Gå til innhold
Arkivverket

Jens Larsson Glisborg (1686-1722) - sokneprest Hafslo og Ørlandet - huslyden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Det ver enno ein prest i Hafslo prestegjeld i Siogn som skaffar litt problem, ikkje minst fordi han døydde so tidleg - på Ørlandet!

 

Eg syner elles til tema i gamle Brukarforum #17455 (http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=17455&sok=glisborg&nr=1&antinnlegg=13&startnr=&antall=&spraak=n#anker). Her er kve eg veit om denne huslyden so langt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Jens Larsson Glisborg, truleg frå Glæsborg i Randers amt, Jylland, Danmark, var son av ein Lars og ei Anna

 

¤¤¤¤¤ (meir nøyaktiger opplysningar om foreldri hans?)

 

og visstnok f. i Glæsborg 6.10.1686. Han gifte seg

 

¤¤¤¤¤ (vigselsstaden hans?)

 

31.8.1717 med Anna Cathrine, kjend som Karen Jansdotter Wessel frå Trondheim. Ho var dotter av rådmann Jan Henrikson Wessel i Trondheim, opphavleg frå Bergen, og kona Maren Christophersdotter Schøller frå Trondheim og f. i Trondheim 7.5.1689. Jens vart i 1708 student i Odense i Danmark og cand.theol. i 1713. Han vart 1.2.1717 tilsett som sokneprest til Hafslo og hadde embetet fram til 1721. Det var kort etter Jens var komen til Hafslo i 1717 at prestegarden brann ned, og dei eldste kyrkjebøkene gjekk tapt. Før Jens Glisborg kom til Hafslo skal han ha vore skipsprest, men 5.1.1721 vart han utnemnd til sokneprest til Ørlandet, og han og Karen flytte dit. Han d. på Ørlandet 22.5.1722, og Karen vart sidan gjestgjevar på Brekstad på Ørlandet der

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1748?)

 

Dei fekk tre døtrer i lag:

 

a. Karen Jensdotter Glisborg, f. i Hafslo kring 1718,

 

¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar? – d. ugift!)

 

b. Marianna Jensdotter Glisborg, døypt i Hafslo 5.10.1719, d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – Kristiansund?)

 

Ho gifte seg

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hennar?)

 

med Jens Sivertson Winther frå

 

¤¤¤¤¤ (kvar var han oppvaksen? – faren Sivert Christopherson f. Agdenes 1685)

 

f.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hans? – 172?)

 

Han d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

1785. Jens var kjøpmann i Kristiansund der han og Marianna budde levetidi ut. Dei var barnlause.

 

c. Johanna Cathrine Jensdotter Glisborg, døypt på Ørlandet 19.7.1722,

 

¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg har søkt etter dødsfallet til Jens Winther i Kristiansund i 1785, men utan å finna noko...

 

Eg krossar fingri og vonar at ein og annan lesar av Brukarforum kan hjelpa meg vidare med denne huslyden?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsiong,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Aud Marion for nyttige og spennande opplysningar!

 

Eg har vore inne på "linken" og fann nokre nye opplysningar, som:

 

* Jens Sivertson Winther var fødd i eller kring 1723

 

* Marianna Glisborg Winther, fødd i Hafslo i 1719, var i 1801 busett på Skålvær på Tjøtta (Alstahaug)!

 

MEN, framleis vert det referert til Jens som kjøpmann i Kristiansund, utan at eg finn dødsfalet hans der i 1785 korkje i Kristiansund sokn eller nokon av dei andre soknene i Kvernes prestegjeld! Ikkje heller finn eg han i skifteprotokollen for Kristiansund! Merkeleg!!

 

KAN Jens og Marianna vera flytte frå Kristiansund FØR 1785? Kanskje flytte dei i lag til Tjøtta? Men skifteprotokollen for Helgeland har ikkje register!!

