Gå til innhold
Arkivverket

Hjelp til oppslag i bygdebok for Selje? - Eller hjelp til fleire detaljar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg veit at det for om lag 10 år sidan vart arbeidt med ei bygdebok for Selje og lurer på om denne boki no er kommi? Kanskje er det då mogeleg å få lite vetta hjelp til å fylla i alle fall nokre av dei hòli eg sit att med når det gjeld denne huslyden frå Solvorn i Hafslo? Alle svari bør vera å finna i Selje...

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Jensson, døypt i Hafslo 26.12.1819, flytte i 1848 til Selje der han 29.7.1849 gifte seg første gongen med Elsa Ulrikkine, kjend som Ulrikkina Olsdotter frå Skjendsvold i Etne. Ho var dotter av Ole Gabrielson frå Farsund og jenta Wenche Marie Dahl Carlsdotter Voigt frå Fjøsne i Etne og f. i Etne 5.6.1828. Ole og Ulrikkina slo seg ned som gardbrukarar på Håvik i Selje, men Ulrikkina d. på Molde i Selje 29.11.1866. Ole gifte seg 23.10.1879 att i Selje med Joselena Christine Rasmusdotter frå Silden i Selje. Ho var dotter av husmann Rasmus Pederson på ein plass under Silden og kona Petrikka Rasmusdotter frå Vetrhus og f. i Selje 30.12.1840. Ole og Joselena heldt fram som kårfolk på Håvik i Selje der Joselena d. som kårkone alt 22.10.1880. Ole Jensson d. som kårmann same staden 21.2.1908. Ole Jensson på Håvik fekk i alt seks born, fem frå første ekteskapet og eitt frå det andre:

 

a. Jens Christian Olson, f. i Selje 7.12.1851, d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

Han gifte seg i Selje 7.7.1878 med Bertha Oline, kjend som Olina Clausdotter frå Hoddevik i Selje, f. i Selje 19.5.1853. Ho d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Jens var fiskar, og han og Olina tok over heimebruket hans på Håvik i Selje. Dei fekk

 

¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? - inkl.:

* Elias Kornelius, f. Håvik i Selje 1879

* Andreas Olai, f. Håvik i Selje 1881, n. 1900

* Olai Ludvig, f. Håvik i Selje 1885, n. 1900

* Anna, f. i Selje 1887, n. 1900

* Klaus Johan, f. Håvik i Selje 1890, n. 1900)

 

b. Ludvig Olson, f. i Selje 24.1.1853, d. ugift på Håvik i Selje 28.12.1883.

 

c. Wilhelm Carl Olson, f. i Selje 26.6.1855, d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

Wilhelm gifte seg første gongen i Selje 13.7.1884 med Anna Marie Petrikke Larsdotter frå Nordpold i Selje, f. i Selje 15.2.1866. Men Anna d. som innerstkone på Nordpold i Selje alt 5.11.1886, og so gifte Wilhelm seg 12.6.1892 att i Selje med Ingeborg Oline Danielsdotter frå Venøy i Selje. Ho var f. i Selje 2.4.1862 og d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Wilhelm var fiskar og tok over som gardbrukar på Nordpold i Selje etter foreldri til første kona Anna. Han fekk i alt

 

¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – ingen med første kona! - inkl. desse med den andre:

* Anna Helene Lovise, f. Nordpold i Selje 1893, n. 1900

* Lars Elias, f. Nordpold i Selje 1895, n. 1900

* Marie Dorthea, f. Nordpold i Selje 1896, n. 1900

* Olaf Sigvald, f. Nordpold i Selje 1899, n. 1900

* Edvard Simon, f. Nordpold i Selje 1902)

 

d. Hans Rasmus Olson, f. i Selje 25.2.1858, d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

Hans gifte seg i Selje 2.7.1893 med Paulina Hansine Marie Rasmusdotter frå Sjåstad nedre i Selje, f. i Selje 4.12.1871. Ho d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Hans var òg fiskar, og han og Paulina vart gardbrukarar på Oreseter i Selje. Dei fekk

