Gå til innhold
Arkivverket

Recommended Posts

Takk for engasjementet Gisle, men skifte har eg for så vidt kontroll på.

 

Det er omstende kring dødsfallet og dødsdatoen som eg er på jakt etter.

 

I skifte tolkar eg det til å være ein henvisning til datoen 21. juni, men om dette er dødsdato eller noko anna klarer eg ikkje å tolke. Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord sorenskriveri, Skifteprotokoll A 18 , 1828-1836, oppb: Statsarkivet i Bergen.

 

Merknader: EDB-register.

 

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24208/446/

 

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081127640447.jpg

 

-------------------

 

Det er difor eg håpar at dødsmeldinga frå lensmannen kan gje svar på dådsårsak om dødsdato.

 

 

mvh Egil

Hei, Egil!

 

Eg kan dessverre ikkje hjelpe deg med det du spør om. Men det hender at dei som kom vekk på sjøen og ikkje blei gravlagde, manglar i kyrkjebøkene. I dette tilfellet blir det jo berre hypotetisk, men eg har eit døme på det frå 1882, éin av tippoldefedrane mine. Der visste ei dotterdotter at han drukna samtidig med ein son, som blei funnen, slik at dødsdatoen finst.

 

Helsing Torodd

Takk for tilbakemeldingane Yngve og Torodd. Det hadde vore artig om nokon visste kva "d.S" stod for.

 

Eg ser at Karen Madsdotter Kinn omkjem ved kullseiling den 20. juni. Kan det ha ein samanheng?

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 4II (1822-1840), Døde og begravede 1835, side 44.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11535&idx_id=11535&uid=ny&idx_side=-113

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070510620550.jpg

 

 

Bendik sin eldste son Ananias Bendiksen Kinn fekk ein liknande skjebne som det som då mest truleg har skjedd med Bendik.

Ananias kom bort på havet 26. februar. Fire månadar seinare, den 26. juni, blei liket funne og han blei gravlagd den 27. juni, og dermed er han komen i kyrkjeboka.

 

Yngve: Kan det stå noko spennande i dødsmeldingane om Ananias Bendiksen Kinn?

 

mvh Egil

Eg trur "d.S." kan stå for "det Samme", dvs. same år.

 

Det er jo veldig vanskeleg å lese den skanna skifteprotokollen, men så vidt eg kan sjå er det skifte etter Karen Madsdtr. samtidig. Og dersom ho drukna i kollsigling 20. juni og mannen døydde same dag, er det vel høgst sannsynleg at han drukna samtidig og ikkje blei funnen.

 

Helsing Torodd

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.