Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Oppslag i bygdeboki for Hyllestad - garden Dale ytre?


Recommended Posts

Er det nokon som sit med bygdebøkene for Hyllestad og som kan hjelpa meg med eit oppslag?

 

Det gjeld garden Dale ytre:

 

Anfind Johannesson Teigen, fødd i Årdal 13.6.1850, gifte seg i Hafslo 3.6.1871 med Anna Rolandsdotter Urnes, fødd i Hafslo 2.11.1836. Dei var i mange år busette på Kaupanger i Sogndal, men flytte i 1915 til Dale ytre i Hyllestad der Anna døydde som kårkone 24.3.1920.

 

Spørsmål:

 

* Dato og stad for dødsfallet til Anfind?

 

Anfind og Anna fekk to born, sonen Roland utvandra frå Sogndal til Amerika, medan dotteri var:

 

Johanna Anfindsdotter Teigen, fødd i Hafslo 6.12.1875, gifte seg i Bergen 3.11.1905 med Ole Knutson Hatleberg, fødd i Borgund, Lærdal 17.9.1877. Johanna og Knut var ei tid plassfolk på Hatlebakk under Kaupanger i Sogndal, men flytte òg i 1915 til Hyllestad. Eg forstår det slik at dei vart gardbrukarar på Dale ytre og døydde der, Johanna i 1958 og Ole i 1961. Tre born var fødde i Sogndal: Anna, Audun og Konrad.

 

Spørsmål:

 

* Stadfesting av yrke og bustad i Hyllestad - gardbrukarar Dale ytre?

 

* Stadfesting av dødsår - eventuelle datoar og stader for dødsfalli?

 

* Talet på born fødde ETTER dei tre i Sogndal?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Her er det som eg fann i Hyllestad Bygdebok, Soga om folket, utgitt av Hyllestad kommune 1993 bind 2 av Inger Kellmer og Finn Borgen Førsund.

 

Dale Ytre i Hyllestad, bnr.2 :

 

Ole Knutson Hatleberg. gbr. 1917 - 44, f.1877, d.1961. Gift med Johanne Anfinnsdotter Teigen, f.1875, d.1958. Dei kom hit frå Borgund i Sogn i 1917.

 

Barn: 1. Anna f.1908 i Sogndal, d.1918.

2 Audun f.1911 på Ytre Dale (kan det vera rett ? mitt spørsmål). Han overtok garden etter foreldrene og var gbr. 1944 - 1979. Gift 1943 m. Olga P. Akse, f.1913. Fekk fire born, tre søner og ei dotter.

3. Konrad f.1913 til bruk nr. 3 (utskilt frå bnr.2 i 1889), eigar av bnr.3 frå 1948. Gift 1943 i Bergen med Aslaug A. Dale, f.1921. Tre born, to døtre og ein son.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.