Gå til innhold
Arkivverket

Peder Christian Frausing


Arnfinn Kjelland
 Del

Recommended Posts

Eg leiter etter informasjon om kven denne karen var. Han vart beskikka som lensmann i Lesja 5. juli 1769, og i alle fall denne innføringa i tingbok nr 10 for Nord-Gudbrandsdalen frå 1771 tyder på at han var busett på Stor-Tande.

 

Same året var han og "madamen" fadrar i ein barnedåp på Lesja 14 søndagen e. Trin.

 

Srivemåten av namnet i 1769 er litt usikker (er fjerde bokstav i namnet u eller n, dvs. dvs. kan det vere "Fransing"?). Men i kyrkjeboka ser det ut til å vere ein tydeleg strek over bokstaven, altså ein u.

 

Eg finn ikkje Frausing i nokon av dei vanlege kjeldene vi har på nettet (t.d. på genealogi.no eller registeret til NST, i 1801-teljinga eller andre databaser her på DA).

 

Nokon som kjenner personen / -ane?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det finnes 3 Frausing i Hof (Hedmark) i samme tidsperiode (iflg FamilySerch). En Peter gifter seg i 1764, ei Alet Maria blir døpt samme året og en Christian Baerent (Bernt?) døpes 1766. Jeg har ikke sett i kirkeboka.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei

 

Jeg har selv aner i Danmark med navnet Frausing. Et enkelt søk gav følgende funn:

 

(http://www.brejl.dk/ginding.htm)

 

 

Estvadgård Hospital gods

 

Skifteuddrag

1719-1725, 1746-1814

 

 

 

74 Elisabeth Marie Frausing, tjenestepige på Estvadgård Kloster. 30.10.1755, fol.113.

A:

1) bror Hans Lassen Frausing i Sæby i Vendsyssel

2) bror Jens Frausing i Frederikshald i Norge

3) halvsøster Johanne Marie Frausing i Sæby

4) halvsøster Christiane Marie Frausing i Sæby

5) halvbror Peder Christian Frausing i Sæby

6) halvsøster Ida Margrethe Frausing på Estvadgård Kloster.

 

Her er en person med navnet du søker, tiden passer vel ganske bra, og han har en bror i Norge. Kanskje lurt å vende blikket mot Danmark?

 

 

mvh Marianne Holck

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for innspel. Tenkte ikkje på FS i farten. Har ikkje fått sjekka kyrkeboka for Hof, men det ser jo faktisk ut til at dette kan vere rette personen. Eg fekk nokre treff på danske sider på namnet ja, utan at eg gjekk vidare med dei. Ser at Anne og Marianne har ein god kandidat i alle fall.

 

Men kvifor dro han til fjellbygda som "bondelensmann"? (Det var han sjølvsagt ikkje; på denne tida begynner øvrigheita å sette inn utanbygds folk i desse omboda.)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg ser at han var lensmann allerede da han giftet seg i Hof i 1764. Jeg tolket navnet til bruden som Ane Magrete Bomner, og det ser ut til at FS er enig med meg i det. Men navnet "Bomner" ser litt uvanlig ut.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.