Gå til innhold
Arkivverket

Ingebrigt Aamundson - fødd kring 1705 i Solvorn, Hafslo, budde på Eggum i Borgund, Lærdal - oppl.?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har vanskar med å kartleggja ei ætt som flytte frå Solvorn i Hafslo til Borgund i Lærdal:

 

Ingebrigt Aamundson, fødd på Øvrebø i Solvorn sokn, Hafslo kring 1705 (eller noko seinare?), skal vera gift med ei Agatha Jacobsdotter og budde på Eggum i Borgund, Lærdal. Ingebrigt døydde før 1765 og let etter seg to søner:

 

* Jacob Ingebrigtson, gifte seg visstnok i Borgund, Lærdal 16.10.1752 med ei Anna Sjursdotter (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11594&idx_id=11594&uid=ny&idx_side=-216) og skal ha butt på Eggum i Borgund.

 

* Johannes Ingebrigtson, gifte seg visstnok i Borgund, Lærdal 4.11.1764 med ei Gjertrud Iversdotter (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11594&idx_id=11594&uid=ny&idx_side=-221) og skal ha butt på Låi i Borgund.

 

Eg veit ikkje kva som står om denne huslyden i bygdeboki for Lærdal (Borgund sokn), so kanskje ein eller annan kan sjekka dette for so å supplera med datoar/årstal?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Er dette dåpen til sønnen Jacob i 1727?

 

Sogn og Fjordane fylke, Lærdal, Ministerialbok nr. A 1 (1711-1752), Kronologisk liste 1727, side 42.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11593&idx_id=11593&uid=ny&idx_side=-44

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514610639.jpg

post-541-0-17262500-1311711897_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til deg, Grethe, for innlegg her! Du har funne rett Jacob, men eg lyt oppdatera dette manuskriptet etter at det vart oppdaga ei kobling mellom denne huslyden og ein annan huslyd eg har spurt etter frå Borgund i Lærdal, nemlig denne: http://forum.arkivverket.no/index.php?/topic/172310-oppslag-i-bygdeboki-for-lcrdal-band-i-borgund-garden-eraker/page__p__1473371__fromsearch__1#entry1473371

 

Men aller først, Grethe, eg sende deg ein personleg mail i aftes som eg spent ventar at du svarar meg på! Eg har freista ringja deg no i kveld, men får ikkje svar...

 

Eg kjem attende her med oppdaterte opplysningar...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fra Ancestry:

 

Jacob Ingebrigtson Vettei (1727 - 1799)

Born in Lærdal, U Eggum on 1727 to Ingebrigt Amundson Eggum and Agathe Jacobsdtr. Jacob Ingebrigtson married Anne Siursdtr and had 4 children. He passed away on 1799 in Lærdal, Vettei U Eggum.

 

http://records.ancestry.com/Ingebrigt_Amundson_Eggum_records.ashx?pid=73217645

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Johannes Ingebrigtson og Giertru Iversdatter døpte datteren Brethe i 1770.

http://www.familysea...juris4friendly=

 

Kirkeboken,venstre side.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11594&idx_id=11594&uid=ny&idx_side=-178

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620246.jpg

 

Finner en Johannes Ingebretsen på Eggum i 1801.68 år gammel og vanfør.

http://www.digitalar...&merk=2533#ovre

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for nye interessante innlegg om denne huslyden.

 

No har eg fått oppdatert manuskriptet mitt for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ingebrigt Aamundson, f. i Hafslo kring 1707, flytte i ung alder til Borgund i Lærdal der han 4.12.1729 gifte seg med ei Agatha Jacobsdotter frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hennar?)

 

Ho var dotter av

 

¤¤¤¤¤ (foreldri?)

 

og f. i Lærdal kring 1705. Ingebrigt og Agatha slo seg ned som plassfolk på

 

¤¤¤¤¤ (kva plass?)

 

under Eggum i Borgund og budde der levetidi ut. Ingebrigt d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? - før 1765)

 

medan Agatha d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Dei fekk to søner i lag:

 

a. Jacob Ingebrigtson, døypt i Borgund, Lærdal 16.11.1727, d. i Borgund 22.3.1799. Han gifte seg i Borgund, Lærdal 16.10.1752 med Anna Sjursdotter frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hennar? – Lærdalsøyri?)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – 1721?)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – ei Anna Sjursdotter d. på Erager i Borgund 4.1.1804 – 80 år gamal – ho er det vel som i 1801 (ogso då 80 år gamal), bur på Eggum hjå husmann Knut Olson, 36 år gamal, som er kalla SON hennar – men ”vår” Anna hadde ikkje nokon slik son!???)

 

Jacob og Anna var husmannsfolk på Vettei under Eggum i Borgund, Lærdal og fekk seks døtrer i lag.

 

b. Johannes Ingebrigtson, døypt i Borgund, Lærdal

 

¤¤¤¤¤ (dåpsdato? – kring 1731? – finn han ikkje… - 1801: 68 år – 1805: 76 år)

 

d. som legdelem på Nedrelo i Borgund, Lærdal 27.3.1805. Han gifte seg i Borgund, Lærdal 4.11.1764 med Gjertrud Iversdotter frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hennar?)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli/dåpen hennar?)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – før 1801!)

 

¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – skal ha butt på Låi i Borgund (side 532?) – plassfolk?)

 

¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – inkl. dotter Britha, f. Lærdal 29.10.1770)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg vonar det er mogeleg å fylla nokre av dei hòli som her står att og takkar på ny for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet frå 2011, som diverre har stått "i stampe".  Og eg har heller ikkje vore i stand til å finna fleire detaljar om denne huslyden sidan emnet var oppe sist.

 

Er det nokon som sit med meir lokal kunnskap om ættene i Borgund, Lærdal på 1700-talet, og som kan bidra med å fylla nokre av dei hòli som er refererte i det føregåande innlegget?

 

Eg takkar so mykje for alle nye innspel og tips!

Endret av Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 måneder senere...

Eg har sett litt meir på denne huslyden og har gjort ei oppdaging om yngste sonen Johannes og huslyden hans!

 

Det var ein Johannes Ingebrigtson og ei Gjertrud Iversdotter som mellom 1776 og 1785 døypte fem born på Elvehjem i Sogndal, men det syner seg at dei gifte seg i Sogndal i 1775, so det var eit anna par!

 

MEN "våre" Johannes og Gjertrud fekk i alle fall TO born i lag, båe fødde i Lærdal:

 

* Ingebrigt Johannesson, fødd i Lærdal 28.11.1765

 

* Britha Johannesdotter, fødd i Lærdal 29.10.1770

 

So er det spørsmål om desse kan følgjast vidare?  Mori Gjertrud må vera avlidi i Lærdal (Borgund) før 1801!

 

Bortsett ifrå dette er status for denne huslyden uendra frå juli 2011!

 

Eg takkar nok ein gong for all hjelp eg kan få når det gjeld denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.