Gå til innhold
Arkivverket

Kari Helgesdotter Aavestrud frå Flå (fødd 1849) - gift i Amerika med Ole Gilbertson - kven var han?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg finn denne huslyden i Langhei township, Pope Co., MN i 1885 (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=1058&iid=mnsc_37-0185&fn=Kari&ln=Gilbertson&st=r&ssrc=&pid=5180197):

 

~~~~~~~~~~

 

GILBERTSON, Ole 22 Norway

GILBERTSON, Kari 33 Norway

GILBERTSON, Peder 7 Norway

GILBERTSON, Gilbert 1 MN

 

~~~~~~~~~~

 

Ole Gilbertson og Kari Helgesdotter gifte seg i Benson, Swift Co., MN 13.7.1882

 

Kari Helgesdotter utvandra i 1881 i lag med søster Sigrid og sonen Peder: http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=10&filnamn=EMIOSLO&gardpostnr=53256&merk=53256#ovre

 

Kari Helgesdotter var fødd på Flå i Hallingdal 15.12.1849 som dotter av husmann Helge Pederson på Øyne under Åvestrud og kona Margit Willumsdotter frå Bakko under Tollefsrud.

 

Problemet mitt er å identifisera denne Ole Gilbertson? Eg trur kanskje han òg hadde opphavet sitt frå Flå i Hallingdal, men greier ikkje finna prov for dette!

 

Kanskje einkvan med lokal kunnskap om ætter på og frå Flå kan løysa dette problemet? Kanskje bygdeboki frå Flå har svaret?

 

Eg manglar òg opplysningar om lagnaden, d.v.s. opplysningar om dødsfallet hans, til denne Ole Gilbertson, men det er vel for mykje å vona på...?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i kveld motteke ei melding om at Ole Gilbertson skal vera fødd i og utvandra frå EGGEDAL i Sigdal. Eg vil gissa på at namnet hans der var Ole Gulbrandson, men er det mogeleg å identifisera han?

 

Eg har sjekka ut emigrantlistene over Christiania, og eg finn i grunnen berre EIN god kandidat: http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=27&filnamn=em03011867tillegg&gardpostnr=10862&merk=10862#ovre

 

Denne Ole Gulbrandson utvandra til Benson, MN i 1880 og var 18 år - passer heilt perfekt, om han kan identifiserast...? Han er ikkje skriven utvandra i kyrkjebøkene for Sigdal, korkje frå hovudsokni eller frå Eggedal...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyana

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Finner en Ole Gulbrandsen,døpt 13 juli 1862 i Eggedal.Foreldre Gulbrand Engebretsen og Elie Tostensdatter.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...y&idx_side=-177

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...70312650698.jpg

 

 

1865.

http://www.digitalar...&merk=3375#ovre

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei

Jeg finner Ole Gulbrandsen under Grønnhovd i Sigdalsboka, side 894.

Foreldre Gulbrand Engebretsen f.1827 g.1850 med Eli Tostensdatter f.1829

Barn:

1. Ingeborg f.1851 døde ugift i 1919

2. Gjertrud f.1854 døde ugift i 1916

3. Engebret f.1854 g 1895 med Ragne Nilsdatter Helgeseth

4. Torsten f.1857 g 1881 med Marit Andersdatter

5. Knud f.1858 g.m.Helge Johannesdatter

6. Gulbrand f. 1860 til Amerika 1879

 

7. Ole f. 1862 til Amerika

8. Kittil f.1863 g.Marte Larsdatter Mollerud

9. Erik f.1865 til Amerika

10. Lars 1868 g.1895 m Kristi Helgesdatter

11. Halvor f.1878 til Amerika 1889

 

Alf.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary og Alf for spennande innlegg om denne huslyden!

 

Eg ser at Ann-Mary fann desse folki i 1865 som plassfolk på Enderud under Kopseng i Eggedal. Dpå finn eg det merkeleg at Alf finn dei plasserte under nabogarden Grønnhovd i bygdeboki. Kan det tenkjast at dei flytte i seinare år? Eg ser at sonen Engebret, fødd 1854, var ein tur i Amerika i 1879, og då heiter han "Kopsengseiget" (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1219&idx_id=1219&uid=ny&idx_side=-128).

 

Gulbrand skal òg ha utvandra i 1879, men han ser eg ikkje nemnd.

 

Kanskje me kan gå ut ifrå at det er den rette Ole Gulbrandson som er funnen?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har funne vigsli til foreldri, Gulbrand Engebretson og Eli Torstensdotter 17.11.1850 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8508&idx_id=8508&uid=ny&idx_side=-92) og ser at Gulbrand var frå Grønhovdseiget, medan Eli var frå Kopsengseiget.

 

Går det kan henda fram av bygdeboki kva plassar under desse gardane dei hadde opphav ifrå?

 

Eg takkar igjen for hjelpi med denne huslyden!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.