Gå til innhold
Arkivverket

Sara Ørjensdotter - fødd i Kvamsøy 1802 - av omstreifarætt - kvar vart ho av?

Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ørjens Jørgenson, fødd på garden Uri i Luster i mai 1775, var opphavleg av vanleg bondeætt i Luster, men vart 21.8.1801 trulova (vigsli har eg aldri funne!) med Anna Jensdotter, fødd kring 1783 (dåpen har eg aldri funne!) av omstreifande foreldre Jens Christenson og Sara Svendsdotter, som dels hadde opphald på Tvingeborgneset under Sandvik i Luster. Ørjens og Anna var òg, i alle fall ei tid, reisande folk, og Ørjens skal ha vore hesteskjærar ulike stader utover Sognefjorden.

Parfolket fekk fire døtrer i lag, men to av dei døydde i ung alder. Dotteri Elisabeth Ørjensdotter (1799-1849) vart gift i 1846 med strandsitjar og enkjemann Lars Olson Mansverk i Solvorn, og so var det altso:

Sara Ørjensdotter, døypt i Kvamsøy 8.6.1802, oppkalla etter bestemori Sara Svendsdotter.

Liksom bestemori forsvinn frå bygdi etter 1801, vert òg Sara Ørjensdotter borte, og eg lurer på om ho kan ha slått lag med eitt eller anna reisande følgje og vorte ein del av det?

Eg er altso heilt "blank", men vonar at einkvan har høyrt gjete ho og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Med venleg helsing,

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars! Det omtrentlege fødselsåret du har på Anna Jensdotter, må vera riv ruskande galt. Var ho født ikring 1783, trur eg det skulle mykje til at ho fekk ei dotter i 1799, sjølv om det er teoretisk mogleg. Eg trur heller ho er den jenta Anna Malene som vart døypt i Gaular i 1771 som dotter til Sara Svendsdatter og ein jens som då var skriven som soldat. Beste helsing Arnvid L.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars,

da Anna ble forlovet i 1801, synes jeg det står Urias Jørgensen på hennes "bedre halvdel". Det samme synes jeg da datteren Sara ble døpt i 1802

Sogn og Fjordane fylke, Luster, Ministerialbok nr. A 1 (1731-1803), Fødte og døpte 1802, side 281.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11589&idx_id=11589&uid=ny&idx_side=-250

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070511680479.jpg

Dette er vel dåpen til datteren Anna i august 1807:

Sogn og Fjordane fylke, Luster, Ministerialbok nr. A 3 (1803-1821), Kronologisk liste 1807, side 70-71.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11590&idx_id=11590&uid=ny&idx_side=-36

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514610036.jpg

Familien i 1801 http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f18011426&personpostnr=1343&merk=134

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Arnvid og Grethe for spennande og nyttige innlegg!

Arnvid, du har sjølvsagt heilt rett i påstanden din! Eg ser no at Anna i 1801 var 30 år gamal og "sambuande" med Ørjens Jørgenson attmed halvsøsteri Mari Johannesdotter (gift med "Gryte-Per") og mori Sara, som då rett nok er nemnd Jensdotter i staden for Svendsdotter (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=9&filnamn=f18011426&gardpostnr=40&personpostnr=1342&merk=1342#ovre).

Orsaki til denne feilen i fødselsåret ligg nok i det faktum at Sara i 1782 gifte seg med Jens Christenson og den gongen tok det for gjeve at Anna var ektefødd... No vert dette retta opp!

Du veit vel ikkje kva lagnad denne Anna Malene Jensdotter fekk? Ørjens gifte seg att i Hafslo i 1833, og då var han enkjemann!

Når det gjeld skrivemåten av dette namnet Ørjens kontra Urias, so var nok Ørjens den vanlegaste formi i indre Sogn, men av ein eller annan grunn tok prestane sist på 1700-talet til å skriva Urias i staden for Ørjens. Men då Ørjens Jørgenson døydde i 1836, er han kalla Ørjas (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=HAFSDOD).

Liknande namneendring hadde me i indre Sogn når det gjeld namnet Salomon, som straks det flytte over fjorden til Lærdal og Årdal, vart til Samuel!

Elles er det framleis ein gåte kvar det vart av Sara Ørjensdotter...?

Med venleg helsing,

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du veit vel ikkje kva lagnad denne Anna Malene Jensdotter fekk? Ørjens gifte seg att i Hafslo i 1833, og då var han enkjemann!

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=3&filnamn=HAFSVI&gardpostnr=1785&merk=1785#ovre

Antakelig et skudd i blinde - Anne Malene Jensdatter, død 29.5.1832 i Sogndal - strandsitterkone, 66 år gammel (5 år eldre enn din Anne Malene):

Sogn og Fjordane fylke, Sogndal, Ministerialbok nr. A 10 (1821-1838), Døde og begravede 1832, side 255.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11660&idx_id=11660&uid=ny&idx_side=-219

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070515670617.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette er heilt utruleg. Eg snur berre ryggen til for å spisa ein briochette med fransk smalamjølkost med chili, og so har de, Grethe og Elin, funne svaret på heile problemet, både dødsfallet hennar Anna Malene og dødsfallet hennar Sara Ørjensdotter! Eg er skikkeleg imponert og takkar på det hjartelegaste for kjempefin innsats! Kva skulle eg ha gjort utan dykk?

Med venleg helsing,

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.