Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Recommended Posts

Ingeborg Marie Larsdotter BERGKVAM var fødd i Sogndal 12.4.1878. Ho var sigarfabrikkarbeidar og budde i 1916 på Årstad i Bergen.

 

Eg har frå slekt fått greie på at Ingeborg òg skal vera avlidi i Årstad, ugift, men eg finn ho ikkje korkje i Årstad eller i Bergen.

 

Er det mogeleg å finna ho att på eit registerkort?

 

Eg treng dato og stad for dødsfallet hennar?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/171738-d%C3%B8dsfall-i-%C3%A5rstad-bergkvam/
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Yngve for freistnadane for å finna løysingi på dette problemet. Kan det tenkjast at ho vart sjuk og flytte på ein eller annan institusjon?

 

Eller kan ho i samband med namnelovi frå 1923 ha teke eit anna og nytt namn?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

  • 2 år senere...

Eg vil gjerne få henta fram att dette problemet som framleis står uløyst!

 

Me veit at Ingeborg Marie Larsdotter Bergkvam, fødd 12.4.1878, døydde i Bergen etter 1922, men finn ho ikkje under ættenamnet Bergkvam.  Om ho har skift namn etter 1923, ser eg berre to sannsynlege namn:

 

* KILDEDAL

 

* LARSEN

 

Eg ser det er berre ei aktuell Ingeborg Marie Larsen som døydde i Bergen mellom 1922 og 1972 (som eg ikkje har identifisert), nemleg:

 

* Dødsfall 21.10.1935  pag. 238

 

Kan det vera ho me leiter etter?

 

Eg takkar igjen so mykje for hjelpi med dette problemet!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.