 

WOOPS: Eg tenkte eg ville ta ein kikk på kyrkjebøkene for Alstahaug, Tjøtta sokn, og der finn eg borger Jens Winther "af Troe" gravlagd 4. søndag i advent 1784 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=17098&idx_id=17098&uid=ny&idx_side=-42). Han er oppgjeven vera 68 år, noko som eg tykkjer høver betre (fødd kring 1716, heller enn kring 1723), for Marianna Glisborg er referert til som "Mademoiselle" då ho var fadder i Ørlandet i 1736 (øvst til høgre) (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16159&idx_id=16159&uid=ny&idx_side=-14), medan ho er kalla "Madame" då ho var fadder same stad i 1740 (oppe til høgre) (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16159&idx_id=16159&uid=ny&idx_side=-26).

 

Fleire spørsmål står likevel opne:

 

* Er det mogeleg å finna VIGSLI til Jens Winther og Marianna Glisborg, truleg mellom 1736 og 1740?

 

* Kva med dåpen til Jens Winther?

 

* Om det er so at Jens Winther var fødd og oppvaksen på Ørlandet, på kva GARD voks han opp?

 

* Om det er so at Jens Winther var kjøpmann i Kristiansund, må han og Marianna vera flytte til Tjøtta på eitt eller anna tidspunkt, men KVA TID?

 

Elles er det eit mysterium kvar det vart av Jens Glisborgs enkje Anna Cathrine "Karen" fødd Wessel og dei to andre døtrene, Karen og Johanna?

 

Eg vonar på fleire innspel frå nokon med lokal kunnskap!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heisan, siste innlegget frå Aud Marion kom, medan eg arbeidde med innlegget mitt! Og no er eg skikkeleg imponert! Karen Glisborg, som me alltid har trudd var ugift, vart altso gift i "moden" alder i Bjørnør! Hjarteleg takk til deg, Aud Marion!

 

Om det var mor eller dotter som dreiv gjestgjevariet på Brekstadf på Ørlandet, kan vera eit ope spørsmål, men det var nok dotteri som gifte seg i Bjørnør. No er det sjølvsagt spennande; kven var denne Jacob Erikson, og kvar vart det av dei? Kanskje den siste søsteri Johanna òg vil dukka opp etter kvart, til dømes i eit skifte etter Karen?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Aud Marion for fleire nye spennande innlegg!

 

Gravferdi til Karen Glisborg fann altso stad i Møre og Romsdal; hadde me berre visst i kva prestegjeld...?

 

Men er du sikker på at denne konfirmanten Jens Sivertson MOLTUEN frå siste innlegg er "vår" Jens? Eg ser at Sivert-namnet framleis finst på Moltuen i 1801 (http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=f18011621&gardpostnr=81&merk=81#ovre), men ingen WINTHER! Derimot er det fleire Winthere på andre gardar på Årlandet...

 

Elles hadde det vore kjekt å finna nokon som har lokal kunnskap på Tjøtta. Finst det kanskje ei bygdebok derifrå, som kan fortelja noko nom lagnaden til Jens og Marianna der oppe?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No har eg slite meg gjennom ein del sider i kyrkjeboki for Alstahaug, og det gav endeleg resultat: Gamle Madame Vinter døydde i huset på Skolvær og vart innsett (gravlagd) 17.6.1806 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2577&idx_id=2577&uid=ny&idx_side=-26).

 

So spørs det om vigsli hennar kan finnast, og opphavet til Jens Sivertson Winther...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har lett etter vielse for Marianne og Jens på Ørlandet, men ikke funnet den. Glisborgs etterfølger i presteembetet var svogeren Eiler Wessel - onkelen til Marianne. Jeg mente det ville være naturlig at Mariannes onkel foresto vielsen; jeg må lese mer i kirkeboka ..

- men kanskje har paret giftet seg i Trondheim ?

 

I den siste lenka ang Winther-slekta finner du opphavet til Jens. Jeg har Gårdshistorie for Hegvik, Berge, Søtvik, Stallvik, Gjølga, Kipnesset, Dueskar, Varghiet av Gudmund Eide. Han skriver litt om denne slekta i gårdshistora:

 

"Wintherslekten fra Moldtun i Agdenes.

