Gå til innhold
Arkivverket

Johanne Danielsdotter, gm. Peder Stabel


Håvard Moe
 Del

Recommended Posts

Eg har i det siste prøvd å finne ut noko meire om Stabel-greina i Meldal, og har i samband med det sett på korporal Peder Lauritzson Stabel (f.c.1687, d.1735). Han vart i 15. des. 1724 trulova med Johanne Danielsdotter. Noko giftermål har eg ikkje klart å finne, men dei er seinare namnt saman (17 feb. 1726 går "Peder Stabel og q:" til nattverd, så dei er nok gift før det). Kven Johanne Danielsdotter var, er for meg ukjent.

 

I dei neste fem åra får dei tre born som alle er døypt i Meldal. Eg har freista å gjere greie for fadderane ved desse dåpane for å sjå om dette kan kaste lys over det elles ukjente opphavet til Johanne Danielsdotter:

 

 

1. Anne Marie, f. 1726

"Dom Palmar. Baptis: Peder Stabels og Johanne Daniels Datter, Datter, Ane Maria.: Faddere Lieut. Schiller, Niels Jonasen Belgmager, Else Sophie Hr. Thomas Hamonds qv: Elen, Th: Junghanses qv. Inger Dombu."

 

Faddrane er:

  1. Lieut. Schiller: Cornelius Schiller, premierløytnant ved 2. Trondhjemske nasjonale infanteriregiment, Meldalske kompani 1715-1734.
  2. Niels Jonasen Belgmager: Kan vere Nils Jonasson (f. c.1664), sønn av Jonas Nilsson (Räfvel) på Grutsæter?
  3. Else Sophie, Hr. Thomas Hamonds qv.: Else Sophie Frick (1696-1780), datter av Lauritz Frick og Anna Pedersdotter. Gift 1725 med Thomas Johansen Hammond (1697-1736), sokneprest i Meldal.
  4. Elen, Th: Junghanses qv.: Ellen Steensdatter Meldal (1702-1773), datter av Steen Mechiorsen Meldal (1676-1714) og Ursilla Olsdatter Tønder (1675-). Gift 1720 med Thomas Fredriksen Junghans (1678-1746), overstiger ved Løkken verk.
  5. Inger Dombu: Inger Jakobsdotter Tostrup (f. 1666), datter av kaptein Tostrup. Gift med Jørgen Jørgensen Skar (Schaar)(1671-1742) på Dombu.

 

2. Lars, f. 1728

"Dom: XII: p. Trin: () Udj Meldalen () Baptis: 23: Per og Johana Stabels søn Lars. Faddr: Capt. Lund, Ole Chr. Meldal, Andreas Carlstad, Aasel Tønder, Karj Vold."

 

Faddrane er:

  1. Capt. Lund: Mathias Lund, kaptein og sjef for Meldalske kompani 1727-1735.
  2. Ole Chr. Meldal: Ole Christopher Meldal (d. 1751), sønn av Steen Melchiorsen Meldal og Ursilla Olsdatter Tønder (over). Residerende kapellan i Hemne.
  3. Andreas Carlstad: Andreas Johansen Francke (1668-1743), lensmann i Meldal frå 1718. Gift med Anne Arntsdatter.
  4. Aasel Tønder: Ursilla Olsdatter Tønder (f.1675), datter av Ole Christophersen Tønder og Maren Jørgensdatter Schjeldrup. Gift 1696 med Steen Melchiorsen Meldal, sokneprest i Oppdal
  5. Karj Vold: Kari Johansdatter (1681-), gift 1709 med Lars Olsson Smed på Nordgard Voll

 

 

3. Daniel, f. 1730

"Dom: V: p: Trin. () Udj Meldalen: () Baptis: Daniel Perß Stabel. Faddere: Th. Junghans, Christopher Schøller, Peder Klocher, Elen Quamm, Gidsken Tønder."

