Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Recommended Posts

Ragnar Amandus Johnsen (eller Sjøthun) var fødd på Lille Damsgaard på Laksevåg 9.10.1886. Foreldri var Ingebrigt Johnsen (Sjøthun) og kona Anna Pedersdotter f. Kleppe.

 

Ragnar budde med foreldri på Laksevåg i 1900, men er borte i 1910 - finn ikkje nokon stad i Noreg.

 

Då mori døydde i 1921, seier dødsmelding at eitt av fire born då var busett i AUSTRALIA. To døtrer budde i Oslo, medan ei tredje dotter Anna Marie (fødd Laksevåg 2.9.1893) framleis har ukjend lagnad.

 

Eg mistenker Ragnar Amandus Johnsen (Sjøthun) for å vera ervingen som utvandra til Australia, men eg finn ikkje noko om dette i basene på Digitalarkivet.

 

Kan det vera militære ruller som fortel oss noko om lagnaden hans?

 

Eller andre kjelder?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.