Gå til innhold
Arkivverket

Josephone Elene Paulsdotter frå Kleppegjerdet i Hærøy på Sunnmøre, fødd 1879 - utvandra 1899? - opphav?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Frå Amerika får eg opplyst følgjande:

 

Josephine Elene Paulsdotter frå Kleppegjerdet i Hærøy på Sunnmøre, skal vera fødd i Ålesund 30.10.1879 og utvandra til Amerika i 1899.

 

Foreldri er ukjende, men ho hadde ein onkel og tante i Amerika: Mr. and Mrs. Dan Leidahl

 

Eg har blatt i kyrkjebøkene både i Ålesund og i Hærøy, men eg finn ikkje denne fødsli nokon stad!

 

Er det nokon med lokal kunnskap som kan hjelpa meg vidare?

 

Eg er interessert i:

 

* Fullt namn på jenta?

 

* Dato og stad for fødsel?

 

* Utvandringsår?

 

* Fulle namn på foreldri med yrkestitel, bustad og opphav?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Elin for flott innlegg! Du har løyst heile problemet for meg, og er berre kjempenøgd!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

For dei som har bruk for detaljar:

Paul Ellefson/Eilevson Kleppegjerde vart fødd 12. november 1850 og døydde 18. mai 1932. Anne Dorte Ananiasdotter f. Kleppe(strand) vart fødd 17. september 1847 og døydde 15. mai 1931. Begge var opphavleg frå to forskjellige bruk (br. 9 Kleppegjerdet og br. 3 Kleppestrand) på matrikkelgarden Kleppe.

 

Eg kan leggje til at Mr. and Mrs. Dan Leidahl i USA er identisk med Daniel Nilsson Liadal (1843-1914) frå Ørsta og kona Anne Gjertine Ananiasdotter Kleppe(strand) (1838-1925) frå Herøy. Dei utvandra til Nord-Dakota i slutten av april 1888.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Gunnar for oppklarande tilleggsopplysningar!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.