 

¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? - inkl.:

* Reinhard Elias Daniel, f. Oreseter i Selje 1894, n. 1900

* Oline Elisa, f. Oreseter i Selje 1895. n. 1900

* Paula Amalie, f. Oreseter i Selje 1897

* Paula Dina Lovise, f. {} i Selje 1898, n. 1900)

 

e. Ragnhild Hanseline Olsdotter, f. i Selje 22.6.1861, d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Ragnhild gifte seg i Selje 1.7.1885 med Bernt Pederson frå Flatraket i Selje, f. i Selje 24.8.1854. Han d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

Bernt var fiskar, og han og Ragnhild vart gardbrukarar på Reinen i Selje. Dei fekk

 

¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? - inkl.:

* Petra, f. Selje 1885, n. 1900

* Peder, f. Selje 1888, n. 1900

* Kristian Elias, f. Reinen i Selje 1890, n. 1900

* Elias, f. Selje 1893, n. 1900

* Malla Ragna Bertine, f. Reinen i Selje 1895, n. 1900

* Olaf, f. Selje 1897, n. 1900

* Anna, f. Selje 1900, n. 1900)

 

f. Ole Johan Olson, f. i Selje 15.10.1879, d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

Ole Johan gifte seg i Selje 27.6.1911 med Eli Alette Hansdotter frå Nordpold i Selje, f. i Selje 28.2.1873. Ho d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Ole Johan var fiskar, og han og Eli busette seg på

 

¤¤¤¤¤ (bustaden deira?)

 

¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for all den hjelpi eg kan få med denne huslyden!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er ikkje koma noko ny bygdebok for Selje enno, men eg har høyrt rykte om at det er under arbeid (meir eller mindre i privat regi trur eg) ei bygdebok for Selje eller deler av prestegjeldet.

Det einaste vi har å forholde oss til pr. dato i så måte er Jacob Aaland si bygdebok for Selje/Vågsøy som kom ut i 1943.

 

- Harald

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det einaste eg kan hjelpe deg med som eg har i min eigen database er:

 

Andreas Jensson Haavik f. 23.04.1881 på Håvik i Selje.

Gift 23.04.1904 i Korskirken i Bergen med

Kristiane Alida Kristendtr. Otteren f.04.10.1877 på Otteren i Davik (Rugsund sokn)

Ho var datter av gbr. Kristen Kornelius Pederson Otteren og k. Mari Abrahamsdtr. Lien

 

Deira born har eg ikkje registrert ettersom det vert ein generasjon lenger ut i slekta enn det eg legg inn i dataprogrammet mitt.

 

Andreas og Kristiane var busette på Håvik i Selje.

 

- Harald.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg skal prøve å svare på det meste av det du spør om: Jens død på Haavik 30/5-1921 og Oline død samme stad 2/12-1923. Vilhelm død på Nordpold 8/7-1921 og Ingeborg samme sted 8/1-1949. Hans død på Flatraket(gbr på Oresæter) 22/5-1949 og Pauline død samme sted 19/10-1938. Ragnhild død på Reinen 17/2-1950 og Bernt død samme sted 16/9-1927. Ole død på Nordpoll 31/5-1961 og Eli ALette død samme sted 16/11-1966, jeg har ikke noen oversikt over eventuelle barn. Rune

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Harald og særleg til Rune for mange nyttige datoar! Eg er imponert over kva du sit med av kjelder...

 

Eg har to tilleggsspørsmål som gjeld desse dødsfalli:

 

* Hans var gardbrukar på Oreseter i Selje, men både han og kona Pauline døydde på Flatraket! Var dei flytte dit som gardbrukarar i seinare år?

 

* Ole og Eli budde båe på Nordpold i 1910, før dei gifte seg. Eg ser dei døydde same staden masnge år seinare. Kva yrkestitel hadde dei då? Tok dei over som gardbrukarar på Nordpold?

