Gå til innhold
Arkivverket

Ole Johannesson og Agatha Olsdotter - gifte 1767 i Hafslo - flytte dei til ytre Sogn?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ole Johannesson Solvorn, fødd på Baten i Hafslo og døypt der 25.5.1727, gifte seg i Hafslo 26.10.1767 med ei Anna Andersdotter, som me førebels ikkje kjenner opphavet til. Desse budde ei kort tid i Solvorn (Sjøtun) i Hafslo, men forvinn heilt frå bygdi kring 1768, og liksom fleire andre parfolk på den tidi KAN dei vera farne, anten til Bergen eller til ytre Sogn/ytre Sunnfjord...?

 

Ole og Anna fekk ei dotter i Hafslo:

 

* Agatha Olsdotter, døypt i Hafslo 10.12.1766.

 

Eg finn ingen born fødde i Bergen i åri 1768-1780 med denne namnekombinasjopne på foreldri!

 

Derimot finn eg hjå FamilySearch tre personar med namnet Agatha Olsdotter innanfor fylket som eg ser på som aktuelle "kandidatar"!

 

* Agatha Olsdotter Systad gift Askvoll 27.11.1796 med Iver Iverson Espeland (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8597&idx_id=8597&uid=ny&idx_side=-130) (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=47&filnamn=f18011411&gardpostnr=198&merk=198#ovre)

 

* Agatha Olsdotter Tangen gift Gulen 1.11.1791 med Peder Rasmusson Lihaug (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11446&idx_id=11446&uid=ny&idx_side=-20) - foreldri hans var komne frå Myklemyr i Jostedalen!

 

* Agatha Olsdotter Dale gift Fjaler 11.5.1791 med Hans Johannesson Øxenberg (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1981&idx_id=1981&uid=ny&idx_side=-190) - desse finn eg ikkje i 1801

 

Dersom ei av desse tre skulle vera den rette, har eg nok mest tru på Agatha Olsdotter Tangen i Gulen, men so var det dette med å prova, då...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Eg vil gjerne i dag få henta fram att dette temaet, som framleis står ope og uløyst, med von om at kanskje ein eller annan har tips å komma med...

 

Hjarteleg takk for alle innspel!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.