Gå til innhold
Arkivverket

Nicholas P. Foss, fødd i Noreg aug. 1857 - utvandra 1877 - kven kan no han ha vore?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

 

Det er kanskje denne, nummer 2, Nils Pedersen Rimold ?

 

 

Kildeinformasjon: Telemark fylke, Ytre Flåbygd i Lunde, Ministerialbok nr. II 2 (1861-1881), Inn- og utflyttede 1875-1881, side 85.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1464&idx_id=1464&uid=ny&idx_side=-65

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20051004010885.jpg

 

 

Han reiser sammen med nummer 3, Knud Olsen Rimold, til samme sted (Red Wing, Minnesota).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven, Ann-Mary og Ole Jon for nye spennande og utfordrande innlegg!

 

Her er det komme fram eit par nye "kandidatar" for Nick P. Foss, og kanskje særleg "kandidaten" frå Sandsvær, som jo hadde direkte tilknytting til ein gard Foss, men veit me om han utvandra til Amerika?

 

Elles har desse nye "kandidatane" det felles, at dei ikkje er fødde i eller nær august, og dei er vel kanskje litt i eldste laget etter at dei fleste opplysningane frå Amerika synest å plassera "vår" Nick aldersmessig noko nærare 1860?

 

Eg har i kveld gjennom dialog med ELCA i Chicago, IL freista finna ut noko meir om den Nick Foss som i 1881 hadde kone og son i Chicago, IL. men det har ikkje vore mogeleg å finna andre spor etter denne Nick Foss!  Og eg kan ikkje sjå at han budde i Chicago, IL i FT1880!

 

Kanskje burde me freista finna aktuelle "kandidatar" som utvandra mellom 1874 og 1883 og med fødselsår mellom 1857 og 1862?  Er det ein tanke å byrja med passasjerlistene og derifrå gå til fødselslistene i kyrkjebøkene?

 

Elles er det vel òg eit spørsmål om ikkje Nick Foss har vore ein "bygut"?  Bustader som Chicago, IL, Minneapolis, MN og Grand Forks, ND og eit yrke som målar synest tyda på det!?

 

Dette problemet er ei skikkeleg utfordring, men eg har god tru på at løysingi ligg der ute ein stad, og eg takkar nok ein gong so mykje for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det finnes i alle fall ingen Nils eller Nikolai (i alle mulige varianter) med etternavn som inneholder Foss i emigrasjonslistene. Kunne han bare ha tatt navnet Nick Foss etter at han kom til Amerika ? Da blir han vanskelig å finne.

 

Har også søkt på Nils og Nikolai (i alle mulige varianter) med etternavn som begynner på pe, uten å finne noen som passer særlig bra.

 

Hvis jeg "later som" han ikke heter Nils eller Nikolai, så fant jeg en Hans Peter Olsen født 25-8-1857 i Østre Toten

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8956&idx_id=8956&uid=ny&idx_side=-15
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070202630518.jpg

 

Her i 1865

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038069006552

 

Han emigrerer i 1879 og kaller seg da Hans Peter Pedersen, er maler og skal til Chicago

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000000437320

 

Det blir jo egentlig bare spekulasjoner....

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for dette siste utfordrande innlegget om Nick Foss!

 

Eg har gått og tenkt på denne "kandidaten" frå Toten sidan eg las innlegget ditt, Carsten, og kanskje er ikkje tankegangen din so heilt borte vekk:

 

Her har me å gjera med ein person som:

 

* har "rett" fødselsår og -månad.

 

* har "nesten rett" utvandringsår

 

* har "rett" yrke

 

* har "rett" reisemål i Amerika

 

Me kjenner døme på personar som fullstendig har "vridd" namni sine i Amerika, ikkje minst i Chicago, IL, og Hans Peter Pedersen KAN vera ein av dei.

 

Hadde det vore ein tanke å freista finna nokon i Amerika som elles høver med dette "signalementet"?  Ved ei første sjekking finn eg ikkje nokon som høver...

 

Eg takkar på ny for kjempefin innsats for å løysa dette problemet og vonar på fleire innspel!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Eg vil i kveld gjerne gjera ein siste freistnad på å løysa dette problemet.  Eg har plukka ut dei to mest "relevante" kandidatane, men treng hjelp til å finna DØDSFALLI til minst ein av foreldri til kvar av dei for eventuelt å kunna sjekka ut SKIFTI DEIRA eller DØDSMELDINGANE DEIRA?