 

Eg takkar på ny for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Da de døde var de kårfolk på Flatrake, hvorfor der kan jeg ikke svare deg på. Da Ole og Eli døde er der ikke i KB nemndt yrke på Ole og BB har de ikke med som brukere, men BB har ikke med folk som var husmenn, inderster, så der kan jeg heller ikke svare deg. Rune

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Hei, Lars.

 

I samband med eigen forskning kom eg over denne gamle diskusjonen ang. folket i Håvika i Selje. Veit ikkje korvidt eg er alt for sein med å kome med opplysningar men håpar eg "rekk det". Det har seg slik at eg må få korrigere deg litt med tanke på kven Jens Christian Olsen gifta seg med i 1878.

 

Du skriver over:

Sitat:

a. Jens Christian Olson, f. i Selje 7.12.1851, d.

 

Han gifte seg i Selje 7.7.1878 med Bertha Oline, kjend som Olina Clausdotter frå Hoddevik i Selje, f. i Selje 19.5.1853. Ho d

Sitat slutt.

 

Jens gifta seg heilt korrekt som du skriv med ei Oline/a Clausdatter, berre det at ho ikkje var frå Hoddevik men derimot frå Fagerlid bruk nr. 1 som høyrde til Rugsund sogn i gamle Davik prestegjeld. No tilhøyrande Totland sogn og liggande i Vågsøy kommune.

 

sjå par nr. 14

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Selje, Ministerialbok nr. A 12 (1870-1880), Ekteviede 1878, side 231.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...y&idx_side=-231

 

Oline vart fødd i 1853 til foreldre Claus/Klaus Sørensen og Anne Axelsdatter Fagerlid

 

sjå nr. 7

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Davik, Ministerialbok nr. A 5 (1850-1866), Fødte og døpte 1853, side 17.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...ny&idx_side=-22

 

Eg er svært usikker på kvar informasjonen ang. denne Berta Oline Clausdatter Hoddevik kjem frå!

 

Sonen Klaus Johan er forrøvrig min oldefar.

 

mvh

Morten Sylte

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Morten for eit svært so spennande og nyttig innlegg! Nei, du er ikkje for seint ute. Eg held nettopp no på med førebuingi av band XI i bygdebokserien for Luster, som eg reknar me vil komma ut til sommaren eller tidleg på hausten neste år, og eg har no korrigert mauskripet mitt med omsyn til Olina Clausdotter!

 

Eg kan heller ikkje svara for korleis denne feilen er kommi inn, men rimelegvis har eg vore på leiting etter ein høveleg "kandidat" for Olina og funne ei som "høvde" ganske so godt! Uansett, no er teksten rett!

 

Sidan du, Morten, ættar frå denne huslyden, kan du kanskje bidra ogso med andre detaljar? Det er særleg talet på barneborn etter "gamle" Ole Jensson eg saknar, og her følgjer ei oppdatering av heile huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Jensson, døypt i Hafslo 26.12.1819, flytte i 1848 til Selje der han 29.7.1849 gifte seg første gongen med Elsa Ulrikkine, kjend som Ulrikkina Olsdotter frå Skjendsvold i Etne. Ho var dotter av Ole Gabrielson frå Farsund og jenta Wenche Marie Dahl Carlsdotter Voigt frå Fjøsne i Etne og f. i Etne 5.6.1828. Ole og Ulrikkina slo seg ned som gardbrukarar på Håvik i Selje, men Ulrikkina d. på Molde i Selje 29.11.1866. Ole gifte seg 23.10.1879 att i Selje med Joselena Christine Rasmusdotter frå Silden i Selje. Ho var dotter av husmann Rasmus Pederson på ein plass under Silden og kona Petrikka Rasmusdotter frå Vetrhus og f. i Selje 30.12.1840. Ole og Joselena heldt fram som kårfolk på Håvik i Selje der Joselena d. som kårkone alt 22.10.1880. Ole Jensson d. som kårmann same staden 21.2.1908. Ole Jensson på Håvik fekk i alt seks born, fem frå første ekteskapet og eitt frå det andre:

 

a. Jens Christian Olson, f. i Selje 7.12.1851, d. som kårmann på Håvik 30.5.1921. Han gifte seg i Selje 7.7.1878 med Olina Clausdotter frå Fagerli i Davik, f. i Selje 2.2.1853. Ho d. som enkje på Håvik 2.12.1923. Jens var fiskar, og han og Olina tok over heimebruket hans på Håvik i Selje. Dei fekk

 

¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? - inkl.

