Gå til innhold
Arkivverket

Kristoffer Nikolai Halvorsen (1878) på Notodden - lagnad for han og kona?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Kristoffer Nikolai Halvorsen, fødd i Årstad, Bergen 9.4.1878 som son av verksarbeidar Halvor Hansen (frå Kuven på Os) og kona Anna Christophersdotter (frå Sjøtun i Hafslo), var i 1926 busett på Årlifoss i Heddal ved Notodden. Der fekk han ein einaste son som overlevde far sin: Kristian Gotfred Halvorsen, fødd 23.10.1922: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=4810&idx_id=4810&uid=ny&idx_side=-139. Kristian døydde i Oslo i 1999.

 

Det går fram av klokkarboki for Notodden at mori heitte Johanne Marie Gulliksen, fødd 1882.

 

Eg har søkt vigselsregisteri for Notodden og Heddal sokn i Heddal attende til 1917, men finn ikkje vigsli til dette paret. Heller ikkje finn eg nokon høvande Johanne Marie Gulliksen i FT1910.

 

So er spørsmålet: Er det nokon som sit med lokal kunnskap på Notodden eller i Heddal som kan hjelpa meg vidare med følgjande:

 

* Identifikasjon av Johanne Marie Gulliksen?

 

* Vigsli til Kristoffer og Johanne?

 

* Kva lagnader fekk Kristoffer og Johanne (dato og stad for dødsfalli deira)?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Finner denne Johanne Marie i Horten i 1882

 

Vestfold fylke, Horten, Ministerialbok nr. 3 (1878-1887), Fødte og døpte 1882, side 41.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=3531&idx_id=3531&uid=ny&idx_side=-44

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060516050313.jpg

 

Finner ikke Johanne med foreldrene i 1900 http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1900&knr=0703&kenr=001&bnr=0163&lnr=01

 

 

 

Så er det ei Gunhild Johanne Marie som blir døpt i Lunde i Telemark i 1881:

 

Telemark fylke, Lunde i Lunde, Ministerialbok nr. I 1 (1866-1883), Fødte og døpte 1882, side 48.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=5978&idx_id=5978&uid=ny&idx_side=-52

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061127310514.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Horten Tekniske Skole 1855-1955:

 

Kristoffer N. Halvorsen, f.9-4-1878 i Bergen. Foreldre smed Halvor Hansen og hustru Anna, f. Pedersen. Arbeidet 15 år som dreier, filer og formann ved armaturfabrikk. Uteksaminert H.T.S. juni 1909.

 

Videre har han gjennomgått et kurs i skipskonstruksjon, har maskinistskolen, International Correspondance School og Chicago Technical College. Han har vært ansatt som maskinarbeider ved C.P.R. Jernbaneverksted, Sutherland, Saskatoon, Canada, maskintegner og konstruktør ved Bycurus Co., Milwaukee, Wis., U.S.A., maskiningeniør ved Det norske Rørvalseverk, og Røstvangen. Fra 1921 ansatt som maskinist ved Aarlifos Kraftanlæg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fra samme bok:

 

Kristian Gotfred Halvorsen, født 23-10-1922 på Notodden. Foreldre ingeniør Kristoffer N. Halvorsen og hustru Marie, f. Gulliksen. Han har eksamen artium og praksis i 2 år ved Horten Flyfabrikk og 1 år ved Marinens Hovedverft. Uteksaminert H.T.S. juni 1949. Han er i 1954 ansatt i teknisk avdeling i maskinfirmaet William Knudsen A/S, Oslo.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Carsten for kjempeflotte innlegg! Eg er på ny imponert over kva de finn!

 

Eit landssøk i gravminnene hjå DIS-Noreg har no avslørt dei sletta gravene etter Kristoffer og Marie Halvorsen, i Horten. Kristoffer døydde i 1936, medan Marie døydde 3.12.1971.

 

Kan me gissa på at Kristoffer døydde på Årlifoss, men at han vart gravlagd i Horten, og at enkja då flytte attende til Horten der ogso sonen hadde skulegongen sin?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Hjarteleg takk til Grethe og Carsten for kjempeflotte innlegg! Eg er på ny imponert over kva de finn!

 

Eit landssøk i gravminnene hjå DIS-Noreg har no avslørt dei sletta gravene etter Kristoffer og Marie Halvorsen, i Horten. Kristoffer døydde i 1936, medan Marie døydde 3.12.1971.

 

Kan me gissa på at Kristoffer døydde på Årlifoss, men at han vart gravlagd i Horten, og at enkja då flytte attende til Horten der ogso sonen hadde skulegongen sin?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

Hei jeg er barnebarnet til Kristoffer og Marie og Kristian var min far. Vennligst ta kontakt. Dette var utrolig spennende.

Mvh

Grethe Elisabeth Islann

Horten

 

grethe.elisabeth@tele2.no

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei jeg er barnebarnet til Kristoffer og Marie og Kristian var min far. Vennligst ta kontakt. Dette var utrolig spennende.

Mvh

Grethe Elisabeth Islann

Horten

 

grethe.elisabeth@tele2.no

 

Hei jeg er barnebarnet til Kristoffer og Marie og Kristian var min far. Vennligst ta kontakt. Dette var utrolig spennende.

Mvh

Grethe Elisabeth Islann

Horten

 

grethe.elisabeth@tele2.no

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Grethe Elisabeth!

 

Eg har lese meldingi di på Digitalarkivet og takkar deg for at du har teke kontakt.

