Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Jens Holger Sylvester Jensen, fødd St. Patri, København 1876 - hjelp til oppslag?


Recommended Posts

Er det mogeleg å få hjelp hjå ein Danmarksekspert for eit oppslag kring denne fødsli?

 

Jens Holger Sylvester Jensen vert oppgjeven fødd i København St. Petri 31.12.1876. Far hans heitte Hans Jensen.

 

Jens Holger Sylvester, eller Holger Jensen, som han til vanleg vart kalla, var ei tid hotelldirektør på Solstrand hotell ved Os.

 

Er det mogeleg å få gjort eit oppslag i kyrkjeboki for St. Patri i København for ¨finna ut:

 

* Fulle namn på båe foreldri hans?

 

* Kva yrke hadde faren?

 

Om det er mogeleg å finna ut kvar foreldri var fødde, eventuelt kvar dei hadde vokse opp, ville det òg vera svært so gildt å få greie på...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lajla og Vibekke for spennande og nyttige svar! Då har me fått namni på båe foreldri og yrket til faren. Me kan vel gå ut ifrå at dei båe hadde opphav i København, og det er truleg vanskeleg eller mykje arbeid å finna ut av det, med mindre dei finst i ei folketeljing frå til dømes 1880?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.