Gå til innhold
Arkivverket

Hartvig Kaas Munthe (1755) og Hans Kaas Munthe (1759) frå Sogndal til Danmark - lagnad?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

  • Svar 76
  • Opprettet
  • Siste svar

Topp bidragsytere i dette emnet

  • Anne-Lise Hansen

    11

  • Lars E. Øyane

    13

  • Einar S Munthe-Kaas

    14

  • Kirsten Sanders

    24

Hjarteleg takk til Kirsten for nytt innlegg. Eg er glad for at du spør om nettopp dette; eg fortel gjerne om arbeidet mitt.

 

Eg har i 35 år vore sysselsett, for det meste på deltid, med skriving av Gards- og Ættesoge for Luster kommune i Sogn og Fjordane og har som målsetjing å kartleggja, i den grad det er mogeleg, alle personar som har butt og arbeitt i Luster kommune so langt attende som dette er mogeleg, og følgjer dessutan alle emigrantar og utflyttarar til og med første generasjon fødd etter utflytting.

 

Luster kommune har i dag eit folketal på om lag 5,000. For 150 år sidan låg folketalet på mykje over det doble, men om lag 6,500 personar utvandra til Amerika, ein av dei absolutt høgste prosentandelar av utvandrarar frå Noreg i det heile. Desse 6,500 emigrantane har i dag minst 250,000 etterkomarar i Amerika. Gjennom grundige studiar av både offentlege kjelder og kyrkjebøker etc. over store delar av Midt-Vesten, både gjennom meir enn eitt års opphald der borte og i seinare tid òg via Internet, har eg lukkast finna att bortimot 95% av desse emigrantane og borni deira der borte. Dessutan har eg, for å identifisera ektemakar til desse emigrantane (og borni deira) vore innom originale kjelder, kyrkjebøker og andre offentlege register, over store deler av Noreg, dels òg i Sverige, Danmark, Tyskland og Sveits. Eg har ikkje nøyaktige tal, men bygdebokmanuskriptet mitt på i alt 12 band, som vert avslutta om kort tid, innheld omtale av langt over 100,000 personar, kanskje nærare det doble...

 

Eit typisk bygdebokprosjekt i Noreg er bygt på samarbeid, og eg har gjennom desse 35 åri hatt direkte eller indirekte kontakt med mange tusen personar, både i Luster kommune, andre stader i Noreg, i andre europeiske land, men først og fremst i Amerika, som alle, kvar for seg, har bidratt med opplysningar om eigne huslyder eller andre, både skylde og uskylde, særleg på stader der dei sit med lokal og detaljert kunnskap som få andre har, og det seier seg sjølv at eg ikkje hadde greidd å samla so omfattande og detaljerte opplysningar om alle desse personane utan eit slikt samarbeid. Eg er sjølvsagt svært glad for den store velviljen og den hjelpi eg har fått gjennom alle desse åri, særleg i dei seinare åri der eg har vore mykje sjuk og ute av stand til å følgja opp alle tråder på eige hand. Alle opplysningane som er innsamla, kjem i neste omgang alle til gode!

 

Eg er difor ogso svært takksam til deg, Kirsten, for den store innsatsen du har gjort med å leita etter opplysningar om dei to norske brørne i Danmark og huslydane deira. Du har gjort banebrytande pionérarbeid og funne opplysningar som elles ikkje ville vore kjende. Eg er òg sikker på at mange av dei andre lesarane av Brukarforum òg set pris på innsatsen din.

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Bygdebokskrivar Luster kommune

p.t. Untermeitingen, Bayern, Tyskland

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.