* Elias Kornelius, f. Håvik i Selje 1879

* Andreas Olai, f. Håvik i Selje 1881, n. 1900

* Olai Ludvig, f. Håvik i Selje 1885, n. 1900

* Anna, f. i Selje 1887, n. 1900

* Klaus Johan, f. Håvik i Selje 1890, n. 1900)

 

b. Ludvig Olson, f. i Selje 24.1.1853, d. ugift på Håvik i Selje 28.12.1883.

 

c. Wilhelm Carl Olson, f. i Selje 26.6.1855, d. som gardbrukar på Nordpold i Selje 8.7.1921. Wilhelm gifte seg første gongen i Selje 13.7.1884 med Anna Marie Petrikke Larsdotter frå Nordpold i Selje, f. i Selje 15.2.1866. Men Anna d. som innerstkone på Nordpold i Selje alt 5.11.1886, og so gifte Wilhelm seg 12.6.1892 att i Selje med Ingeborg Oline Danielsdotter frå Venøy i Selje. Ho var f. i Selje 2.4.1862 og d. som kårenkje på Nordpold 8.1.1949. Wilhelm var fiskar og tok over som gardbrukar på Nordpold i Selje etter foreldri til første kona Anna. Han fekk i alt

 

¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – ingen med første kona - med andre kona inkl.:

* Anna Helene Lovise, f. Nordpold i Selje 1893, n. 1900

* Lars Elias, f. Nordpold i Selje 1895, n. 1900

* Marie Dorthea, f. Nordpold i Selje 1896, n. 1900

* Olaf Sigvald, f. Nordpold i Selje 1899, n. 1900

* Edvard Simon, f. Nordpold i Selje 1902)

 

d. Hans Rasmus Olson, f. i Selje 25.2.1858, d. på Flatraket i Selje 22.5.1949. Hans gifte seg i Selje 2.7.1893 med Paulina Hansine Marie Rasmusdotter frå Sjåstad nedre i Selje, f. i Selje 4.12.1871. Ho d. på Flatraket 19.10.1938. Hans var òg fiskar, og han og Paulina vart gardbrukarar på Oreseter i Selje. Dei fekk

 

¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? - inkl.:

* Reinhard Elias Daniel, f. Oreseter i Selje 1894, n. 1900

* Oline Elisa, f. Oreseter i Selje 1895. n. 1900

* Paula Amalie, f. Oreseter i Selje 1897

* Paula Dina Lovise, f. {} i Selje 1898, n. 1900)

 

e. Ragnhild Hanseline Olsdotter, f. i Selje 22.6.1861, d. som enkje på Reinen i Selje 17.2.1950. Ragnhild gifte seg i Selje 1.7.1885 med Bernt Pederson frå Flatraket i Selje, f. i Selje 24.8.1854. Han d. som gardbrukar på Reinen 16.9.1927. Bernt var fiskar, og han og Ragnhild vart gardbrukarar på Reinen i Selje. Dei fekk

 

¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? - inkl.:

* Petra, f. Selje 1885, n. 1900

* Peder, f. Selje 1888, n. 1900

* Kristian Elias, f. Reinen i Selje 1890, n. 1900

* Elias, f. Selje 1893, n. 1900

* Malla Ragna Bertine, f. Reinen i Selje 1895, n. 1900

* Olaf, f. Selje 1897, n. 1900

* Anna, f. Selje 1900, n. 1900)

 

f. Ole Johan Olson, f. i Selje 15.10.1879, d. på Nordpoll i Selje 31.5.1951. Ole gifte seg i Selje 27.6.1911 med Eli Alette Hansdotter frå Nordpold i Selje, f. i Selje 28.2.1873. Ho d. som enkje på Nordpoll 16.11.1966. Ole var fiskar, og han og Eli busette seg på

 

¤¤¤¤¤ (bustaden deira?)

