Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Fru Agnes Marie Vagtskjold


Recommended Posts

Eg etterlyser nokon som kan kjenne til kven Fru Agnes Marie Vagtskjold er.

Ho var fadder på mi bestemor i Davik 11.08.1907, men eg har til no ikkje klart å finne ut kven ho er.

Håpar nokon kan hjelpe.

Dåp nr. 12 heilt nederst på sida:

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1979&idx_id=1979&uid=ny&idx_side=-64

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/170425-fru-agnes-marie-vagtskjold/
Del på andre sider

Mange takk Carsten.

Det løyste mange timars studier på kven denne dama var, og no forstår eg kvifor ho er fadder på mi farmor.

Ved å finne dåpen til Agnes Marie fant eg ut kven mora er - ei som eg trudde var død som ung, sjølv om eg ikkje har klart å finne henne død nokon stad.

Ser ikkje bort frå at dette aktiverer eit skred av nye spørsmål eg må finne ut av! :D

 

Igjen mange takk!

Ja då Aase, eg var tenkt å sende deg ein epost om dette for eg reikna med du var interessert! ;)

Hugsar eg spurde deg om kven ho var for ei tid sidan.

 

Mor hennar er syster til mi oldemor Johanne Mathiasdtr.

Her gifte Anne Dorthea Mathiasdtr. Søreide seg i Bergen 1884 par nr. 8:

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7146&idx_id=7146&uid=ny&idx_side=-152

 

folketellinga i 1891 og 1900 har avdekt iallefall 7 barn, men i FT- 1910 finn eg ikkje att foreldra iallefall (borna har eg ikkje søkt på enno)

Så bra! Ja, utruleg kva vi finn i våre dagar. Elles trur eg kanskje at eg og du er av dei som skal gå i oss sjølve og tenkje på om vi kanskje har brukt private meldingar oss i mellom litt for ofte, og på den måten "snytt" andre interesserte for informasjon. Eg har i alle fall tenkt å skjerpe meg på det.

Så bra! Ja, utruleg kva vi finn i våre dagar. Elles trur eg kanskje at eg og du er av dei som skal gå i oss sjølve og tenkje på om vi kanskje har brukt private meldingar oss i mellom litt for ofte, og på den måten "snytt" andre interesserte for informasjon. Eg har i alle fall tenkt å skjerpe meg på det.

 

Det er eg heilt samd med deg i Aase!

Eg har ofte hatt god bruk for opplysningar eg finn i andre sine trådar eg er innom "av nyssgjerrighet" fordi eg granskar folk i same området og då er det gjerne ein finn ting ein ikkje hadde reikna med.

Ja, det er lurt, og eg gjer det ofte m.a. når eg skal finne gardsnamn i bygder der eg ikkje er kjend - ein tur innom folketellinga fyrst, og så sjå kva ordet kan likne på -

 

Dette vart ein lærerik dag (til tross for kraftig forkjølelse)!

Det er forresten litt spesielt å sjå at det faktisk er tre personar med bakgrunn frå Søreide i Gloppen som er "innblanda" i vigsler i Bergen på den sida du viser til (1884).

 

Tre frå Søreide ?

Om det er tre med tilknytning til Gloppen forstår eg.

Eg fann to + ei med namnet Raad som sikkert er Breimsnamn.

Eg er usikker på om eg skal halde fram i denne tråden eller starte nytt tema på dette, men føler at det heng så tett saman med temaet at eg vel å fortsette her.

 

Ved FT-1900 finn vi Agnes Marie, sysken og foreldrer i Stølegaden 7 i Bergen, men ilag med dei bur ei som er kalla svigermora til husfaren med namnet Mette Marie Jørgensen f. i Bergen 1826.

Dette kan IKKJE være rett då foreldra til Anne Dorthea heitte Kristense Dorthea Christendtr. og Mathias Jørgensen -Farsnamnet framgår ved vigsla i 1884 nr. 8.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7146&idx_id=7146&uid=ny&idx_side=-152

 

Går eg so til FT-1875 finn eg denne Mette Marie Jørgensen buande i lag med ektemannen sin Fløttmann Anders Jørgensen f. i Gloppen 1818 på adressa 23-108 som tilsvarar Stølegt. 7 http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=37&filnamn=f71301&gardpostnr=30201&merk=30201#ovre

 

Går eg inn i slektsdatabasen min så finn eg at far til Anne Dorthea hadde ein bror Anders Jørgensen f. i Gloppen 14.04.1818 som eg ikkje har meir opplysningar på. Truleg er det han eg finn att her i Bergen og min teori er at dette ekteparet har teke til seg Anne Dorthea Mathiasdtr. og det er grunnen til at ho ved FT-1875 er kalla deira datter.

 

Her gifter Anders og Mette Marie seg i Domkirken 2.April 1866 (nr. 16) Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8333&idx_id=8333&uid=ny&idx_side=-117 og då får eg bevis for min teori om at Anders Jørgensen er onkelen til Anne Dorthea. (Fødselsdatoen er riktignok ein dag feil i forhold til det som er innført ved dåpen, men ingen tvil om at det er rett mann) - Samstundes får eg óg ei logisk forklaring på kvifor ho brukar namnet Jørgensen til etternamn då ho gifter seg.

 

Men som alltid i slektsforskinga reiser det seg nye spørsmål:

- Kven var Anders Jørgensen si fyrste kone og kvar var dei gifte og når døde ho ?

 

Går eg inn i slektsdatabasen min så finn eg at far til Anne Dorthea hadde ein bror Anders Jørgensen f. i Gloppen 14.04.1818 som eg ikkje har meir opplysningar på.

Det hadde ikkje eg heller - før no! Hurra for Harald Lorents og hurra for Brukarforum.

Eg får fullføre dette med linkar til når Anders og konene hans dør.

 

Anders, 30. mai 1881 ( nr. 10) Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7146&idx_id=7146&uid=ny&idx_side=-176

 

1. kona Cecilie,28. Juni 1858 (nr. 49) Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8346&idx_id=8346&uid=ny&idx_side=-221

 

2. kona Mette Marie,17. februar 1903 (nr. 12) Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=316&idx_id=316&uid=ny&idx_side=-155

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.