Gå til innhold
Arkivverket

Den yngre Bjarkøyættas islandske opphav!

Leiv M. Apelseth
 Del

Recommended Posts

Skal bilete av Bjarkøyætta bli klarare reint genealogisk, meiner eg at også desse kanskje litt ulne forbindelsane mot Island bør sjåast nærare på.

På det gamle forumet var det ein del av dykk som diskuterte, og hadde kunnskap om islandske ætter.

Også den eldre Bjarkøyætta (Tore hunds ætt) hadde slekt på Island.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Synest dette temaet er for interesant til å gå i glømmeboka utan ein einaste komentar. Eg har ikkje noko å bidra med her, men eg oppfordrar dei som har noko kjennskap til dette om å skrive!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har heller ikke noe å bidra med, selv om disse menneskene i følge visse nettsider er blant mine aner. Hadde absolutt vært interessant å få vite noe om det ja.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kjennes opphavet (forfedre og fødestad) til Bjarne Mardarsson (Skrivemåte Fagerskinna 2007) gift med Ragna Erlingsdtr Bjarkøy. Bjarne nemnd lagmann i 1223.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...

Noko lite kring lagmannen Bjarni Marðarson.

Bjarne kan godt ha vore nordmann, men patronymet hans, Marðarson, peikar helst mot eit islandsk opphav. Namnet Marð eller Morð er opphaveleg eit tilnamn, avleda av dyrenamnet Marðr. Namnet er brukt på island i tida 900-1241 (Eivind Vågslid, 1988). Vågslid hevdar og, i same kjelda, at namnet var i bruk på ein hålogalending frå 1198-1223. Dette viser truleg attende på Bjarni Marðarson, utan at eg finn han nemnd, i dei kjeldene eg har sjekka, so tidleg som 1198.

Kjelde: Codex Frisianus, side 433, linje 32 .

http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=codexfris&sideid=219&storleik=

Bjarne var ei tid lagmann for håløygane, og er nemnd soleis i Bergen i 1223.

Han har og befatta seg med arbeid for den eldre Gulatinglova:

Kjelde: Om de islandske love i fristatstiden,123 http://www.archive.org/stream/aarbgerfornord1873norduoft/aarbgerfornord1873norduoft_djvu.txt

Sjå også boka: Gulatinget og Gulatinglova, Knut Helle 2001.

Bjarni Marðarson er vidare ein av mine kandidatar som forfattar av sunnmørsættleggane. Ved giftarmål med Ragna Erlingsdotter fikk han truleg ei svigermor fra denne ættleggen. Bjarnes avlidne svigerbror, Vidkunn Erlingsson (drept1183), hadde ein morbror som heitte Jon Drumba.

Denne Jon Drumba levde omlag på same tid som den Jon Drumba som er nemnd i den ovanfornemde ættleggen. Dette er difor mest truleg same mannen.

Kjelde: Sverre-Soga, Halvdan Koth 1962, side 83.

Bjarne hadde både kjennskap til desse ættene gjennom svigermora, og truleg og økonomiske motiv for å få i stand ei slik odelsoversikt. Sunnmørsættleggane vart truleg til i tida rundt 1220, dvs samstundes med at Bjarni Marðarson framleis fungerte som lagmann.

Kjelde: Gustav Storm, Om Innskuddene i "Fagrskinna" 1875, side 89.

http://www.soga.no/artiklar/gstorm/index.htm

Eg ser no at den godaste (Eivind Vågslid, 1988) har dekning for å hevde at Bjarne alt er nemnd i kjeldene i 1198/99. Det var i desse åra baglarane herja på begge mører og i romsdalen, seinare og på Haalogaland. Dette skjedde i dei tider Kong Richard 1 av England døde (April 1199).

Kjelder:

http://heimskringla.no/wiki/Sverres_saga (kap 154)

http://en.wikisource.org/wiki/Catholic_Encyclopedia_(1913)/Richard_I,_King_Of_England

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.