 

¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje for alle tilleggsopplysningar du måtte ha!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for hyggelig svar, Lars.

 

No har det seg slik at eg er ikkje spesielt kjend med denne familien sjølv. Har svært liten kunnskap om generasjonane før oldefar min, og også heller lite om syskjena til Klaus også. Det betyr ikkje at eg kan ikkje kan undersøke litt og finne ut meir. Eg skal sjå kva eg kan finne.

 

Morten

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Morten for nytt innlegg!

 

Eg set stor pris på at du er viljug til å freista finna svar på spørsmåli mine og kan berre ønskja deg lukke til!

 

I mellomtidi har eg lagt ut spørsmål i Arkivforum om sjekking av dødsmeldingane til den yngste halvbroren i denne huslyden og kona hans. Eg tykkjer det er underleg eg ikkje finn nokon born i det heile etter å ha blatt fleire år etter 1911...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei, Lars!

 

Det er kanskje flisespikkeri, men eg reagerer når du skriv at Else Ulrikkine døydde i 1866 på "Molde i Selje". Det rette er vel at ho døydde i 1866 på leprasjukehuset Reknes Hospital i Molde (nr.23):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Molde, Reknes hospital i Bolsøy, Klokkerbok nr. 558C01 (1818-1868), Døde og begravede 1867, side 304-305.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...y&idx_side=-154

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Inge for "flisespikkeriet"!

 

Eg er svært takksam for at du kjem med slike merknader! I kyrkeboki kan det sjå ut som om ho døydde på ein GARD Molde i Selje. Slik er det når ein ikkje er lokalkjend...!

 

Men no er feilen retta!

 

Nok ein stor takk for hjelpi!

 

Med venleg helding,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei

Det er eg som held på med bygdebok for Selje i privat regi. Er nesten ferdig med heile boka, men som du skjønar er dette på kveldstid og ellers når eg har anledning. Veit ikkje heil når den kjem ut. Om eg kan hjelpe, så er det berre å spørre. Her er litt av det eg har ang. denne familia.

 

Ola Jensson Barsnes Solvorn 1819 – 21/2 -1908

Fekk skøyta i 1851. (Hafslo/Solvorn/Sogndal)

29/7 -1849 *.1.Else Ulrikke Olsd.Skjensvoll

(Skendsvoll i Etne) 1828 – 29/11-1866

(Etne) Ho døde i Molde

23/10-1879 *.2.Joseline Christine Rasmusd.Sild

(Sild/h) 30/12-1840 – 1881

 

Barn:

1.Jens Christian f. 7/12-1851 Overtok bruket

2.Ludvig f.24/1 -1853 – 28/12-1883 Ugift

3.Wilhelm Carl f.26/6 -1855 Nordpoll 84/1

4.Hans Rasmus f.25/1 -1858 Oresæter 88/1

5.Ragnhilde Hanseline f.22/6 -1861 Reina, sørpoll

6.Ole Johan f.15/10-1879 *.1911 Eli Hansd.

 

 

 

 

Jens Christian Olson Håvik 7/12 -1851 – 30/5 -1921

Fekk skøyta i 1875.

7/7 -1878 *.Oline Klausd.Fagerlid 1853 – 2/12-1923

(Bryggja)

 

Barn:

1.Elias Kornelius f. 1/3 -1879 Utflytt,Amerika

2.Andreas Olai f.23/4 -1881 Overtok bruket

3.Olai Ludvig f.30/4 -1885 Prest i Amerika

4.Anne Oline Jensine f.20/11-1887 Indre Drage 50/2

5.Klaus Johan f.12/6 -1890 Fagerlid Bryggja

Elias f.1879 utvandra i Mars 1899 til Amerika der han vart prest.