 

Frå innlegg #12 og 13 - summert i innlegg #19:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Hans Pedersen (Vestingen?) og Caroline Laurentia Christophersdotter Berg gifte seg i Domkyrkja, Christiania 15.11.1841 (http://www.arkivverk...y&idx_side=-311) og får desse borni (kjelde FamilySearch):

 

* Carl Christian, f. i Domkyrkja, Christiania 9.5.1842

 

* Peter Anton, f. i Strømsø 18.11.1843

 

* Gunnerus Marinus, f. i Strømsø 17.2.1846

 

* Caroline, f. i Strømsø 25.6.1848

 

* Anna Marie, f. i Strømsø 12.10.1850 - ?1910: http://digitalarkive...f01036392139750

 

* Nikolai, f. i Strømsø 24.7.1856 - utvandra som styrmann til Chicago, IL i 1879 - er han Nick P. FOSS?

 

* Emilie, f. i Strømsø 15.8.1859 - ?1910: http://digitalarkive...f01036392208700

 

* Laurits, f. i Strømsø 21.6.1864

 

Her er huslyden på Strømsø i 1865: http://digitalarkive...f01038081004758

 

Hans Pedersen er skreddarmeister og fødd i Ullensaker 1814, medan Caroline var fødd i Drammen 1818.  Let det seg gjera finna dødsfalli deira?

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

So har me frå innlegg #28:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Denne huslyuden budde 1865 som plassfolk i Engehagen Vestre Toten:

 

Ole Pederson 51  Vestre Toten husmann utan jord

Agnette Haagensdotter 47  Vestre Toten  kone

Pauline Helene Olsdotter, fødd Austre Toten 29.10.1850 - FT1910? http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036440005683

Helmine Olsdotter, fødd Austre Toten 26.4.1854

Hans Petter Olson, fødd Austre Toten 25.8.1857

Ole Anton Olson, fødd Vestre Toten 15.3.1860

Inga Marie Olsdotter, fødd Vestre Toten 6.1.1864

 

Denne Hans Petter Pedersen(!) utvandra som målar til Chicago, IL i 1879 (http://digitalarkive...e00000000437320)!

 

Eg meiner å hugsa det sit folk med "spesialkompetanse" på folket på Toten, og før me børjar leita etter fleire detaljar, kanskje finst det ei BYGDEBOK for Vestre Toten som kan bidra med fleire opplysningar??

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det hadde vore som å treffa "toppen av kransekaka" om me greidde finna opphavet til Nick Foss i Amerika, og takksemdi mi vil vera kjempestor om det lukkast!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg ønskjer nok ein gong henta fram att dette problemet, og eg vil denne gongen ta utgangspunkt i innleggi #12 og #13 til Grethe!

 

Hans Pedersen (Vestingen?) og Caroline Laurentia Christophersdotter Berg gifte seg i Domkyrkja, Christiania 15.11.1841 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=661&idx_id=661&uid=ny&idx_side=-311) og får desse borni (kjelde FamilySearch):

 

* Carl Christian, f. i Domkyrkja, Christiania 9.5.1842

 

* Peter Anton, f. i Strømsø 18.11.1843

 

* Gunnerus Marinus, f. i Strømsø 17.2.1846

 

* Caroline, f. i Strømsø 25.6.1848

 

* Anna Marie, f. i Strømsø 12.10.1850 - ?1910: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036392139750

 

* Nikolai, f. i Strømsø 24.7.1856

 

* Emilie, f. i Strømsø 15.8.1859 - ?1910: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036392208700

 

* Laurits, f. i Strømsø 21.6.1864

 

Her er huslyden på Strømsø i 1865: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038081004758

 

Hans Pedersen er skreddarmeister og fødd i Ullensaker 1814, medan Caroline var fødd i Drammen 1818.

 

Eg ser IKKJE namnet Foss nokon stad, men me hare vel ikkje so mange alternativ for ein som må vera fødd kring 1860 og utvandra kring 1878?

