Gå til innhold
Arkivverket

Knut Samsonson - fødd kring 1760 - frå Hålandsdalen til Sogndal - eller kvar kom han ifrå?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

FT1801 for Nes (husmannsplassen Nestangen) i Sogndal syner dette parfolket:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

1280 * Knud Samsonsen Mand 37 Begge i 1ste ægteskab Huusmand med jord M

1281 Anna Johannisdtr Hans kone 60 Begge i 1ste ægteskab K

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Alderen til Anna stemmer bra; ho var fødd i Dvergedalen i Sogndal kring 1741 og døydde i Sogndal 29.11.1829. Dei vart vigde i Sogndal 21.10.1790 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11657&idx_id=11657&uid=ny&idx_side=-123). Då skriv han seg Knut Samsonson AARRE.

 

So gifte Knut seg att i Hafslo 14.6.1830 med Martha Ingebrigtsdotter frå Solvorn, døypt i Hafslo 20.6.1782.

 

Vigsli syner ikkje fødestadene, berre aldrene: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11456&idx_id=11456&uid=ny&idx_side=-121

 

Alderen hennar er oppgjeven til 48 år, og det stemmer!

 

Alderen hans er oppgjeven til 62 - som skulle tyda fødd kring 1768.

 

Knut døydde som husmann på Tangen i Sogndal 20.2.1837 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11660&idx_id=11660&uid=ny&idx_side=-236). Då er han vorten 83 år gamal!

 

Me har soleis tre fødeår på Knut, mellom 1754 og 1768.

 

Men kven er so denne Knut, og kvar kom han ifrå?

 

Eg har lenge trudd han kunne høyra til Losna-ætti, eventuelt at han kom frå Slidre i Valdres der òg foreldri til andre kona Martha var komne ifrå. Men eg finn ikkje nokon høvande Knut Samsonson der.

 

DERIMOT, dersom AARRE er eit gardsnamn, so finst det berre to stader i heile løandet, i Hå på Jæren og i Hålandsdalen i Fusa.

 

Og FamilySearch har eit spennande alternativ:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Name: Knud Samsonsen

Gender: Male

Baptism/Christening Date: 04 Sep 1758

Baptism/Christening Place: HAALANDSDAL,HORDALAND,NORWAY

Birth Date:

Birth Place:

Death Date:

Name Note:

Race:

Father's Name: Samson Solaas

Father's Birthplace:

Father's Age:

Mother's Name:

Mother's Birthplace:

Mother's Age:

Indexing Project (Batch) Number: C42323-1

System Origin: Norway-ODM

Source Film Number: 124687

Reference Number:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Denne Knut Samsonson er rett nok fødd på Solaas i Hålandsdalen, men so har me FT1801 for Aarre i Hålandsdalen som mellom anna syner denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

4011 * Johannes Samsonsen Huusbonde 44 Begge i første ægteskab Bonde og gaardbruger M

4012 Christi Torbjørnsdtr Hans kone 31 Begge i første ægteskab K

4013 Guro Johannesdtr Deres datter 2 K

4014 Ole Johannesen Tjenestedreng 29 Ugivt National soldat M

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Her er vel nokre element som kan følgjast vidare, so om nokon sit med lokal kunnskap eller eventuelt ei bygdebok for Hålandsdalen, so er det kanskje råd å få sjekka om denne Knuit Samsonson i Sogndal KAN vera derifrå?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei.

 

Denne Knut Samsonson AArra er oppførd i Hålandsdal-boka (Fusa bd. 3.) Jfr. b.boka budde han i Bergen 1782,

på Solås og på Nes Sogndal i 1803. Det er ikkje oppgjeve fødselsår på han, men foreldra er gift i 1757 og

Knut er oppførd fyrst tå borna.

 

Arne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Arne og Elin for kjempefine opplysningar! Då stemte altso teorien min om at Knut Samsonson var komen ifrå Hålandsdalen, og problemet er heilt løyst!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.