 

Usikker om både Elias og Olai var prestar i Amerika

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jan Petter,

 

her kan kanskje eg vere til hjelp for deg (og Lars også kanskje?). Akkurat dette er noko eg veit litt om ang. denne familien.

 

Elias vart i høgste grad prest i USA. Her er ein kort biografi i regi av historielaget i Dunn county, Wiscounsin. Sjå nederst sida 346 og deretter side 347.

http://digicoll.libr...o page&page=346

 

Biografien ser ut til å innhalde delar teke frå ein dagbok/memoirs han skreiv til familien og som eg er heldig å sitje med ein delvis [oversatt] avskrift av.

 

Fyrste året han kom til USA busette han seg i De Forrest, Wiscounsin og etter at han var utdanna prest busette han seg og var i mange år i byen Menomonie, Wiscounsin der han var pastor for fleire luteranske menigheitar. Han døydde i 1957 og denne avisnotisen/"obituary" fortel litt om familien etter han:

 

(http://www.newspaper...wspage/3632459/)

Deaths REV. ELIAS C. HAAVIK The Rev. Elias C. Haavlk, 78, 4525 Ewing Ave., S., Minneapolis, died Saturday at a Duluth hospital. Surviving are his wife, Sina D.; two daughters, Mrs. Paul Morreim, 703 N. Seventh; Mrs. Robert Crawford, East Lansing, Mich., and a son, Dr. John E. Haavik, Duluth. A native of Norway, the Rev. Mr. Haavik was a graduate of Luther College, Decorah, Iowa, and Luther Theological Seminary, St. Paul. He served parishes in Montana, Illinois, Wisconsin and Iowa for 17 years until retirement in 1955. He was field representative for Evangelical Lutheran Church from 1938 until his retirement three years ago. Funeral services will be held In Minneapolis Tuesday.

 

I biografien over får ein også vite at det i tillegg til dei borna du har teke med, Jan Petter om borna til Jens Håvik også var ein gut nr. 5 ved namn Ludvik som døydde tidlig. (dette var ukjent for meg) Sovidt omtala er også at Olai vart pastor/prest og busette seg i Seattle der han var pastor for ei menigheit i Ballard. Etter det eg veit bur familien etter han no delvis i Tacoma og delvis i Seattle by.

 

Elias kalla seg Elias C Haavik eller E. C. Haavik i USA medan Olai var kjent som Olai L. Haavik eller O. L. Haavik.

 

Og må eg få seie, Jan Petter at eg ser verkelig fram til at boka di kjem ut!!

 

mvh

Morten

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Morten Dette var utrolig interesant, takk for det :-) Eg takksam for alt av info uansett kven det gjeld i Selje kommune.Kjekt å høyre at du gleder deg til boka. Dessverre tek det tid, men eg prøver å ta med alle som har budd i kommuna pluss å finne ut kvar dei flytta. Eg prøver også å samle info til ei seinare bok som vil heite "Våre utflytte bygdefolk" som skal fylgje dei utflytta i Norge/Amerika o.l vidare. Etterkvart som eg kjem fram på info, lagrar eg dei på den respektive garden. Så angir eg kjelde.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Morten Dette var utrolig interesant, takk for det :-) Eg takksam for alt av info uansett kven det gjeld i Selje kommune.Kjekt å høyre at du gleder deg til boka. Dessverre tek det tid, men eg prøver å ta med alle som har budd i kommuna pluss å finne ut kvar dei flytta. Eg prøver også å samle info til ei seinare bok som vil heite "Våre utflytte bygdefolk" som skal fylgje dei utflytta i Norge/Amerika o.l vidare. Etterkvart som eg kjem fram på info, lagrar eg dei på den respektive garden. Så angir eg kjelde.

