Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Birger Magnusson Bråten (1914-1973) - frå Austre Gausdal - skulesjef i Luster - opphav og vigsel?


Recommended Posts

Birger Magnusson Bråten, som opphavleg skal ha vore frå Austre Gausdal, skal vera fødd der 22.6.1914 og gifte seg, uvisst kvar, i juni 1943 med Kjellaug Gustavsdotter Forseth frå Bekkemellom i Saksumdalen, Fåberg, fødd der 5.6.1908.

 

Birger Bråten vart i 1964 tilsett som skulesjef i den nye Luster kommune og flytte då til Solvorn, men han og Kjellaug miste livet i ei bilukke på Fagernes 30.11.1973.

 

Eg har funne fødsli til Kjellaug i Fåberg, men eg finn IKKJE:

 

* Fødsli til Birger i Austre Gausdal?

 

* Vigsli deira i 1943?

 

Eg er ogso interessert i biografiske opplysningar om tidi deira FØR 1964. Kanskje er det nokon som sit med lokal kunnskap for Austre Gausdal og/eller Fåberg som kan hjelpa meg litt vidare?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Berit for kjapt svar med dåpen til Birger!

 

Eg finn ikkje Birger konfirmert korkje i Austre eller Vestre Gausdal, so kvar han voks opp, er vel eit anna spørsmål...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.