 

Faddrane er:

  1. Th. Junghans: Thomas Fredriksen Junghans (1678-1746) (sjå over)
  2. Christopher Schøller: Kan vere Christopher Eilersen Schøller, son av Eiler Caspersen Schøller og Susanne, syster til Ole Christophersen Tønder.
  3. Peder Klocher: Peder Eriksen Næve (1676-1737) var klokkar i Meldal. Gidsken Olsdatter Tønder (1706-), søster til Ellen under, vart seinare gift med sønnen Tore Pedersen Næve.
  4. Elen Quamm: Ellen Olsdatter Tønder (1698-), datter av Ole Olsen Tønder og Elisabeth Melchiorsdatter Meldal (søster av Steen M. Meldal). Gift fyrst med Nils Støren (1687-1720), kapellan i Meldal, deretter 1722 med Christian Brix (f. 1685-1748), kapellan i Meldal. Begge eide og bodde på Kvam.
  5. Gidsken Tønder: Gidsken Olsdatter Tønder (f.c.1669), datter av Ole Christophersen Tønder og Maren Jørgensdatter Schjeldrup. Gift c.1690 med Erik Madsen, stiftsamtskriver i Trondhjem

 

Det store spørsmålet da er om vi kan trekke noko ut av dette. Faddrane kan delast grovt inn i fire kategoriar:

1. Offiserar, eller familie av offiserar. Dette er korporal Stabel sine overordna. Desse er merka med grønt i listene.

2. Ei rekkje personar i slektskrinsen kring Tønder. Desse er merka med blått i listene.

3. Personer anten tilhøyrande eller knytta til kjent bergverksslekter. Desse er merka med orange i listene

4. Andre. Dette er "lokal øvrigheit" som prestefru Hamond, klokkar Peder Næve, for så vidt òg lensmann Andreas Kalstad...

 

 

Dette reiser eit par spørsmål:

 

1. Det er naturleg at det er noko familie blandt fadderane. Her er dette vanskeleg å identifisere, med mindre ein kan tenkje seg at Johanne Danielsdotter var av bergverksslekt og såleis beslekta med anten Räfvel, Francke eller "Smed". Noko som taler for dette er at namnet Daniel stort sett berre er brukt i desse bergverksslektene på denne tida.

 

2. Korleis har det seg at det er så mange frå Tønder-slekta? Ei moglegheit er rett og slett slektskap gjennom Stabel: korporal Peder Stabel sin far, Lauritz, er tremenning med søsknene Ole og Ursilla Olsson/dotter. I tillegg er dette folk som har felles tilknytning til Meldal - er dette nok til å forklare korleis Tønderane fyller fadderlistene?

 

 

 

Ps. Som eit lite apropos, sidan vi på nytt er innom bergverksslekter i Meldal har eg ein stakkars tråd om Hartung (Hartug) som ser ut til å gå upåaktet hen - dette berre ei lita påminning om nokon har gått glipp av den... ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

En detaljopplysning:

 

Du kan også merke fadder 5 i 1728 med oransje, altså Kari Johansd. Voll. Hun har nok samme far som lensmann Andreas Johansen Kalstad, mens moren antagelig er søster av fadder Nils Jonassen i 1726. I så fall er Kari Volls mor ifølge Ragnvald Støren i tillegg niese av Andreas Kalstads mor. (Alternativt er Kari av farens første ekteskap og i så fall helsøster av Andreas Kalstad, men aldersforskjellen tyder mer på at de er "trekvartsøsken".)

 

Også en bror til i denne søskenflokken bor i strøket -- det er Petter Johansen Voll, muligens gift på Nordvoll. Fortsatt er det litt uavklart om han er dattersønn av kullbrenner Jonas N. Råfvel eller garmaker og hyttemester Petter F. Francke, siden smelter Johan J. Schwanners andre kone (Margrete J. Räfvel) begraves rundt fire måneder før Johans sønn Petter blir døpt. (For øvrig er både Petter Voll og fadder Inger Dombu mine opphav. En bror av sistnevnte er i sitt første ekteskap gift med en søster av fadder Chr. Schøller, i sitt andre med en søster av Ludvig Holberg.)