 

~~~~~

 

FOR, eg er ganske overtydd om at det var "vår" Nick Foss som 6.10.1881 med kona Margretha fekk ein son i Chicago, IL

 

Den same Nick er nok mannen som i 1885 under namnet Nick Fuss var busett i Minneapolis, MN - då åleine, 25 år!

 

Minneapolis city directories (http://box2.nmtvault.com/Hennepin2/jsp/RcWebBrowse.jsp) syner:

 

1882/1883: no entry

1883/1884: no entry

1884/1885: N. P. Foss pts. St P R'y r 118 Cedar Ave. So

1885/1886: Nicholas Foss emp W. Babcock

1886/1887: no entry

1887/1888: Nicholas P. Foss ptr. r1920 S 2d

1888/1889: no entry

1889/1890: no entry

 

Han var med andre ord i Minneapolis, MN frå kring 1884 og fram til kring 1888.  Eg har ikkje undersøkt om andre personar med namn Foss budde på dei same adressene...

 

Og soga frå 1893 kjenner me jo frå før...

 

Er det mannen frå Strømsø i Drammen??

 

Eg vonar på nye tankar og innspel og takkar øå ny so mykje for hjelpi!

 

Jeg har fulgt denne diskusjonen med interesse og gjenkjennelse fra egen "forskning" på utvandret slekt i Amerika. Det som ikke var helt uvanlig ved ankomst Amerika, var navneskift.Gårds- og stedsnavn var finere enn sen-navn. Husmenn tok ofte gårdsnavnet (stjal navnet, mente berørt gårdsfamilie), eller de fant på et "finere".

 

Foss er navnet på to steder (gårder?) i Kristiania (Øvre og nedre Foss). Dette var områder i Kristiania hvor mange fabrikker og dermed arbeidsfolk kjente til. Kanskje Foss-navnet fulgte med familien i form av historier, hendelser o.l.?

 

Ja, ja, det gjør ikke saken enklere...

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

For orden skyld, sammen familie på Strømsø i 1875:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052111008466

 

Foreldrene var fremdeles i live i 1885: 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01053263017990

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01053263017991

 

I 1875 er det også registrert en bror av Nicolai som heter Gunerus. Han er skreddersvenn.

 

Jeg ser av emigrantlistene for Drammen at Nicolai Pedersen og Gunnerius Pedersen emigrerer samme dag - 01.08.1879:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000000441326

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000000441327

 

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Hans Martin og Grethe for nye spennande innlegg!

 

Eg har søkt etter Gunnerius i Amerika, men so langt ser eg ikkje noko meir til han heller.

 

DERIMOT, so har eg blatt igjennom avlidne i Strømsø, og eg har finne desse dødsfalli:

 

"Ægtem Bankbud" Hans Pedersen, fødd i Ullensager 1814, døydde i Strømsø 10.6.1888 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=5573&idx_id=5573&uid=ny&idx_side=-274).

 

"Bankbud Hans Pedersens Enke Karoline Pedersen, f. Berg, fødd Bragernes 1818, døydde i Strømsø 19.6.1895 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=4207&idx_id=4207&uid=ny&idx_side=-280)

 

Eg kan ikkje sjå at dødsmeldingslistene for Drammen/Strømsø ligg ute, i alle fall ikkje for denne tidsperioden, so eg vil senda eit spørsmål om dette til Arkivforum på Kongsberg!

 

Eg er svært spent på kva svar eg får, men vil samstundes ikkje gløyma huslyden på Toten...  Kanskje er det nokon som veit litt om dei folki me der ser etter (sjå innlegg #30 over)?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips og kommentarar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i dag motteke svar på Statsarkivet på Kongsberg med opplysningar om ervingane etter bankbod Hans Pedersen (http://forum.arkivverket.no/topic/197340-d%C3%B8dsmeldingar-eventuelt-skifte-drammenstr%C3%B8ms%C3%B8-18881895/?p=1668534), som refererer til sonen Nikolai Pedersen i Chicago, IL.  Og so fann eg dette dødsfallet registrert i Chicago, IL:

 

Name: Nicholai Pederson

Birth Date: 24 Jul 1856

Birth Place: Norway

Death Date: 13 May 1917

Death Place: Chicago, Cook, Illinois

Burial Date: 16 May 1917

Burial Place: Chicago, Cook, Illinois

Cemetery Name: Mt Olive

Death Age: 60

Occupation: Elevator Man

Race: White

Marital Status: Married

Gender: Male

Residence: Chicago, Cook, Illinois

Father Name: Hans Pederson

Father Birth Place: Norway

Mother Name: Carolina Berg

Mother Birth Place: Norway

FHL Film Number: 1309054

 

Både fødselsdato og namn på foreldri stemmer "på ein prikk", so ingen tvil om at dette er "kandidat" Nikolai frå Drammen!  Men samstundes tyder det at han IKKJE kan vera identisk med Nick P. Foss i North Dakota, so då kan me endeleg avskriva denne karen.

 

Då lyt me freista Toten...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i dag motteke svar på Statsarkivet på Kongsberg med opplysningar om ervingane etter bankbod Hans Pedersen (http://forum.arkivverket.no/topic/197340-d%C3%B8dsmeldingar-eventuelt-skifte-drammenstr%C3%B8ms%C3%B8-18881895/?p=1668534), som refererer til sonen Nikolai Pedersen i Chicago, IL.  Og so fann eg dette dødsfallet registrert i Chicago, IL:

 