 

Kva med å opprette ein tråd der du bed om tips frå folk som kjem over folk frå Selje på stadar der "det ikkje er naturleg å finne dei " slik Aase Ryssdal Sæther har gjort for Gloppen.

Eg trur du då kan få inn mange tips.

- Bare ein tanke frå mi side.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jan Petter, Morten og Harald for nye spennande innlegg! Særleg var det spennande å lesa om prosjektet som du Jan Petter arbeider med. Eg har vel i grunnen følgt eit liknande prinsipp med bygebøkene for Luster kommune der eg følgjer alle utflyttarar til og med første generasjon fødd etter utflytting, men i staden for å skriva om dei utflytte lustringane i eigne bøker, har eg fletta dei inn i "hovudverket". Eg held no på med band XI av i alt XII planlagd eband.

 

Eg oppretta òg i si tid ein eigen "tråd" der eg bad om hjelp til å samla opplysningar om utflytte lustrngar til andre kantar av landet, der ein minst av alt skulle venta å finna folk frå denne landsdelen, og eg fekk inn svært mange nyttige tips! So eg vil berre støtta forslaget til Harald!

 

Elles har eg etter kvart fått greie på det meste av det eg mangla til prosjektet mitt om ætti etter Ole Jensson. Det eg i første omgongen no er på leiting etter, er:

 

* Talet på born fødde av Wilhelm Carl Olson på Nordpold - alle visstnok frå andre ekteskapet?

 

* Talet på born fødde av Hans Rasmus Olson på Oreseter?

 

* Talet på born fødde av Ragnhild Hanseline Olsdotter på Reinen?

 

Eg takkar igjen so mykje for hjelpi med desse opplysningane!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

PS: Eg veit eg har borti fleire lustringar som i kortare eller lengre tid har butt i Selje, og eg veit òg om utvandrarar frå Selje som i Amerika har gift seg inn i ætter frå Luster, men eg treng litt tid på å samla dette ihop!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er noko av det du spurde om, skal prøve å finne dei på Reina og, sjølv om det ligg i Vågsøy kommune.

Wilhelm Carl Olsson Håvik 26/6 -1855 – 8/7 -1921

Fekk skøyta i 1891. (Håvik 85/1)

13/7 -1884 *.1.Anna Marie Larsd.Nordpoll

15/2 -1866 – 5/11-1886

12/6 -1892 *.2.Ingeborg Oline Danielsd.Venøy

(Venøy 81/2) 2/4 -1862 – 8/1 -1949

Barn:

1.Ane Helene Louise f.24/3 -1893 Elnesvågen i Fræna

2.Lars Elias Vilhelm f.11/2 -1895 Overtok bruket

3.Marie Dorthea f.17/4 -1896 Utflytt Sandane

4.Olaf Sigvald Vilhelm f.12/6 -1899 Nordpoll 84/5

5.Edvard Simon f. 1/8 -1902 Budde på bruket, ugift

6.Amanda Borghild f.19/8 -1908 Utflytt Bergen, ugift

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hans Rasmus Olson Håvik 25/1 -1858 – 22/5 -1949

Fekk skøyta i 1894 (Håvik 85/2)

2/7 -1893 *.Pauline Hansine Marie Rasmusd.Sjåstad

(Nedre Sjåstad 23/3) 6/12-1871 – 19/10-1938

 

Barn:

1.Reinhard Elias Daniel f.12/7 -1894 Overtok bruket

2.Oline Elsa f.19/7 -1895 Utflytt Bergen ugift

3.Paula Amalie f.24/1 -1897 - 3/2 -1897

4.Paula Dina Lovise f.29/4 -1898 Utflytt Smøla

5.Olav Andreas Mathias f. 2/7 -1901 Oreseter 88/4

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jan Petter for nye interessante meldingar!

 

Eg oppdagar eit par avvik når det gjeld Hans Rasmus og huslyden hans:

 

* Både FT1910 og kyrkjeboki for fødde i Selje (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2001&idx_id=2001&uid=ny&idx_side=-99) syner at Hans Rasmus var fødd 25.2.1858.

