Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Kvar ligg garden Rønsbak som kjøpmannsfrua Anna Olsdotter i Christiania var fødd på kring 1770? - Sør-Fron?


Recommended Posts

Johannes Arnesen frå Christiania, kontorist på skrivarkontoret i Solvorn i Sogn frå 1820-åri, var fødd på Hougrim i Aurskog 9.7.1794 som son av kjøpmann Andreas Arnesen i Christiania og kona Anna Olsdotter, som visstnok var frå denne garden Rønsbak, som eg no er på leiting etter. Andreas og Anna gifte seg visstnok i Aurskog, men eg lurer på om Anna kan ha vore frå Sør-Fron, der me finn dette namnet Rønsbak?

 

Kanskje er det nokon med lokal kunnskap som kan kasta ljos over dette problemet?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Andreas Arnesen Hougrim og Anna Olsdatter ble viet 15 mai 1793 i Akershus slottsmenighet(høyre side)

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...y&idx_side=-190

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...61107020379.jpg

Hjarteleg takk til Ann-Mary for spennande og nyttige innlegg om denne huslyden.

 

Her er òg dåpen til Johannes, fødd på Haugrim i Aurskog 9.7.1794: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=476&idx_id=476&uid=ny&idx_side=-129. Samanlikner ein FT1801 for Haugrim (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=f18010224&gardpostnr=21&merk=21#ovre) med desse fadrane frå 1794, ser ein fleire ting: Berthe Sophie Arnesdotter er gift med Mads Halvorson på eitt av bruki, medan Gulbrand Sørenson bur på eitt av dei andre bruki. Me kan gå ut ifrå at Andreas Arneson er ein BROR av Berthe Sophie og at dei båe var fødde eller i alle fall oppvaksne her på Haugrim...?

 

Samstundes er eg mildt sagt noko i stuss...; eg er ikkje i stand til å finna att kjelda for opplysningi om at Anna Olsdotter skulle vera frå denne garden Rønsbak....

 

Kanskje kan bygdeboki for Aurskog bidra med noko meir her?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Kanskje du fant det på FS?

 

Anne Olsdatter Rønsbak

 

Event(s)

Birth: 1767

 

 

Oslo, Norway

 

Death: 22 Apr 1822

 

 

Oslo, Norway

 

Burial: 26 Apr 1822

 

 

Oslo, Norway

 

http://www.familysearch.org/Eng/Search/prf/individual_record.asp?recid=1432151416

 

Hjarteleg takk til Ann-Mary for nyttig innlegg! Det er nok frå eg noko ukritisk har "saksa" dette Rønsbak-namnet, men so er det jo spørsmål om det stemmer...? Eg har tross alt markert det med eit spørsmålsteikn i mine notat... Eg ser forresten at Andreas Arnesen her har fått namnet HOLST i tillegg til Arnesen, men om det stemmer, er jo òg eit godt spørsmål...!?

 

Kjelda for desse opplysningane bur tydeleg i Oslo, so kanskje ho har meir å bidra med...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

  • 4 måneder senere...

Under garden Rønn i Sør-Fron fantes det ein gong ein husmannsplass som vart kalla Rønnsbakken. I 1788 bygsla Iver Olsen denne plassen, som i 1796 vart bygsla vidare til broren Ole. Ole Olsen var fødd i 1747, Iver Olsen var fødd i 1759 og slik sett kan vel Anne ha vore syster deira - sjølv om det vert 20 år mellom Ole og Anne.

 

Kyrkjebøkene på Fron går berre attende til 1799, så noko prov på at Anne var syster til desse to brørne er nok vanskeleg å finne. Han som eigde Rønn på denne tida, heitte Johannes Lodversen. Han var frå Uppigard Rolstad og hadde kjøpt Rønn i 1757. Rønnsbakken er for lengst gått inn under garden att, men ei hustuft synes.

 

Odd Jan Skriubakken

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.