 

Eg er bygdebokskrivar for Luster kommune i Sogn, og mori til Kristoffer var fødd og oppvaksi i Hafslo prestegjeld, som sidan 1964 har vore ein del av Luster kommune.

 

Her er kva eg har skrive i manuskriptet mitt om Kristoffer Halvorsen og huslyden hans:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

f. Kristoffer Nikolai Halvorsen, f. i Årstad 9.4.1878, d. på Årlifoss i Heddal 15.9.1936. Han gifte seg i Horten 2.4.1921 med Johanne Marie, kjend som Marie Christiansdotter Gulliksen frå Horten, f. i Horten 16.9.1882. Ho d. på ein pleieheim i Horten 3.12.1971. Kristoffer tok til som metallarbeidar, men gjekk sidan den tekniske skulen i Horten der han etter endt skulegang i 1909 tok etterutdanning i Chicago, Ill. Sidan var han ei tid maskinarbeidar og maskinkonstruktør i Saskatoon, Sask. og i Milwaukee, Wis. til han fekk arbeid som maskiningeniør i Christiania. I 1921 vart han so tilsett som maskinist ved kraftverket på Årlifoss i Heddal, Notodden. Der vart dei buande so lenge Kristoffer levde, men som enkje flytte Marie attende til Horten. Dei fekk ein son i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Og her er kva eg har skrive om foreldri til Kristoffer:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

4. Anna Christophersdotter, f. 22.3.1848,

Anna Christophersdotter flytte i 1865 til Bergen og gifte seg i Årstad 16.6.1867 med Halvor Hansson frå Kuven i Os, kjend som Halvor Hansen. Han var son av gardbrukar og båtbyggjar Hans Arneson på Kuven og kona Guro Halvorsdotter frå Halgjem og f. i Os 30.1.1841. Halvor var smed og verksarbeidar i Solheimsviken, og huslyden busette seg på Krohnsminde i Årstad ved Bergen der Halvor d. 25.7.1893. Anna Hansen d. same staden 18.7.1926 og var då busett i Solheimsgaten. Dei fekk sju born i lag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Om du finn feil i det eg har skrive, so vonar eg at du fortel meg om det?

 

Foreldri til Anna var Christopher Petterson Havnen (Sjøthun) (1807-1886) og Christi Olsdotter (Kreken, Urnes) (1818-1905). Dei var husmannsfolk på ein plass i Hamni under garden Sjøtun i Hafslo, men utvandra til Amerika i 1870 og farma sidan nær Mondovi, Buffalo Co., WI. Dei fekk sju born i lag, som alle utvandra til Amerika med unntak av Anna, di oldemor, og ei søster Johanna, som i 1860-åri flytte frå Sogn til Halden, men som elles er heilt ukjend. Søskeni som utvandra til Amerika, har svært mange etterkomarar spreidde over heile Amerika. Ei av søstrene var gift fire gonger og fekk i alt tolv born, fordelt på alle fire ekteskapi!

 

Forfedrane til Christopher og Christi kan stort sett følgjast attende til 1600-talet i Luster kommune.

 

Når det gjeld Anna og Halvor Hansen, fekk ogso dei sju born i lag. To døtrer døydde som born, medan yngste dotteri Ingeborg Gerhardine Christine, kjend som Dina Hansen (1880-1944) døydde ugift i Bergen. Ei anna dotter Emilie Josefine Christiansen (1874-1907) var gift i Bergen og hadde tre born, men eg kjenner ikkje til etterkomarar etter dei. So var det tre søner:

 

* Kristoffer Nikolai Halvorsen (1878-1936), bestefar din.

 

* Hans Christian Halvorsen (1869-1944?) som utvandra til Brooklyn, NY i 1908 og der gifte seg i 1915 med ei Emma Olsen. Eg trur dei fekk ei dotter Erna, fødd i Brooklyn, NY i 1913, men elles veit eg ikkje noko meir om denne huslyden!

 

* Henrik Amandus Halvorsen (1876- ), reiste til sjøs som maskinist og levde framleis i 1910, men den seinare lagnaden hans er ukjend.

 

Har du nokon gong høyrt gjete desse to onklane til far din, Hans og Henrik, eller om "kusine" Erna i Amerika? I so fall ville eg setja stor pris på å få høyra om dei...

 

Eg takkar på ny for at du tok kontakt, og eg takkar deg so mykje på førehand for alle tilleggsopplysningar du måtte ha om dei nemnde personane.

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

lars.e.oyane@sdsl.no

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Et par detaljer om lokalgeografien:

 

Den opprinnelige kommunen var Heddal/Hitterdal. I 1913 ble bykommunen Notodden opprettet, ved at byen, fabrikk- og kraftverksområder mv ble skilt ut fra Heddal. Så vidt jeg kan forstå ble Årlifoss da del av Notodden - i hvert fall ligger ikke Årlifoss i det vi i dag tenker på som Heddal, som er dalen med Heddøla i bunnen. Årlifoss ligger i Tinnelva og kraftverket eies og drives i dag av Skagerak Energi.

 

Heddal og Notodden ble slått sammen i 1964 og kommunen ble hetende Notodden.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Supplering: Årlifossen låg i Tinnåa i Lisleherad sokn i gamle Heddal prestegjeld. Kraftverket Årlifoss ligg i Tinnåa langt opp i Lisleherad, nesten på grensa til Gransherad.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.