Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#84240] Tydehjelp, gamle einingar


Recommended Posts

Gjest Kai Løseth

Offiserskatt Sunnmøre 1628: http://www.arkivverket.no/URN:db_read/rk/13715/9I venstre oppslagside, høgre kolonne, nest nederste linje står namnet Størker Ramstad. Kva tyder det som står før namnet? Kan det vere 4 M? Det første etter namnet kan det vere 14? Videre er det vel 8 og 4/5. Men einingane forstår eg ikkje.Takksam for evt. hjelp.

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/169574-84240-tydehjelp-gamle-einingar/
Del på andre sider

Gjest Are S. Gustavsen

Innførselen skal være slik:«iiij M: Storker Ramstad – xiiij ß j alb 4/5 d.»Alt etter navnet er skattebeløpet, altså i hvertfall 14 skilling 1 album. Hvorvidt «4/5 d» skal bety 4/5 daler eller ei må jeg se nærmere på. Det samme gjelder betydingen av 4 M.Mvh Are

Gjest Are S. Gustavsen

Den siste myntenheten er trolig penning, som kan forkortes d (denarius). Ifølge NHL Lenke verd 1/12 skilling.4 M angir nok godsmengden det skattes av, men abdre som er mer bevandret i distriktet kjenner kanskje til hva de mest vanlige godsforkortelsene var.Are

Gjest Ivar S. Ertesvåg

M er nok mællag eller mælar, ja; som skyldeining. 1 tønne = 4 mælar = 16 fjerdingarEg er ikkje sikker på kva den d-en er; det kan vere penningar som Are seier. Det spesielle er at dei ser ut til å vere oppgjevne konsekvent med arabiske tal og rekna i 5-delar.Eg rekna saman skattesummane på den siste sida med personskattar (siste fordi det er færrast der). Men dersom eg las og rekna rett, har futen summert feil.. Med 96 sk på 1 dr og 16 sk på 1 mk, vart det til at 7,5 sk skulle verte det same som 1 alb og 12 4/5 d. Eg tok meg ikkje tid til å summere nokon av dei heile sidene. Men eg har funne at futen har rekna feil andre stadar.

Gjest Kai Løseth

Då skulle M'en også vere oppklara, takk for det! Det ser ut for at bruken av romartal og arabiske tal kunne variere individuelt. I Pengeskatten 1603 er M oppgjeve med arabertal. Nesten rart at dei ikkje brukte arabiske tal konsekvent. Enklare for dei - og for oss! Gammal vane.....?http://www.arkivverket.no/URN:db_read/rk/12790/13

Gjest Kai Løseth

Då skulle M'en også vere oppklara, takk for det! Det ser ut for at bruken av romartal og arabiske tal kunne variere individuelt. I Pengeskatten 1603 er M oppgjeve med arabertal. Nesten rart at dei ikkje brukte arabiske tal konsekvent. Enklare for dei - og for oss! Gammal vane.....?http://www.arkivverket.no/URN:db_read/rk/12790/13

Gjest Ivar S. Ertesvåg

(7) ja..., eg kjenner for så vidt til det, http://folk.ntnu.no/ivarse/avskr/skatt1603.htmMen eg trur ikkje det var så vanleg å kombinere dei to skrivemåtane. I (1) er det t.d. vij sk 2 2/5 d. 5-delar var vel i det heile nokså uvanleg (?). Når eg ser på sida lenka til (1), ser det ut til at skattesatsen er 3,6 sk pr mellag. Dersom vi brukar dette - og reknar at satsen var den same for alle (det stemmer ikkje på den siste sida), får vi 3 alb = 1 sk og 12 d = 1 sk.

Gjest Ivar S. Ertesvåg

(10) og 'album' er inkjekjønn av 'albus', kvit, på latin.Wikipedia er litt meir 'skråsikker' på samhøvet mellom album/hvid, penning/denarius enn Norsk Historisk leksikon. Det har tydelegvis variert ein del over tid, på same måte som skilling mot dalar varierte - etter kor godt metall kongen let bruke i dei ulike myntane.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.