 

Fadderlisten her viser jo ganske tydelig hvilken sosial status enkelte av verksslektene faktisk har på den tid -- de er jo innvandrede tekniske eksperter (dvs. ingeniører) og slett ikke proletarer, som det ikke sjelden feilaktig påstås. (Inger Tostrups mann er sønnesønn av Kongsberg sølvverks byggmester for de store vannhjulsanleggene på 1640-tallet, og hennes tyskfødte svigerfar kommer til Norge som 13-åring sammen med sin far i 1638.)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har raskt sjekket folketellingen for Orkdal i 1701:

 

Der nevnes Daniel Mikkelsen (21 år) på Svorkmo, ført under "bergknekter". I alder passer vel han sånn noenlunde bra til å kunne være far til Johanne Danielsd., og ved navn til å være en Hartung?

 

Ingen Daniel bor på den tid i Meldal.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er to Daniel på Svorkmo i 1701. Den Daniel Mikkelsen du nemner er ein av dei, og er interessant: Han er lista rett etter Jørgen Stabel, korporal Peder Stabel sin onkel.

 

Den andre som kan vere er "Daniel Ebbes. Enche" som er lista på Svorkmo med tre sønner i alder ca 15-3 år (tatt fra hukommelsen her, så litt ca. ). Ein kunne òg tenkt seg Johanne som ei dotter i denne søskenflokken, og dermed født rett før 1701.

 

 

Kunne for øvrig vore interessant å fått plassert denne Daniel Mikkelsen derom det skulle vise seg at han er av Hartung-slekt...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Fadder i 1730:

5.Gidsken Tønder: Gidsken Olsdatter Tønder (f.c.1669), datter av Ole Christophersen Tønder og Maren Jørgensdatter Schjeldrup. Gift c.1690 med Erik Madsen, stiftsamtskriver i Trondhjem

 

Dette kan også være Elen Kvams søster, Gidsken Olsdt., f. 1706-1785. Hun giftet seg i 1737 med Tore Pedersen Næve (han ble klokker etter sin far). Før ekteskapet med Tore hadde Gidsken 2 barn: Mille Ellensdt., f. 13.2.1732 (gift med Ole Konstad) og Ole Tønder, f. 1736, d. ca. 1738 (ukjent far).

 

Beste hilsen Inger

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Godt poeng, Inger. Det er nok like gjerne denne Gidsken det er snakk om.

 

Eg har for øvrig fortsatt leitinga etter denne Daniel som var far til Johanne. Så langt er det eit par brukbare kandidatar, og nokre få perifere. Vi veit ikkje når Johanne er født, men det er mykje som tyder på at ho er født rett etter 1700. Diverre er det akkurat her fleire årgangar som manglar i kyrkjeboka for Meldal, slik at det vil vere vanskeleg å verifisere noko. Dersom ein reknar med at ho var kring 20 eller fyrst i 20-åra ved giftermålet i 1724 plasserer dette henne rett i det "svart holet" kjeldemessig...

 

Ein kompliserande faktor er at dette ser ut til å vere bergverksfolk, og i dette området er det ein viss mobilitet mellom smeltehytta på Svorkmo (i Orkdal) og Grutsæter (i Meldal). Vi må difor ha eit auge i begge prestegjeld.

 

 

Dei to framste kandidatane eg har så langt er:

 

1. Daniel Mikkelsson (c.1680-1755)

Bergknegt Daniel Michelsen, 21, er lista rett etter bergknegt Jørgen Stabel, 19, i folketellingslista for Svorkmo i 1701. Jørgen er bror til Lauritz Stabel, og onkel til korporal Peder Stabel. Daniel Mikkelsen figurerer i kyrkjebøkene på Grutsæter frå 1720-åra fram til sin død i 1755, "80 år" gamal. Han var i 1726 gift med ei Ingeborg (vitne ved dåp. Er det "Ingbor, Daniel Michelsens qv.", eller "Daniel Michelsens qv. Ingbor Arntsdatter"? Eg heller mot det fyrste...)

 

I samband med dødsfallet er nemnt ei ikkje namngitt dotter ved Grutsæter. Det er mykje som tyder på at dette er Sara Danielsdotter som figurerer i kyrkjebøkene ved Grutsæter frå 1730-talet og utover. Daniel er ein av forlovarane ved Sara sitt giftermål med Jacob Hansson i 1743. Ei Berit Danielsdotter f.c.1725 vart gift med Lovits Simensson på Grutsæter i 1746, så det kan òg vere henne, om ho er ei anna dotter av Daniel Mikkelsen. I tillegg er ein Ole Danielsson nemnt på Grutsæter i 1741.

