fødd.Nils Kjelsen dør i januar 1832 og i 1833 giftar Ingeborg seg opp at med Elias Olsen f. 1806 frå Løkkebø i Kinn (døypt Mats Elias) og dei buset seg på Løkkebø. I 1834 får Elias og Ingeborg sonen Nils Bertel Johannes, og Ole Jahn i 1835.Nils Bertel giftar seg i 1863 med Anne Vilkensdotter f. 1816 i Stavang i Kinn. Her er dei i 1865 på Vadset i Kinn LenkeCathrine Lovise giftar seg i 1866 med Henrik Mathias Olsen f. 1830 frå Aanøen i Kinn.Her er Elias, Ingeborg (feil etternamn), (Ole) Jan og Karen i 1865 på Ramskrø (plass under Vadset?)Bort sett frå Karen som eg då har funne att som død i Eikefjord i 1816 (Det finnes ikkje opplysningar etter henne), så forsvinn heile denne gjengen etter 1865/66.Både foreldra til Ingeborg og Elias er døde før 1865, og så vidt eg har funne gjeld dette også foreldra til svigerbarna deira. Eg har difor heller ikkje funne noko skifte som kan seie noko om kor denne gjengen blei av.Det som gjer bilde ekstra komplisert er at eg har funne Ingeborg nemnd både som Carstensdotter, Sørensdotter og Nilsdotter, medan ho er fødd Simonsdotter. Alt tyder likevel på at det er same kvinna.Eg er takksam for alle tips.mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Tusen takk til Lars og Arne. Då veit eg i alle fall kor dei to brødrene blei av.Her er Dødsregistreringa på Jan Eliassen. Kildeinformasjon: Bergen fylke, Bergen by, Dødsfallsprotokoll 6 , 1893-1898, oppb: Statsarkivet i Bergen.Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/27888/223>http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/27888/223Permanent bildelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.