Denne slekten har hatt stor innflytelse i Bjugn og Nord-Stjørna. Wintherslekten har vært eiere eller vært inngiftet i Mølnargården, Botngård, Eide, Hegvik, Sørvik og Stallvik. Det sies at slekten stammer fra Tyskland ved at noen kom til Norge som flyktninger under 30års krigen 1618 - 1648. Den delen av slekten som nevnes her kommer fra Moldtun i Agdenes."

 

Agdenes tilhørte dengang Ørland prestegjeld.

 

Den første av slekten som nevnes i gårdshistoria er Christopher Nielsen Winther, f. ca 1640

Ektefelle: Gidsken Sindfersdatter, f 1635, d 1727. Gårdhistoria følger den delen av slekten som har etterslekt på de nevnte gårdene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Aud Marion for siste innlegget om denne huslyden!

 

Eg har bladd igjennom fleire av "linkane" til Winther-ætti og finn mellom anna dette i ein av dei:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Oldeforeldre

 

8. Sivert Kristoffersen Winther, f. 1678 i Agdenes, d. 1767. Han giftet seg med Kirsten Pedersdatter.

Barn:

i Kristoffer Sivertsen Winther, f. 1710.

ii Gidsken Sivertsdatter Winther, f. 1710, d. 1777. Gift 1746, med Peder Olsen Vatn.

iii Regitze Sivertsdatter Winther, f. 1712, d. 1797, gravlagt 18.11.1797 i Stadsbygd. Gift 1767, med Urbanus Jochumsen Moltzau.

4. iv Peder Sivertsen Winther, f. 1715, d. 1794, yrke (merknad 37). (1) Han giftet seg med Synnøve Andersdatter Botngård, f. 1715, d. 1754, skifte 20.07.1754, (merknad 38 ). (2) Han giftet seg med Anne Dorthea Kristoffersdatter Frisch, f. 1725 i Råkvåg, d. 1797, gravlagt 09.08.1797, (merknad 39).

v Jakob Sivertsen Winther, f. 1720.

vi Jens Sivertsen Winther, f. 172-, d. 1785. Han giftet seg med Marianne Jensdatter Glisberg.

vii Lars Sivertsen Winther, f. 1732, bosted (per) i Imsterfjorden i Agdenes. (1) Han giftet seg med Kristine Maria Bjørnsdatter, d. 05.03.1778. (2) Gift --.11.1805, med Gidsken Jakobsdatter Lund, f. 1779.

viii Kristian Fredriksen Leksen, f. 1734, d. 1757. Gift 1754, med Marit Andersdatter Hulsund.

 

