Gå til innhold
Arkivverket

Mette Marie Ottesdotter, fødd i Sunnfjord kring 1722 - men kvar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg saksar frå debatt #25203 i det gamle Brukarforum (http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=25203&sok=Ottesdotter+%D8yane&nr=1&antinnlegg=7&startnr=&antall=&spraak=n#anker):

 

Frå innlegg #3 av Svein Rindedal: "Mette Maria fiines som nr.387 i liste over fattige i Bergen i 1800.Er født i Sunnfjord, 78år, enke etter Erik Iversen og ernærer seg som spinnerske. Bor i 1800 i 1.rode på Nordnes, begraves fra 1.rode nr.86 i 1808".

 

Grethe Flood (innlegg #8) syner til skifte i Sunnfjord etter ulike personar med namn Otto. Eg har sjekka dei fleste av dei (alle dei eldste), men utan resultat, so eg er like langt; eg finn ikkje opphavet til Mette Marie Ottesdotter, so no vonar eg på at ein eller annan Sunnfjordsekspert kan hjelpa meg?

 

Eg har forresten heller aldri funne ut kvar det vart av Erik Iverson (Skophammer eller Hammer) etter han i 1775 gifte seg med Mette Marie. Han var fødd i Hafslo i 1738 og døydde tydeleg før 1800(?)

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars.

 

Eg har kikka litt på MT 1701. Her kjem det fram ein del Ottoar i Sunnfjord. Det kan sjå ut som om Gaular/Fjaler er mest interessant. Eg har sjekka ut Kinn/Førde/Askvoll, og ingen av Ottoane der ser ut til å være rette. (Otto Borgersen i Sjøahola i Førde skal riktignok ha hatt ei datter som heitte Mette, men ho ser ut til å ha vore fødd kring 1730, utan at eg har funne dåpen hennar, men for så vidt heller ikkje har leita så nøye, utenom at eg har funne nokre av søskena hennar fødd i perioden 1722-1728).

 

Eg trur som sagt at Gaular/Fjaler er mest interessant. I MT1701 er det 9 Ottoar i Holmedal prestegjeld som er i høveleg alder til å kunne være far til Mette Marie kring 1722.

 

Det er dårleg med kyrkjebøker for Gaular/Fjaler i denne perioden. Kanskje kan bygdebøkene gje svar på om nokon av desse Ottoane hadde ei datter med namn Mette Marie.

 

Namn............Alder Gard Sokn Prestegjeld

Otte Andersen* 20 Aasse Bøgstad Holmedals

Otte Andersen 38 Helleviig Holmedahls Holmedahls

Otte Bergesen 19 Holt Holmedahls Holmedahls

Otte Johansen* 42 Hellesetter Holmedahls Holmedahls

Otte Olsøn* 12 Næss Wiig Sv. Holmedahls

Otte Joensøn 44 Raaimb Wiig Sv. Holmedahls

Otte Knudsen 12 Toften Wiig Sv. Holmedahls

Otte Johansen 26 Ruschen Wiig Sv. Holmedahls

Otte Knudsøn* 18 Alwern Sande Sv. Holmedahls

 

Eg har dessverre ikkje tilgang til bygdebøkene for Fjaler/Gaular, men kanskje det er andre som har det.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har bygdeböker for "Fjaler" (5) og "Gaular" (4) og har sjekket alle de 9 gårdene som EGIL har notert ovenfor, men jeg beklager det finnes ikke noe nämnt om "Mette M. Ottesdtr.".

 

Mvh,Svehn. B)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sidan det ikkje finst kyrkjebøker for Fjaler og Gaular før 1755 vil nok mange av dei som levde då mangle i bygdebøkene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.