Gå til innhold
Arkivverket

Kaare Hans Rasmussen (1914-1991) - trygdesjef i Lier kommune - biografi?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Kaare Hans Rasmussen, opphavleg frå Drammen(?), var fødd 7.5.1914 og døydde 7.6.1991. Han skal ha gift seg i Dramnmen 8.4.1972 med Solveig Persdotter Klingenberg, fødd i Bergen 10.6.1919. Ho døydde 20.9.1986. Dei fekk ikkje born i lag.

 

Slekt fortel at Kaare Hans var trygdesjef i Lier kommune, medan Solveig var kontordame.

 

Eg saknar noko meir biografiske opplysningar om denne Kaare Hans Rasmussen og vonar på hjelp?

 

* Fødestaden til Kaare Hans Rasmussen?

 

* Kven var foreldri hans?

 

* Dødsstaden til både Kaare og Solveig Rasmussen?

 

* Bustaden deira?

 

* Stadfesting av vigselsstaden deira?

 

* Andre yrke for Kaare Hans Rasmussen?

 

* Hadde kanskje Kaare Hans Rasmussen vore gift før? Opplysningar om dette?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ved eit google-søk fann eg eigedomsoverdraging frå denne personen til Hans Petter Rasmussen i 1992 av Øvre Frognerlia 12, gnr 50, bnr 198

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Reknar med at det er han eg finn på Frogner kirkegård i Lier, Kaare Rasmussen 1914-1991. Gravlagt saman med Enid Rasmussen 1927-1969. Kanskje første hustru?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Bjørg for interessant svar! Då er me vel, so vidt eg forstår, på Frogner i Lier? Truleg var det der Kaare Hans og Solveig budde, og eg vil tippa på at denne Hans Petter er ein son av Kaare og ei første kone...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På Dis gravminner fant jeg: Einar RAsmussen bisettelse 15/2 1938, Harda Rasmussen bisettelse 5/12 1966, Bragernes begge i grav: Felt TB/Rad 3/ Grav 2. Så fant jeg en Hans K RAsmussen bisettelse 26/4 1940 Bragernes i grav F TD/R 5/ Grav 8. Hvema kan denne Hans K ha vært.

 

Jeg har ikke funnet Einar/Einer Henry Rasmussen i 1900 og 1910. Jeg har heller ikke funnet vielsen til Einar og Harda.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Berit for fleire gode og nyttige innlegg!

 

Då er opphavet til Kaare Rasmussen "på plass", men eg freista finna fødsli til første kona Enid Mary Moen i Strømsø. Utan hell! Ved lysingi står 1926, medan det på gravstøtta står 1927... Kva kan vera det rette?

 

Eg ser at Kaare var bokhaldar i 1946, men den seinare yrkesutviklingi er førebels ukjend... Elles manglar eg og:

 

* Nøyaktig dato og stad for dødsfallet hennar Enid og

 

* Dødsstadene til Kaare og Solveig?

 

* Kanskje kan me ogso få greie på kor mange born Kaare fekk med Enid...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Berit for nye flotte opplysningar!

 

Dei resterande detaljane kan me vel berre få tak i om me kjem i kontakt med eitt av borni i denne huslyden eller om det finst ein biografi for Kaare Rasmussen ein eller annan stad...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.