Gå til innhold
Arkivverket

Georg Willy Döbler (1879-1946) - Oslo - kven var han?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette temaet er ei vidareføring av tema #77219 frå det gamle Brukarforum (http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=77219&sok=Dohrn&nr=1&antinnlegg=7&startnr=&antall=&spraak=n#anker)

 

Georg Willy Döbler, restauratør i Oslo, var fødd 27.6.1879, truleg i Tyskland(?), og døydde i Oslo 8.8.1946. Han gifte seg før 1934(?), truleg i Oslo (eller Christiania?) med:

 

Ida Antonie Johnsen (Sjøthun), fødd på Laksevåg 10.3.1889. Ho døydde i Oslo 7.5.1977.

 

Ida hadde mellom anna ei søster, Sofie Johnsen, fødd på Laksevåg 27.6.1897, som døydde i Oslo 10.10.1971. Ho gifte seg før 1934(?), truleg òg i Oslo (eller Christiania?) med:

 

Emil Heinrich Dohrn, fødd i Elmshorn, Schleswig-Holstein, Tyskland 29.90.1886. Han døydde i Oslo 19.7.1944. Dei fekk ikkje born i lag, og Sofie tok som enkje att jentenamnet sitt Johnsen.

 

~~~~~~~~~~~

 

For ei tid sidan kontakta eg skifteretten i Oslo, og eg fekk følgjande opplysningar om arveforholdi:

 

"Det kan opplyses at i Dødsmeldingen for Sofie Johnsen, født 27. juni 1897, død 10. oktober 1971, var det opplyst at hun etterlot seg kun en søster, Ida Døbler. I forbindelse med at boet hennes ble overtatt til privat skifte opplyste advokat Arne Næss, Grensen 3, Oslo at Ida Døbler var eneste slektsarving.

 

Dødsmeldingen for Ida Antonie Døbler, født 10. mars 1889, død 7. mai 1977, har ingen opplysninger om hennes arvinger, men det kan opplyses at Aase Rosenheid, Enoks vei 37, Oslo sørget for avdødes begravelse."

 

~~~~~~~~~~~

 

Det vert ikkje direkte sagt at Ida Döbler var barnlaus, men me lyt vel gå ut ifrå dette, skal ein tolka måten det vert sagt på...? Men, kven er so denne Aase Rosenheid? Kan det tenkjast at Georg Döbler hadde born frå eit tidlegare ekteskap og at Aase høyrer til der?

 

Eg er på leiting etter følgjande opplysningar:

 

* Opplysningar om opphavet til Georg Willy Döbler?

 

* Dato og stad for vigsli til Georg Willy Döbler og Ida Antonie Johnsen (Sjøthun)?

 

* Dato og stad for vigsli til Emil Heinrich Dohrn og Sofie Johnsen (Sjøthun)? (truleg borgarleg då Emil var skild frå første kona si...)

 

* Kven var Aase Rosenheid?

 

Kanskje kan DØDSANNONSER frå Aftenposten vera til hjelp?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Aftenposten 11-5-1977:

 

Vår kjære Ida Døbler døde idag, 88 år gammel, Oslo 7.mai 1977.

 

Kirsti og Svein

 

Aase og Harald

 

Bisettelsen har efter avdødes ønske funnet sted i stillhet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten og Frank for svært so spennande og interessante innlegg!

 

Eg vil tru det må vera skyldskap mellom desse personane. Eg ser det er ikkje so mange personar i Noreg med ættenamnet Rosenlind, so ein eller annan skal me nok kunna finna som kan fortelja meir om dette skyldskapet...? Eg trur at Kirsti og Aase er søstrer og at Ida må vera mor deira, men då kanskje meir truleg frå eit tidlegare ekteskap?

 

Merkeleg nok finn eg ikkje Ida i FT1910 nokon stad!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Elin for spennande og observant innlegg! Eg trur du har rett! Dette må vera "vår" Ida Antonie Johnsen, sjølv om alderen har avvik på 10 år! Når me veit at Georg Døbler òg var hotellarbeidar (på kjøkenet), er det ikkje so urimeleg at desse to på eitt eller anna tidspunkt er komne i lag. Mest truleg er det vel at Ida flytte til Christiania, og dei treftes der...

 

I mellomtidi har eg vore på leiting etter AASE INGRID Rosenlind, fødd 29.12.1910, og etter gjennomblaing av ganske so mange kyrkjeboksider i Christiania, fann eg ho, døypt i Vestre Aker av foreldri overtenar Halvor Andersen og Ida Karoline Olsen, busette på Lovisenlund, Grefsen (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=22817&idx_id=22817&idx_listetype=dp&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-134).