 

 

2. Daniel Ebbesson (c.1660-1701)

Feldbereder Daniel Ebbesen vart gravlagt på Svorkmo 06.02.1701, 41 år gml. I 1701-tellinga finn vi Enchen Sal. Daniel Ebbes. lista som tjener hjå "timmermester" Peder Olsen. Enkja har borna Daniel (15), Johanni (10) og Peder (3) Danielsen. Ein kunne her tenkje seg at Johanne kunne vore t.d. mellom Johannes og Peder i alder, født kring 1695. Eg har ikkje funne nokon Johanne Danielsdotter døypt i Orkdal for åra 1695-1701.

 

 

Ein ting som talar mot at det er Daniel Mikkelsson er at han ikkje er fadder på nokon av borna over. Om det er Daniel Ebbesson er jo forklaringa at han ikkje er i live. Ein ting som talar mot Daniel Ebbesson er at eg ikkje kan finne familien i området noko særleg etter 1701...

 

Eit spørsmål er om det finst noko 1706-tellinga i Orkdal, tilsvarande det vi har i Meldal?

 

 

Perifere "Daniel"-forbindelser

Av meir perifere Daniel-forbindelse har eg:

Denne siste lurer eg litt på - hadde ein Stadskirurg i Trondheim offisielle oppgåver ved verket?

 

Redigert: Ein siste Daniel dukka akkurat opp: Orkdal 15.03.1733 er Daniel Hansson trulovar for Anders Sørensen og Beret Andersdotter på "Verched".

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dåpen til Thore Steenaasens datter Marith i 1726 (øverst på høyre side) er Daniel Mikkelsens qvinde fadder:

Ingbor, Daniel Michelsens qv.

 

(På denne tiden i Meldal var det vanlig at når jenter ble døpt besto faddrene av 3 damer og 2 herrer. Var det gutter som ble døpt var det 3 herrer og 2 damer. Dette er helt gjennomført).

 

Faddrene til Berit Danielsdt. og Lovis Simensens barn:

 

Simen 1747:

 

Fadder: Daniel Michelsen .

Fadder: Lovis Arensen .

Fadder: Olle Danielsen .

Fadder: Lucie Fieldhoug.

Fadder: Maria Lovisdt. .

 

Ingeborg i 1750:

Fadder: Wilchen Wilchensen .

Fadder: Aren Lovisen .

Fadder: Ingeborg, Daniel Michelsens qv. .

Fadder: Sara, Jacob Hansens qv. .

Fadder: Siri Hougen.

 

Daniel i 1764:

Fadder: Johan Jonasen .

Fadder: Michel L.....sen .

Fadder: Frans Nielsen .

Fadder: Guri Hougen.

Fadder: Maren Grutsætter.

 

Dette skulle vel tyde på at Ingeborg, Sara og Berit er søstre, og jeg er enig med det i at Daniel Mikkelsen er den største kandidaten her. Likevel skulle det helst vært flere indisier på dette. Det skulle vel også være plass til flere barn i søskenflokken etter Berit Danielsdt. og Lovis, men jeg har ikke sjekket dette.

 

Hvor fant du forresten en datter nevnt i forbindelse med dødsfallet til Daniel Mikkelsen ?

 

Det er imidlertid synd at gruvemiljøet ikke er med i 1706-tellingen for Meldal. Det hadde vært til stor hjelp. Tror ikke det finnes en slik telling for Orkdal heller dessverre.

 

Beste hilsen Inger

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dødsfallet til Daniel Mikkelsen er nemnt i kyrkjeboka (1752-1775), s. 369:

 

"Denne gamle og svage dog meget schichelige Mand schulde effter Prædichen gaa hiem fra sin datter, falt i Jul haarde føre, og slog sig strax til døde næsten 5 schrit fra sin Bue-Dør. "

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er begravelsen til Daniel Mikkelsens kone Ingeborg:

Begravet 11 p. Trin, 1758, Grutsæter: Ingebor Daniel Grutsetters Enke, 70 aar (altså f. ca. 1688).

 

Beste hilsen Inger

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.