Gå til innhold
Arkivverket

Foreldre til Oskar Emanuel fødd i Skee socken i Strømstad 1888


Anfinn Bernaas
 Del

Recommended Posts

Hvilken Magrete f 1860 i Bø var Olaf Foss g med i 1900?

 

Finner f.eks.denne

http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=2&filnamn=f60820&gardpostnr=252&personpostnr=1181&merk=1181#ovre

men ved konf kalles hun Margit, så der ble det nok et forvirringsmoment.

 

Da eg såg Magrete frå Bø fødd 1860 i folketeljinga for Kristiania 1900 trudde eg ikkje ein augneblink på at ho verkeleg skulle heite Magrete. Tanken min gjekk straks i retning Margit. Me er jo her så å seie i Margit Hjukses rike. Men det er overraskande at ho i folketeljinga 1865 er ført som Magrete. Men Margit kjem jo på bana når Erling har sjekka konfirmasjonsinnnførsla hennar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Og for å gjøre navn forvirringen komplett, her heter hun Gro.Familien i FT 1910.

http://da.digitalarkivet.no/ft/person/pf01036392006541/

Mvh.Mette

 

Eg er ikkje så forvirra over dette. Magrete/Margit har tydelegvis døydd og Olaf har gifta seg oppatt. Dette må da bli det tredje ekteskapet hans.

 

Eg trur han har gifta seg med Gro Herbjørnsdotter Såem f. 5. juni 1859 i Dal sokn i Tinn. Det er henne som er utgangspunktet for mitt søk omkring Olaf Foss og hans liv. Magrete/Margit må ha døydd i tidsrommet 1900-1910, mest truleg i Kristiania.

 

Noko etter, men i det same tidsrommet må han ha gifta seg med Gro. Gro døyr 6. august 1915 og blir gravlagt 15. august på Østre gravlund. Diverre er det berre opplyst at ho er 54 år (ikkje fødselsdato og -år), men fødestaden er Tinn i Telemark. Dødsfallet er å finne i Vår Frelser/Domkyrkja si kyrkjebok, likeså i dødsfallprotokollregisteret og dødsfallprotokoll II for 1915 - innførsel 1022. Ho døydde på Ullevål sjukehus. Mannen er skomakar Olaf Jensen Foss, Nygata 4. Dei har ingen barn og ho eigde ikkje noko.

 

Ved innførsla ved Gros død i 1915 er seinare notert 23/2-25 at mannen får giftetillatelse. Det må tyde at Olaf har planar om å inngå ekteskap nummer fire, etter mykje truleg å ha blitt enkjemann tre gonger. Så her står att å finne både dødsfall for dei to fyrste konene, og ekteskap med kone nummer to, tre og fire før pakka er komplett!

 

Eg har ikkje funne Olaf som død i Oslo ved å leite i dødsfallprotokollregisteret frå 1925 og framover til etter 1945. Heller ikkje i DIS gravminne er han å finne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Presten i Larvik meinte altså "Anne Maria Emanuelsen" og Olaf Foss ikkje var gifte (ugift), i motstrid med slik kyrkjebøkene frå Strømstad er tolka lenger opp her, eller at ein av dei var gift dobbelt opp (konkubinat). Det siste er i alle høve ganske oppsiktsvekkjande, i dag, og den gongen også vil eg absolutt tru.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

konkubinat betyr å leve sammen uten å være gift, ikke nødvendigvis 2 eller flere....

 

Ja, jeg har sitert kirkebøkene i Strömstad, men fant likevel ikke ekteskapet ført som sådant i vigselsboken, så jeg vet ikke hva presten der har ment med "kyrktagen".

 

http://no.wikipedia.org/wiki/Konkubinat

Lenke til kommentar
Del på andre sider

konkubinat betyr å leve sammen uten å være gift, ikke nødvendigvis 2 eller flere....

 

Ja, jeg har sitert kirkebøkene i Strömstad, men fant likevel ikke ekteskapet ført som sådant i vigselsboken, så jeg vet ikke hva presten der har ment med "kyrktagen".

 

http://no.wikipedia.org/wiki/Konkubinat

 

Takk for korreksjonen. Eg var visst trøytt og tenkte på eit heilt anna fremmendord: bigami og bigamist.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det kan jo være at Olaf og Magrete er bliytt skilt, siden hun ikke er å finne i dødsfallsprotokollen i Oslo mellom 1900 og 1910.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skilsmisse har eg ikkje tenkt på, men umogeleg er sjølvsagt ikkje det. I så fall skulle Magrete/Margrete (eller med h) (Kittilsdatter Østerholt Foss) vera å finne i folketeljinga 1910. Ho er fødd 26. mars 1857 i Lunde sokn i Bø. Eg ottast det kan bli eit langvarig søk, men det er verdt å prøve.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Statusoppdatering: Søk i folketeljinga 1910 etter Magrete/Margrete + h-variant og ymse etternamn med og utan fødselsdata utan resultat.

 

Gjennomgang av Kristiania-kyrkjelydane Jakob 1896-1900, Grønland og Vår frelsar/Domkyrkja 1901-1910 er også utan resultat:

 

Vigsla mellom Olaf Foss og Magrete må ha skjedd etter dødsfallet til Anne Marie Emanuelsdotter i Larvik i juli 1896. Magrete og Olaf bur i Øvre Gate (Jakob) i 1900.

 

Vigsla mellom Olaf Foss og Gro må ha skjedd mellom 3. des. 1900 og 1. des. 1910. Olafs son Oskar blir konfirmert i Grønland i 1903, og foreldra bur i da i Lakkegata 26 (Grønland).

 

I folketeljinga 1910 bur Olaf Foss og Gro i Nygata 4 (Vår frelsar/Domkyrkja).

 

Vidare leiting om enn aldri så systematisk i andre kyrkjebøker (helst tilgrensande) er da eit stort sjansespel, og nåla i høystakken kan strengt teke vera kor som helst.

 

For å koma vidare og vonleg finne giftarmålet mellom Olaf Foss og Gro (som eg trur er Gro Herbjørnsdotter Såem f. 5. juni 1859 i Dal sokn i Tinn) må eg til Oslo byarkiv og fylgje Olaf og Gro gjennom fleire år i dei årlege kommunale folketeljingane. Men arkivet har sommarstengt til og med 20. august, så eg må smørja meg med tolmod. Rapport kjem.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.