 

Og her er foreldri i FT1910 då busette i Dovregata 7. Halvor var kelnar, so ogso han var i "same næringi" som Georg Døbler... (http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1910&knr=0301&kenr=072&bnr=0077&lnr=04).

 

Når me no veitr at Aase Ingrid ikkje var av same ¨tt som Georg eller Idsa Døbler, ligg det nær å tru at Georg og Ida var barnlause,. men at dei har teke til seg denne yngste(?) dotteri til Halvor Andersen? Truleg har den nemnde Kirsten ogso vore eit fosterbarn...

 

Kunne me no berre funne VIGSLENE til dei to Johnsen-søstrene i Christiania...!?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 år senere...
  På 25.7.2011 den 23.02, Lars E. Øyane skrev:

Hjarteleg takk til Carsten og Frank for svært so spennande og interessante innlegg!

 

Eg vil tru det må vera skyldskap mellom desse personane. Eg ser det er ikkje so mange personar i Noreg med ættenamnet Rosenlind, so ein eller annan skal me nok kunna finna som kan fortelja meir om dette skyldskapet...? Eg trur at Kirsti og Aase er søstrer og at Ida må vera mor deira, men då kanskje meir truleg frå eit tidlegare ekteskap?

 

Merkeleg nok finn eg ikkje Ida i FT1910 nokon stad!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

Hei,

jeg kan kanskje hjelpe deg litt på vie her. Georg Willy Döbler var god venn med min  farfar Brynjulf Poppe som var restauratør og åpnet og drev Soria Moria restaurant i Oslo fra tidlig 30-tallet til 1945. Svein som opptrer i dødsannonsen for Ida er min far, Svein Poppe (26/5-1931 - 31/1-2009). Kirsti (født Ofstad fra Namsos) var hans første kone og hun var ikke søster av Aase (som jeg ikke vet hvem var). Det er riktig at Ida var barnløs og hun bodde de siste årene sammen med sin søster Sofie i Sigurds gate på Tøyen i Oslo. Jeg var der mange ganger og husker begge godt.

Kirsti er også død nå, døde i Oktober 2004. Både Willy (som foretrakk å bli kalt og Brynjulf var nazister under krigen og begge ble fengslet i 1945. Farfar døde på Ila, men jeg vet ikke hvor Willy døde. Willy var forøvrig med Roald Amundsen og sendte telegram til Ida 12/8-1931 fra den nordligste russiske telegrafstasjon på Franz Josefsland. Telegrammet er adressert til "ida döbler nürenbergen oslo"  hvor nürenbergen var Nürenbergen Hof, et hotell i Oslo som lå i Kristian Augusts gate 9 i Oslo. Begge arbeidet der, Willy som kokk og Ida som koldjomfru.

Jeg har bilder (og telegrammet) av Willy fra Roald Amundsens ekspedisjon hvor de lette efter Umberto Nobile og luftskipet Norge som styrtet.

Hvis det er av interesse kan jeg scanne og sende deg disse. Send i såfall en e-post til hans@poppe.nu

Håper dette var til hjelp.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har funnet noe relevant til innlegg #8 i Aftenposten. Burde dette tas privat med tanke på temaet det omhandler?

 

Georg Willi Döbler ble begravet fra Det gamle krematorium i Oslo 14.august 1946 ifølge Aftenposten fra samme dag. Redigert: Ser at dette allerede var kjent.

Endret av Alexander Glasø
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Hans og Alexander for spennande og interessante meldingar frå sist veke!

 

Her var det fleire nye opplysningar som eg har valt å ta med i manuskriptet mitt, men eg ønskjer å halda ein "upolitisk" profil.  Difor har eg no sett saman følgjande biografi for Ida og Willy:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

c. Ida Antonie Ingebrigtsdotter Johnsen, f. på Laksevåg 10.3.1889, d. i Oslo 7.5.1977.  Ho flytte i ung alder som kjøkenarbeidar til Christiania og gifte seg hjå byfogden i Christiania 1.9.1913 med Georg Willy, kjend som Willy Franzson Døbler frå Berlin i Tyskland, f. i Berlin, Tyskland 27.6. 1879.  Han d. i Oslo 8.8.1946.  Etter opphald i Belgia, i Sveits, i Nederland og i England kom Willy Døbler i 1906 til Christiania som kjøkensjef på eit hotell.  Sidan var han restauranteigar og hotelldirektør same stad til han i 1918 vart hotelldirektør på Lillehammer.  I 1925 flytte parfolket attende til Oslo der dei heldt fram som restauranteigarar levetidi ut.  Willy og Ida var barnlause.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Nok ein stor takk for hjelpi med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.