 

* Eg ser ogso at kona Pauline Hansine Marie ved FT1910 (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036738003537) har fødselsdatoen 6.12.1872, medan kyrkjeboki (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6922&idx_id=6922&uid=ny&idx_side=-15) har 6.12.1871. Her hadde eg feil dato med 4.12.1871.

 

* So seier du at Hans og Pauline budde på Håvik (bnr. 2), men FT1910 har dei vitterleg på Oresæter (bnr. 1). Kanskje budde dei båe stader?

 

Eg set òg pris på at du vil sjekka ut søsteri Ragnhild i Vågsøy. Eg visste ikkje at ho budde der...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk Lars for du gjorde meg oppmerksam på feil fødselsdato på Hans Rasmus. Når det gjeld kvar han budde, så er det Oreseter. Det som eg set i parantes er kvar dei er fødde. Altså er Hans fødd på (Håvik 85/2). Og det er heilt riktig som du seier at familia budde på Oreseter, gard nr 88 bruk nr 1

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet der eg framleis manglar opplysningar om Ragnhild Hanseline Olsdotter og mannen Bernt Pederson, busette på Reina i Selje - sidan Vågsøy - kor mange born dei fekk?

 

Som det går fram av innlegg #1 og #8 ovanfor, er sju born nemnde i FT1900, og dei ser ut til å vera fødde med ganske so jamne mellomrom, so truleg var det ikkje fleire fødde før hundreårsskiftet...(?).  Men kor mange var fødde seinare?  FT1910 syner eit nytt barn, Ragna, fødd i 1903 (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036738003770).  Skal me tru at Ragna var barn nummer åtte og yngst i søskenflokken?

 

Om nokon har oversikt over denne huslyden, ville eg setja stor pris på å verta orientert om dette.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har ikkje oversikt over husstanden, men Kristian Elias (fødd 1890) døydde berre 5 dagar gammal (nr. 1):

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Selje i Selje, Ministerialbok nr. B 1 (1881-1890), Døde og begravede 1890, side 174.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6923&idx_id=6923&uid=ny&idx_side=-149
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070115360781.jpg

 

Det vart døypt ein annan son med same namnet i 1891 (nr. 13):

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Vågsøy i Selje, Ministerialbok nr. C 2 (1889-1904), Fødte og døpte 1891, side 19.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2068&idx_id=2068&uid=ny&idx_side=-20
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050810050020.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er dødsmeldingen til Bernt P. Reinen: Død 16/9-1927

Kårmann Bernt P. Reinen   1854 Hustruen Ragnhild Olsdtr f. 1864, adr Almenning og fellesbarn: Petra Berntsdtr. F. 1886, Peder Berntsen f. 1888, Elias Berntsen f. 1893, Olaf Berntsen f. 1897, Malla Berntsdtr f. 1895, Ragna Berntsdtr f. 1903, alle adr. Almenning, Anna Berntsdtr f. 1900 gm Mindor Nord, adr Selje.

Her er dødsmeldingen til Ragnhild O. Reinen: Død 17/2-1950

 

Kårenke Ragnhild O. Reinen f. i Nordpoll, Selje Reinen 22.06.1861 Fellesbarn: 1. Petra Reinen f. 27/12-1885, adr. Flatraket, 2. Peder Reinen f. 18/7-1888, Flatraket, 3. Elias Reinen f. 1/3-1893, Flatraket, 4. Malla Drage f. 5/5-1895, Drage, 5. Olaf Reinen f. 17/8-1897, Flatraket, 6. Anna Nord f. 14/5-1900, Selje, 7. Ragna Strømmen f. 3/1-1903, Flatraket.

                      

 

Endret av Rune Bergesen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Inge og Rune for avklarande innlegg!  Etter dette slår eg meg til ro med at Ragnhild og Bernt i alt fekk NI born i lag.

 

Dette problemet er soleis løyst so langt som eg har behov for å følgja ætti.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.