9. Kirsten Pedersdatter, f. 1685, d. 21.03.1765.

 

~~~~~~~~~~~~

 

Men ikkje nokon stad finn eg namnet på GARDEN der Sivert og Kirsten BUDDE (=garden der Jens Sivertson Winther voks opp)? Og spørsmålet om alderen til Jens står vel framleis med eit aldri so lite spørsmålsteikn...

 

Eller er Moldtun (Moltuen) svaret? I so fall forstår eg tankegangen om at konfirmanten Jens Sivertson Moltuen må vera Jens Sivertson Winther...

 

Er forresten skifti etter Sivert og/eller Kirsten undersøkte? Eg veit ikkje kva sorenskriveri dette er, kanskje Fosen? Men der er ikkje register...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fra "Norges bebyggelse, Sør-Trøndelag, vestre del" - under omtalen av Agdenes:

"Da matrikkelen av 1723 ble satt opp, var det ennå bare tre selveiere i Agdenes. Det var fogden Cimber på Fremstad, som også eide en del av gården Hegg, Fredrik Paulsen på Leksa og Sivert Winter på Moldtuen. Den siste eide også Terningen og Abelvik. Fredrik Paulsen kjøpte hele Leksa (Sør- og Nord-Leksa) mellom 1701 og 1711, og Sivert Winter kjøpte Moldtuen og Abelvik 1715 og Terningen mellom 1719 og 1723. Både Fredrik Paulsen og Sivert Winter hadde tidligere sittet som leilendinger på de gårdene de kjøpte. Leksa hørte før den ble solgt, til Storfosen Gods og Moldtuen og Terningen eides tidligere av kanselliforvalter Nikolai Franck."

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lurer på hva dette er: Sør-Trøndelag fylke, Meldal, Ministerialbok nr. 672A03 (1725-1751), Kronologisk liste 1727, side 56-57,

Dom XI p. Trin - udj Meldalen:

post-541-0-95687700-1302899014_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

skifte etter Jens Winter Troberget, 1785.

(subjektivt utdrag, og innfallsvinkel brordatter Birgitte)

 

Kilde: Helgeland skifteprotokoll 15b (1785-86), fol 410-412a.

 

 

enke: Madam Winter

arvinger: ikke livsarvinger, mens søsken og barn av søsken i Trøndelag.

 

Proklama: Adresseavisen, undertegnet sorenskriver Brodtkorb, Tjøtta 3.2.1785

 

Inntekter: 138-2-8, i tillegg varer fra hr. Nils Winter; 114-1-8

Utgifter

Hr. Nils Winter: 377-5-11, minus varer i beholdning 114-1-8, dvs. nto 263-4-3

Hr. Lossius i Hevne: 33-3-6, inkl. grunnleie for en gård i Kristiansund i 1775

 

Sum gjeld: 312-4-15

Gjeld inkl. skifteomkost. 346-1-3

 

Brev fra Birgitte Winter 25.juli 1785, på egne og søster vegne: Krav på 20 dlr, som deres far Jakob hadde lånt til Jens. Jakob var nå død, og kravet ble fremmet for:

Birgitte, i Trondheim

Kirstine, i Amsterdam

(de hadde tidligere hatt en bror, Nils, som le borte på sjøen med skipper Rolv Grave)

 

Utlodning til Birgitte: 7-3-6

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vielse i Bjørnør 26. september 1759:

Jacob Erichsen og Karen Glisborg

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16176&idx_id=16176&uid=ny&idx_side=-83

 

 

Kan dette være en datter av det samme ekteparet???

 

Name: Inger Catharina Jacobsdatter

Gender: Female

Baptism/Christening Date: 31 Aug 1760

Baptism/Christening Place: Bjørnør, Sør-Trøndelag, Norway

Father's Name: Jacob Erichsen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Barnedåpen skjedde tydeligvis i Osen, kanskje er de også viet der. Kan ellers ikke finne Jacob i personregistret i noen av Bjørnørbøkene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eller kan det være Jakob Eriksen Rus (1697) - 1770

gm. Elisabet Pedersdatter (1694) - 1757? Her er det som står om dem i Bjørnørfolket, bind 3, side 231:

 

'Hvor Jakob og Lisbet (Elisabet) kom fra har en ikke funnet noe om. Det var en Jakob Eriksen i Skjærvøya før 1748, og det kan være han som er kommet til Børøya. Jakob var klokker i tida 1745 - 1755. Det er noen ganger brukt etternamner Rus for Jakob, og ved dødsfallet kan det se ut som det er skrevet Bruse. En kan heller ikke forklare sammenhengen med dette namnet. Jakob kan ha to sønner: Erik Jakobsen konf. 1743 fra Skjærvøya og Johan Jakobsen, som vart neste bruker i Børøya. Men det er ikke noen bevis for at disse to er sønner til Jakob.'

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lurer på hva dette er: Sør-Trøndelag fylke, Meldal, Ministerialbok nr. 672A03 (1725-1751), Kronologisk liste 1727, side 56-57,

Dom XI p. Trin - udj Meldalen:

 

Nå svarer jeg meg selv, men kanskje det er denne Glisborg som var far til et barn i Meldal i 1727?

 

Hordaland fylke, Ullensvang i Ullensvang, Ministerialbok nr. A 4 /1 (1732-1758), Ekteviede 1732-1733, uten sidenr, Hans Larsen Glisborg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.