Gå til innhold
Arkivverket

Forsones eller forskånes? Vefsn 1705


Knut Skorpen
 Del

Recommended Posts

Kjelder: http://arkivverket.no/URN:rg_read/28719/126/ (til høgre)

For spesielt interesserte også http://www.arkivverket.no/URN:rg_read/28719/118 (nedst til høgre)

Sjå evt NL 6-13-13: http://www.hf.uio.no/iakh/forskning/prosjekter/tingbok/kilder/chr5web/chr5_06_13.html

 

Arne Andersen vert dømt for andre gongs leiermål, Magnhild for tredje, men Arne risikerer strengare straff, sidan han er i slekt med mannen som Magnhild hadde sitt første leiermål med. Om eg forstår det rett.

Kva står det sist i dommen, på side 125 (t.h.): " - -da bør de straffis paa deris lif, og som denne Aren Andersen skulle vere samme Straf under gifven, sa sette vi denne Sag i ydmyghed til voris gunstig øfrighed, om denne Aren ey med saadan haard straf matte forskrivis?/forschonis??/forshonis??

 

Eg lurer på to ting. Kva er det siste ordet i dommen? Kva inneber dommen - ein dødsdom som vert oversendt høgre rett, eller ein konstatering av strafferamma med ei bønn om nåde?

 

Arne vert borte frå Kvanndalen i Vefsn etter dette. Eg har ikkje leita etter saka i overetten på Steigen, men om nokon skulle finne saka der, er eg sjølvsagt glad for tips om det endelege utfallet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg tolker ordet som «forshonis» som vel må utlegges som forskånes.

 

Jeg tror du har helt rett i at avsnittet innebærer «ein konstatering av strafferamma med ei bønn om nåde».

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk skal du ha. Når ein arbeider åleine med gamle brev, er det flott å ha nokon å lufte tankane sine med. Av og til får ein motbør, andre gonger medhald. Begge delar er nyttig.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg les forschonis.

 

Altså trur eg at det "skjuler seg" ein c mellom s og h. Same bokstavane ser ein i orda scheer [...saadan forseelse scheer anden gang,..] og schulle [...schulle vere samme Straf...].

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den siste forklaringa virkar rimeleg. Men det endrar vel ikkje innhaldet - enno kan vi vel tolke dommen som ei oppfordring om nåde?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg meiner det var slik at berre høgsteretten med kongens samtykke kunne dømme nokon frå livet. Så da lagretten hadde slege fast at Arne Andersen hadde gjort seg skuldig i eit brotsverk som tilsa dødsstraff, så laut saka oversendast høgsteretten for vidare prosess. Dersom det her var snakk om benådning, meiner eg ordlyden hadde vore ein annan og tydelegare på å be om nåde.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var vel ikke et spørsmål om benådning, - snarere en henstilling om å ikke benytte lovens strengeste straff. Jeg kan tenke meg at det allerede på den tida stred mot alminnelig rettsoppfatning å dømme folk fra livet på grunn av seksuell omgang med «besvogrede» som altså ikke en gang er kjødelig beslektet med den tiltalte.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var vel ikke et spørsmål om benådning, - snarere en henstilling om å ikke benytte lovens strengeste straff. Jeg kan tenke meg at det allerede på den tida stred mot alminnelig rettsoppfatning å dømme folk fra livet på grunn av seksuell omgang med «besvogrede» som altså ikke en gang er kjødelig beslektet med den tiltalte.

 

 

Ja, eg ser at eg har misforstått litt feil her ;)

 

Eg ser òg at det kan liggje ei indirekte oppmoding til høgsteretten om at Arne vert forskåna mot "saadan haard straf".

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.