Name: Nicholai Pederson

Birth Date: 24 Jul 1856

Birth Place: Norway

Death Date: 13 May 1917

Death Place: Chicago, Cook, Illinois

Burial Date: 16 May 1917

Burial Place: Chicago, Cook, Illinois

Cemetery Name: Mt Olive

Death Age: 60

Occupation: Elevator Man

Race: White

Marital Status: Married

Gender: Male

Residence: Chicago, Cook, Illinois

Father Name: Hans Pederson

Father Birth Place: Norway

Mother Name: Carolina Berg

Mother Birth Place: Norway

FHL Film Number: 1309054

 

Både fødselsdato og namn på foreldri stemmer "på ein prikk", so ingen tvil om at dette er "kandidat" Nikolai frå Drammen!  Men samstundes tyder det at han IKKJE kan vera identisk med Nick P. Foss i North Dakota, so då kan me endeleg avskriva denne karen.

 

Då lyt me freista Toten...

 

Kan det tenkjast at han eigentleg var frå Voss?, altso ein eller annan Nils Pederson frå Voss?? Som me veit så vert bokstaven _V_ uttala _F_ på tysk og det tyske emigrantmiljøet i Midtvesten var no minst like stort som det skandinaviske, om ikkje større. Og det kan vel godt henda at ein handverkar frå til dømes Voss hamnar i hop med tyske emigrantar, eller? Det er naturlegvis berre ein høgtflygande strøtanke frå mi side.

 

Men for ein engelsktalande byråkrat fell det ikkje naturleg å bokstavera ordet 'foss' som 'voss'. - Foss vert sjølvsagt transkribert 'foss' for å seia det slik, i alle høve i offisielle amerikanske lister.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for nytt spennande innlegg!

 

Med slike oppgåver som me stadig vert konfronterte med, lyt ein vera òpen for alle mogelege løysingar.  For heilt klårt er det; ein eller annan stad der ute finst det ein "riktig" Nick Foss med fødestad og røter i Noreg, og den dagen då ALLE emigrantar er registrerte og ein kan ta til med detaljanalyse av ALLE nordmenn i Amerika, vil me sitja att med ein større eller mindre "bunke" uplasserte personar som ein då lyt samanlikna mot kvarandre, og Nick Foss vert truleg ein av dei!

 

Finn du forresten nokon Nils Pederson frå Voss som kan vera aktuell i denne samanhangen?

 

Elles vil eg nok ein gong få takka for alle innspel og kommentarar kring denne utfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

So har eg då endeleg fått ei avklaring ogso når det gjeld "kandidaten" frå Toten, Hans Peter Olsen (Pedersen), fødd 1857, som utvandra frå Toten som målar til Chicago, IL i 1879.

 

Det syner seg nemlig at Hans Petter Olsen vart GIFT i 1876 med ei jente frå Toten, og dei fekk mange born, rett nok med eit "gap" i 1879-1880, men so kom Hans Petter attende og fekk fleire born fødde i 1880-åri!

 

So då er me "attende til start" - eller "back to square #one" - som dei seier der borte...

 

Eg har ei kjensle av at me berre lyt lata liggja dette problemet enn so lengje...  Før eller sidan vil nok svaret komma for ein dag, men kva tid...?

 

Eg takkar på ny for alle gode freistnader og tips i denne saki!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

For å prøva hjelpa litegrann so har eg no funne fram alle matrikulerte gardsnamn i dei tre vestlandsfylka S&Fj, Hrdl og Rogl.

Eit samla oversyn over desse ser då slik ut, sånn nokonlunde sett opp frå nord mot sør:

 

Foss:

 

- i Bø sokn i Hyllestad

- i Sande sokn i indre Holmedal (no Gaular kommune)

- i Stedje sokn i Sogndal

- i Suldal sokn i Suldal

- i Hjelmeland

- i Bjerkreim

 

Fosse/Fosso:

 

- i Leikanger

- i Vik

- i Alversund (no Lindås kommune)

- i Meland

- i Evanger (2 - Fosse i Bergsdalen og Fosse i Eksingadalen. No i Vaksdal kommune)

- i Vikøy sokn i Kvam

- i Øystese sokn i Kvam

- i Strandebarm (2 - store og litle Fosse)

- i Gjerde sokn i Etne

 

Fossen/Fossåen:

 

- i Førde

- i Kyrkjebø (no Høyanger kommune)

- i Jostedalen (men dét veit du sjølvsagt)

- i Solheim sokn i Masfjorden

- i Strandvik sokn i Fusa

 

Vyrdsamt, Terje :)

 

Endret av Terje Hatvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for siste utfordrande innlegg!

 

Me lyt nok berre slå fast at Nick Foss høgst truleg har hatt ei tilknytting til ein gard eller plass med namnet Foss, eller kanskje Fosse, Fossen eller liknande, men me veit jo ikkje kvar i landet han kom ifrå.  Og det kan jo vera far hans som var frå ein Foss-gard...

 

Eg set stor pris på freistnadene dine, Terje, for å hjelpa, men eg er redd for at ei leiting gjennom alle Foss-gardar og -plassar frå nord til sør i landet vil vera svært so omfattande.  Eg er nok helst litt rådvill i denne saki...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.